St.prp. nr. 42 (2001-2002)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 123/2001 om innlemming av europaparlaments- og rådsdirektiv 98/30/EF om felles regler for det indre marked for naturgass (gassmarknadsdirektivet) i vedlegg IV til EØS-avtala (Energi)

Til innhaldsliste

8 Konklusjon

Gassmarknadsdirektivet er ein del av den nye sekundærlovgjevinga som er vedteken i EU for å skipe den indre gassmarknaden. Det er ein føresetnad at slik sekundærlovgjeving òg vil bli gjort til ein del av EØS-avtala. Som ledd i det innbyrdes samarbeidet i EØS går Regjeringa inn for at gassmarknadsdirektivet vert innlemma i EØS-avtala.

Når det gjeld nedstraumsreglane (alle føresegnene bortsett frå artikkel 23), kan direktivet gjennomførast i norsk lovgjeving ved endringar i eksisterande lovgjeving eller ved ei eiga gjennomføringslov med tilhøyrande forskrift. Når det gjeld oppstraumsreglane, kan direktivet gjennomførast med einskilde endringar i petroleumslova og petroleumsforskrifta.

Den vidare utviklinga av ein norsk gassmarknad vil såleis måtte finne stad innanfor ramma av reglane i direktivet. Oppstraumsreglane i direktivet vil heller ikkje føre til større endringar i norsk petroleumspolitikk.

Olje- og energidepartementet rår på dette grunnlaget til at Noreg godkjenner avgjerda i EØS-komiteen om å gjere gassmarknadsdirektivet til ein del av EØS-avtala. Utanriksdepartementet er samd i dette.