St.prp. nr. 4 (2002-2003)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 89/2002 av 25. juni 2002 om innlemming i EØS-avtala av europaparlaments- og rådsdirektiv 2001/86/EF av 8. oktober 2001 om utfylling av vedtektene for det europeiske selskapet med omsyn til innverknaden til arbeidstakarane

Til innhaldsliste

4 Tilhøvet til norsk rett

I norsk rett er det ingen føresegner som sikrar medinnverknaden til arbeidstakarane i eit europeisk selskap slik dei er gjort greie for i direktivet. Gjennomføringa av direktivet krev difor ei lovendring. Korleis direktivet nærmare skal gjennomførast er enno ikkje endeleg avklart. Fleire alternative gjennomføringsmåtar kan vere aktuelle. Gjennomføringa av direktivet må sjåast i samanheng med gjennomføringa av forordninga om det europeiske selskapet. Dersom forordninga skal gjennomførast i norsk rett som ei eiga lov, vil det vere naturleg å gjennomføre direktivet i eller i medhald av denne lova. Det tilsvarende kan tenkjast dersom forordninga skal gjennomførast gjennom endring i aksjelovgjevinga.

Arbeids- og administrasjonsdepartementet tek del i ei ekspertgruppe som er oppnemnd av Kommisjonen, og som har sett seg føre å klarleggje innhaldet i direktivet. Aktuelle gjennomføringsmåtar er blant dei tema som skal takast opp til diskusjon. Det er naturleg at ein ved val av gjennomføringsmåte tek omsyn til korleis dette vert gjort i andre europeiske land.

Til forsida