St.prp. nr. 4 (2002-2003)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 89/2002 av 25. juni 2002 om innlemming i EØS-avtala av europaparlaments- og rådsdirektiv 2001/86/EF av 8. oktober 2001 om utfylling av vedtektene for det europeiske selskapet med omsyn til innverknaden til arbeidstakarane

Til innhaldsliste

3 Avgjerda i EØS-komiteen

Avgjerd i EØS-komiteen nr. 89/2002 av 25. juni 2002 inneheld ei innleiing og fire artiklar. I innleiinga vert det vist til EØS-avtala og særleg til artikkel 98, som gjer det mogleg å endre vedlegga til avtala gjennom avgjerd i EØS-komiteen.

Artikkel 1 slår fast at europaparlaments- og rådsdirektiv 2001/86/EF om utfylling av vedtektene for det europeiske selskapet med omsyn til innverknaden til arbeidstakarane skal takast inn i vedlegg XVIII til EØS-avtala som nytt nr. 32e.

Artikkel 2 slår fast at teksta til europaparlaments- og rådsdirektiv 2001/86/EF på islandsk og norsk, som vil verte kunngjord i EØS-tillegget til Tidend for Dei europeiske fellesskapa, skal vere gyldig.

Artikkel 3 slår fast at avgjerda skal gjelde frå 26. juni 2002 på det vilkåret at EØS-komiteen har motteke alle meldingar etter artikkel 103 nr. 1 i avtala.

Artikkel 4 slår fast at avgjerda skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Dei europeiske fellesskapa.

Til forsida