St.prp. nr. 4 (2007-2008)

Sendetid i lokalradio

Til innhaldsliste

2 Nye sendetidsreglar

I dag skjer delinga av sendetid ved at dei konsesjonærane som deler sendarnett, blir samde om delinga. Blir dei ikkje det, er Medietilsynet klageinstans. Røynslene med denne ordninga syner at ho m.a. fører til mange konflikter. Ordninga gir heller ikkje alltid optimale resultat, sjølv etter klagehandsaming.

Tabell 2.1 Hovudprinsippa for deling av sendetid i lokalradio

Konsesjonstype1 sendarnett2 sendarnett3 eller fleire sendarnett
Vanleg konsesjonKonsesjonærane får rett til minst 12 timar samanhengande attraktiv sendetid på kvardagar.Konsesjonærane får rett til minst 12 timar samanhengande attraktiv sendetid på kvardagar.
24/7 konsesjonEin konsesjonær disponerer all sendetida på eitt sendarnett.Ein eller fleire konsesjonærar disponerer all sendetida på eitt eller fleire sendarnett.
NisjeradioNisjeradioar deler resten av sendetida.Nisjeradioar deler all sendetida på eitt sendarnett.Nisjeradioar deler resten av sendetida.

I St.meld. nr. 30 (2006–2007) Kringkasting i en digital fremtid har departementet gjort greie for dei sentrale måla for den nye konsesjonsperioden, jf. meldingas pkt. 5.2.3. Det er òg gjort greie for dei ulike typane konsesjonar som vil bli kunngjort og delte ut i den nye konsesjonsperioden, jf. meldingas pkt. 5.2.4.

I konsesjonsperioden som tek til 1. juli 2008 vil det vere tre hovudkategoriar konsesjonar:

  1. Vanlege konsesjonar (allmennradio med krav om lokalt innhald).

  2. Døgnkontinuerleg radio med krav til lokalt innhald; såkalla 24/7-radioar.

  3. Nisjeradioar.

Tabellen over syner hovudprinsippa for deling av sendetid mellom dei ulike radiokategoriane i konsesjonsområde med eitt, to, og tre eller fleire sendarnett. Hovudprinsippa har vore på brei høyring.

Dei nye prinsippa for sendetidsdeling vil gi lokalradioane betre rammevilkår. Det er viktig å sikre at radioar med vanleg konsesjon får eit tilstrekkeleg driftsgrunnlag ved at dei får rett til eit minimum av samanhengande attraktiv sendetid på kvardagar. Økonomien i bransjen har vore og er svak. Berre i nokre få område har det til no vore mogleg å drive med lønsemd. Dei nye prinsippa for sendetidsdeling vil kunne bidra til å rette dette opp.

Dei nye prinsippa gjer at det i konsesjonsområde med berre eitt sendarnett ikkje vil vere mogleg å sikre nisjeradioane sendetid mellom kl. 06.00 og 18.00 dersom ein samstundes skal sikre forsvarleg drift av vanleg radio. Opplysingar frå Medietilsynet og Norsk Lokalradioforbund syner at det berre vil vere nokre få konsesjonsområde der nisjeradioane ikkje vil vere sikra sendetid mellom kl. 06.00 og 18.00. Hovudregelen vil såleis vere at delinga av sendetid framleis vil vere i samsvar med Stortingets vedtak av 13. juni 2005.

Kultur- og kyrkjedepartementet gjer på grunnlag av dette framlegg om at Stortingets vedtak blir oppheva.

Til forsida