St.prp. nr. 4 (2002-2003)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 89/2002 av 25. juni 2002 om innlemming i EØS-avtala av europaparlaments- og rådsdirektiv 2001/86/EF av 8. oktober 2001 om utfylling av vedtektene for det europeiske selskapet med omsyn til innverknaden til arbeidstakarane

Til innhaldsliste

2 Nærmare om europaparlaments- og rådsdirektivet

Ved rådsforordning (EF) nr. 2157/2001 av 8. oktober 2001 om vedtektene for det europeiske selskap vert det innført ei ny felles europeisk selskapsform som er basert på at slike selskap skal kunne skipast etter dei same reglane utan omsyn til kva land selskapet er registrert i.

Føremålet med direktiv 2001/86/EF om utfylling av vedtektene for det europeiske selskapet med omsyn til innverknaden til arbeidstakarane er å regulere innverknaden til arbeidstakarane i slike selskap. Gjennom reglane om medinnverknad vert arbeidstakarane sikra bedriftsdemokratiske rettar på arbeidsplassen slik at dei får høve til å påverke viktige avgjerder som vert tekne i samband med forvaltinga av selskapet.

I medhald av artikkel 3 i direktivet skal det, når det vert planlagt å skipe eit europeisk selskap, så snøgt som råd setjast i gang forhandlinger med dei tilsette om medinnverknad i det europeiske selskapet. I samband med dette skal det skipast eit særskilt forhandlingsorgan som omfattar representantar for dei tilsette frå selskapa som tek del i skipinga av det europeiske selskapet. Føremålet med skipinga av dette forhandlingsorganet er å forhandle fram ei avtale med leiinga i selskapet om medinnverknad i det europeiske selskapet. Det er ein føresetnad for skipinga av eit europeisk selskap at ordningane for medinnverknad for dei tilsette er klarlagde.

Avtala skal ikkje innebere dårlegare ordningar for medinnverknad i eit europeisk selskap enn det dei tilsette i dei deltakande selskapa hadde før skipinga av det europeiske selskapet, med mindre eit kvalifisert fleirtal av dei tilsette er samde i dette. Avtala skal regulere retten dei tilsette har til informasjon, konsultasjon og medinnverknad (representasjon i styrande organ) i selskapet. Dersom det ikkje vert gjort ei avtale om medinnverknad, vil eit sett standardføresegner verte nytta. Standardføresegnene er fastsette i direktivet, der det òg vert gjeve nærmare reglar om informasjon, konsultasjon og medinnverknad. Det kan på visse vilkår gjerast avtale om i staden å nytte dei gjeldande reglane for informasjon og konsultasjon i dei landa der det europeiske selskapet har tilsette.

Til forsida