St.prp. nr. 38 (2005-2006)

Om utbygging og finansiering av riksveg 519 Fastlandssamband til Finnøy (Finnfast) i Rogaland, med tilknyting til Talgje (fylkesveg 606)

Til innhaldsliste

4 Lokalpolitisk behandling

Etter fullmakt frå kommunestyret fatta formannskapet i Finnøy 20. januar 2004 slikt vedtak:

«Realiseringa av Finnfast og tilhøyrande prosjekt slik som bru Nord-Talgje/Tjul innan utgangen av 2007 er det viktigaste tiltaket for å kunne nå dei mål kommunen har fastlagd i nyleg revidert kommuneplan. I det ein viser til saksutgreiinga frå rådmannen vil kommunen på det sterkaste be om at Alt. II i tilrådinga frå Vegvesenet blir vedtatt, då ein ser dette som det einaste realistiske alternativet for å kunne leggje grunnlaget for realiseringa av prosjektet innan utgangen av 2007. Ein ser på vedtak om fylkeskommunal garanti samt bruk av betinga refusjon som ein naturleg del av finansieringsalternativet.

Finnøy kommune vil på det sterkaste be om at tanken frå Rennesøy kommune om inndraging av ei av ferjene i det nordre Finnøy-sambandet blir heilt avvist.

For Finnøy kommune er det overmåte viktig at Byggekloss 3 – «Finnfast» – vert realisert som planlagt og snarast råd.

Finnøy kommune ser det som ynskjeleg at ein finn gode finansieringsløysingar som kan vere akseptable også for Rennesøy.

Finnøy kommune ser det som svært viktig at heile Ryfylkepakken, som inngår i vedteken Fylkesdelplan for areal og transport i Ryfylke, vert realisert innan den tidsramma som Fylkestinget vedtok i juni 2001.

Byggeklossane 2 og 3, Ryfast og Finnfast, er her sentrale og store prosjekt som vil vere svært viktige for ei positiv utvikling i heile Ryfylkeregionen.»

Kommunestyret i Rennesøy fatta 22. januar 2004 slikt vedtak:

«1. Rennesøy kommune er positiv til realisering av FinnFast innanfor den tidsplanen som er foreslått. Prosjektet er dokumentert samfunnsøkonomisk lønsamt. Stortinget er positivt til prosjektet og har tillate førehandsinnkrevjing av bompengar til planlegging.

2. Rennesøy kommune kan ikkje akseptere at innkrevjingsperioden for bompengar til RennFast blir forlenga for å delfinansiere eit anna vegprosjekt. Dette vert grunngjeve med følgjande:

a. Lovgrunnlaget – nytteprinsippet

§27 i veglova gir høve til innkrevjing av bompengar. I St. meld. nr. 32 (1988-89) «Norsk veg- og trafikkplan 1990-93» blir det sagt følgjande på s 95: «Veglovens § 27 må tolkes slik at det bare er adgang til å avkreve bompenger av de trafikantene som har nytte av brua eller vegstrekninga som blir bompengebelagt. Bomstasjonen bør plasseres slik at kun de trafikanter som får et konkret gode må betale.»

Prinsippet om at det er dei som har nytte av eit konkret prosjekt som skal betale bompengar, er også lagt til grunn i St. meld. nr. 46 (1990-91) «Om endring av rammebetingelsene for bompengeprosjekter.» Det blir her dessutan understreka at trafikantane må få større tryggleik for at prosjekt blir avvikla innan rimeleg tid, og at det såleis bør vere eigne punkt om dette i Stortinget sitt vedtak om kvart prosjekt. Desse prinsippa vart stadfesta både ved komitebehandlinga (Innst. S. nr. 16 (1991-92)) og ved behandlinga i Stortinget.

Også i St. meld. nr. 46 (1999-2000) «Nasjonal transportplan 2002-2011» finn ein nytteprinsippet stadfesta i kap 9.4, der det m.a. står: «Nytten for den enkelte bruker må stå i rimelig forhold til det brukeren må betale i bompenger.» Ved behandlinga i komiteen (Innst. S. nr. 119 (2000-2001) og i Stortinget blir dette ståande.

Rennesøy kommune forventar at ansvarlege politikarar følgjer lova.

b. Stortingsvedtaket om RennFast

Finansieringa av RennFast-prosjektet vart behandla i Stortinget i desember 1988, og eitt av punkta i vedtaket lyder slik: «Tungenes Ferjeterminal A/S gis adgang til oppkreving av forskottsbompenger på ferjesambandet Stavanger – Askje – Vikevåg fram til anlegget er ferdig og etterskottsbompenger på anlegget etter at dette er ferdig og satt under trafikk, til full finansiering av anlegget.» Dette punktet kan ikkje tolkast på annan måte enn at etterskottsbompengar kan krevjast inn berre til finansiering av RennFast-anlegget og berre til RennFast-anlegget er nedbetalt.

Som vist ovanfor, har Stortinget ved fleire høve stadfesta nytteprinsippet og såleis sett grenser for t.d. lokalpolitikarar sine ønskje om å endre spelereglane. Å fremje slike forslag vil svekkje tilliten til politikarar generelt og vil kunne skape presedens som vil undergrave bompengefinansiering som «dugnadsskatt» og supplement til offentlege løyvingar.

Rennesøy kommune viser til at offensivt pådrivararbeid frå eit samla politisk miljø her i kommunen m.a. opp mot naboparti langs heile E39, politiske parti på riksplan og Samferdslekomiteen på Stortinget for om lag tre år sidan, medverka til endra syn på statleg medfinansiering i ferjeavløysingsprosjekt. Dette har igjen medverka til at FinnFast-prosjektet kan bli tilført 134 mill. kr frå staten.

Rennesøy kommune meiner det bør vere råd å argumentere for å auke den statlege delen ved at dei reelle drifts-, vedlikehalds- og kapitalutgiftene etter ferjerokeringar i kvart einskild prosjekt blir lagde til grunn, og ikkje gjennomsnittlege kapitalkostnader, slik departementet vil gjere.

Etter Rennesøy kommune si vurdering er det mogleg å finne ytterlegare finansiering frå sparte ferjesubsidiar. Det vert vist til Transportplan for Ryfylke der det går fram at Nordre – Finnøysamband blir endra. I fylgje utrekningar frå Statens vegvesen kan dette gje innsparingar på 71 mill i kapitalkostnader over ein 15 – års periode.

I tillegg kan det sparast subsidiar til drift av sambandet. Dette krev noko planleggingsarbeid, ikkje minst i samarbeid med Finnøy kommune, før det er mogleg å fastslå nivået på innsparinga ved rasjonalisering av Nordre Finnøy - samband. Det må også finnast ei løysing for Foldøy.

Det vert vist til Transportplan for Ryfylke der bygging av hurtigbåtterminal på Judaberg er eit element. Hurtigbåtterminal legg til rette for eit kollektivknutepunkt her. Dette må føre til innsparte driftsutgifter til hurtigbåt som kan leggjast inn i finansieringa av FINNFAST.

Det er dokumentert at staten gjennom RennFast- og FinnFast-prosjekta vil spare brutto 1120 mill. kr til ferjesubsidiar over ein trettiårsperiode (1993 – 2022). Brukarane av prosjekta vil betale 1700 mill. kr i bompengar. Rennesøy-trafikken utgjer om lag 1/3 av trafikken i RennFast, og enkeltbedrifter i Rennesøy betalar ein forholdsvis stor del av dette. RennFast er ein føresetnad for realiseringa av FinnFast.

RennFast fekk eit rentefritt lån på 30 mill. kr frå KRD (statlege sysselsetjingsmidlar). Ved nedbetaling av dette lånet frå Tungenes ferjeterminal bør staten «omadressere» beløpet direkte til FinnFast som ein del av den statlege fullfinansieringa.

Rennesøy kommune meiner at staten må ta ansvar for å løyve minst 70 mill. kr til fullfinansiering av FinnFast.»

Rogaland fylkeskommune fatta følgjande vedtak i møte i fylkestinget 24. februar 2004:

«1. Fylkestinget anbefaler finansieringsplan for Finnfast, byggekloss 3 i Fylkesdelplan for areal og transport i Ryfylke, med følgende innhold:

Forhåndsbompenger på fergen:19 mill. kr
Netto innsparte ferjesubsidier:134 mill. kr
3-4 mnd. forlenget bompenge­innkreving, Sokn:30 mill. kr
Returbeløp fra Tungenes ferje­terminal til Staten:17 mill. kr
Bompenger til prosjektet:260 mill. kr
Sum:460 mill. kr

2. Fylkestinget slutter seg til en gjennomsnittlig bompengetakst på prosjektet på 137 kr, og forutsetter at enkelttakster utarbeides i henhold til takstretningslinjer for bompengeprosjekter.

3. Dersom returbeløpet vedr. Tungenes Ferjeterminal fra Staten ikke blir stilt til disposisjon for prosjektet forutsetter fylkestinget at bompengeinnkrevingen på Sokn blir forlenget tilsvarende. Tilsvarende forutsetter fylkestinget at hvis Staten sparer evt. andre ferjekostnader som følge av etableringen av Finnfast, så bør disse innarbeides i finansieringsplanen som alternativ til forlenget bompengeinnkreving på Sokn.

4. Fylkestinget anbefaler at dagpendlere fra Rennesøy kommune og Austre Åmøy får en ordning med redusert bompengebetaling i forlengelsesperioden, og at det settes et tak på kr. 1.000,- for disse dagpendlerne.

5. Rogaland fylkeskommune stiller garanti for bompengefinansiering knyttet til prosjektet etter ordningen for betinget refusjon.»

I samband med framlegginga av forslaget til handlingsprogram for perioden 2006-2015 la Statens vegvesen fram eit oppdatert kostnadsoverslag (styringsramme) på 500 mill. 2004-kr, omrekna til 522 mill. 2006-kr. Som følgje av den endra prosjektkostnaden sidan fylkestinget si behandling 24. februar 2004, behandla fylkestinget saka på nytt i møte 1. mars 2005 og gjorde slikt vedtak:

«1. Rogaland fylkeskommune anbefaler finansieringsplan for Finnfast, byggekloss 3 i Fylkesdelplan for areal og transport i Ryfylke, med følgende innhold:

Forhåndsbompenger på fergen:20 mill. kr
Netto innsparte ferjesubsidier:138 mill. kr
Statlige midler til øvrige riksveger:22 mill. kr
Returbeløp fra Tungenes ferjeterminal til Staten:17 mill. kr
5-6 mnd. forlenget bompenge­innkreving, Sokn:48 mill. kr
Bompenger til prosjektet:277 mill. kr
Sum:522 mill. kr

2. Rogaland fylkeskommune slutter seg til en gjennomsnittlig bompengetakst på prosjektet på 146 kr, og forutsetter at enkelttakster utarbeides i henhold til takstretningslinjer for bompengeprosjekter.

3. Rogaland fylkeskommune anbefaler at dagpendlere med personbil gjennom bomstasjonen på Sokn får en ordning med redusert bompengebetaling slik at denne for disse begrenses til kr.1000,- pr. måned i forlengelsesperioden.

4. Rogaland fylkeskommune stiller garanti for bompengefinansiering knyttet til prosjektet etter ordningen for betinget refusjon.

5. Rogaland fylkeskommune forutsetter at bompengeinnkrevingen på bomstasjonen på Sokn endelig avsluttes i tråd med fylkestingsvedtak 02/04 av 24.02.2004.»

Fylkeskommunen oversende fylkestinget sitt vedtak av 24. februar 2004 til Karmøy, Haugesund, Bokn, Tysvær og Stavanger kommunar. Ingen av desse kommunane har hatt kommentarer til vedtaket.

Fylkesutvalet behandla garantispørsmålet i møte 16. august 2005 og gjorde slikt vedtak:

«Rogaland fylkeskommune stiller fylkeskommunal garanti for bompengelånet på rv 519 Finnfast for et beløp opptil 500 mill. kr. Rogaland fylkeskommune legger videre til grunn ordningen om betinget refusjon og henviser her til tidligere vedtak gjort av fylkeskommunen 26.04 då. i forbindelse med sluttbehandlingen av handlingsprogrammet for Nasjonal transportplan 2006-2015.».