St.prp. nr. 40 (2005-2006)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 65/2005 av 29. april 2005 om innlemming i EØS-avtala av direktiv om marknader for finansielle instrument (verdipapirmarknadsdirektivet)

Til innhaldsliste

4 Tilhøvet til norsk rett

Det nye direktivet inneber at det må gjerast ei rekkje lovendringar, i hovudsak i lov av 19. juni 1997 nr. 79 om verdipapirhandel (verdipapirhandellova), men òg i lov av 17. november 2000 nr. 80 om børsverksemd m.m. (børslova), lov av 7. desember 1956 nr. 1 om tilsynet for kredittinstitusjonar, forsikringsselskap og verdipapirhandel osv. (kredittilsynslova) og eventuelt i lov av 17. desember 1999 nr. 95 om betalingssystem osv. (betalingssystemlova). Finansdepartementet vil fremme ein eigen Ot.prp. med dei nødvendige endringane.