St.prp. nr. 40 (2005-2006)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 65/2005 av 29. april 2005 om innlemming i EØS-avtala av direktiv om marknader for finansielle instrument (verdipapirmarknadsdirektivet)

Til innhaldsliste

5 Økonomiske og administrative konsekvensar

Gjennomføringa i norsk rett er ikkje venta å medføre vesentlege økonomiske eller administrative konsekvensar for det offentlege. Kredittilsynet vil få ein styrkt funksjon som overvakande og førebyggjande organ, og det vil kunne oppstå fleire tilfelle av plikt til informasjonsutveksling mellom tilsynsstyresmakter i dei ulike medlemsstatane. Dette kan føre til ei viss auke i kostnadene til det offentlege.

Gjennomføringa av direktivet er venta å føre til nokre kostnader for næringslivet i tilknyting til tilpassinga til dei nye reglane, medrekna vidareutvikling av interne kontrollrutinar osv.