St.prp. nr. 43 (2001-2002)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 139/2001 av 9. november 2001 om innlemming av europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 1980/2000 om ei revidert fellesskapsordning for tildeling av miljømerke i EØS-avtala

Til innhaldsliste

2 Europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 1980/2000 av 17. juli 2000 om ei revidert fellesskapsordning for tildelingav miljømerke

EUROPAPARLAMENTET OG RÅDET FOR DEN EUROPEISKE UNIONEN HAR -

med tilvising til traktaten om skipinga av Det europeiske fellesskapet, særleg artikkel 175 nr. 1,

med tilvising til framlegget frå Kommisjonen 1

,

med tilvising til fråsegna frå Økonomi- og sosialutvalet 2

,

etter samråd med Regionutvalet,

etter den framgangsmåten som er fastsett i artikkel 251 i traktaten 3

, og

ut frå desse synsmåtane:

  1. Målet med rådsforordning (EØF) nr. 880/92 av 23. mars 1992 om en fellesskapsordning for tildeling av miljømerke 4

    var å skipe ei frivillig fellesskapsordning for miljømerking med sikte på å fremje produkt som har redusert innverknad på miljøet gjennom heile levetida si, og å gje forbrukarane nøyaktige, ikkje-villeiande og vitskapleg underbygde opplysningar om dei innverknadene som produkta har på miljøet.

  2. I artikkel 18 i forordning (EØF) nr. 880/92 er det fastsett at Kommisjonen seinast fem år etter at forordninga har teke til å gjelde, skal vurdere ordninga i lys av dei røynslene som er gjorde med bruken av henne, og gjere framlegg om føremålstenlege endringar av forordninga.

  3. Dei røynslene som er gjorde i samband med gjennomføringa av forordninga, har gjort det naudsynt å endre ordninga for å gjere henne meir effektiv, betre planlegginga av henne og forenkle bruken av henne.

  4. Dei grunnleggjande måla med ei valfri og utveljande fellesskapsordning for tildeling av miljømerke gjeld framleis. Ei slik tildelingsordning bør gje forbrukarane rettleiing om produkt som kan redusere innverknadene på miljøet gjennom heile levetida si, og gje opplysningar om dei miljømessige eigenskapane til produkt som er tildelte merket.

  5. For at ålmenta skal godta fellesskapsordninga for tildeling av miljømerke, er det særs viktig at ikkje-statlege organisasjonar på miljøområdet og forbrukarorganisasjonar spelar ei viktig rolle og tek aktivt del i utarbeidinga og fastsetjinga av kriterium for tildeling av fellesskapsmiljømerket.

  6. Det er naudsynt å forklare forbrukarane at miljømerket representerer produkt som kan redusere visse negative innverknader på miljøet jamført med andre produkt i den same gruppa, utan at det rører ved dei føresegnene som gjeld for produkta på fellesskapsplan eller på nasjonalt plan.

  7. Verkeområdet til ordninga bør omfatte produkt og miljøfaktorar som er av interesse både når det gjeld den indre marknaden og miljøet. For føremåla med denne forordninga bør «produkt» òg omfatte tenester.

  8. Framgangsmåtane og metodane for fastsetjing av kriterium for tildeling av miljømerke bør ajourførast i lys av den vitskaplege og tekniske utviklinga og dei røynslene som er gjorde på dette området, og for å sikre at det er samanheng med relevante internasjonalt godkjende standardar som vert utarbeidde på dette området.

  9. For å gjere det mogleg å gjennomføre ordninga på ein konsekvent og effektiv måte bør prinsippa for fastsetjing av nivået for utveljing med omsyn til miljømerket klargjerast.

  10. Miljømerket bør innehalde enkle, nøyaktige, ikkje-villeiande og vitskapleg underbygde opplysningar om dei viktigaste miljøfaktorane som det vert teke omsyn til ved tildelinga av merket, slik at forbrukarane kan gjere godt underbygde val.

  11. For å sikre ein effektiv bruk av ressursar og eit høgt nivå for miljøvern bør det gjerast ein innsats på dei ulike stega i tildelinga av miljømerket.

  12. For å hjelpe forbrukarane til å forstå kor viktig tildelinga er, bør det gjevast fleire opplysningar på merket om kvifor merket er vorte tildelt.

  13. På lang sikt bør ordninga for tildeling av miljømerke i hovudsak vere sjølvfinansierande. Dei finansielle tilskota frå medlemsstatane bør ikkje auke.

  14. For å sikre ei effektiv og nøytral gjennomføring av ordninga er det naudsynt å overlate til eit høveleg organ, Utvalet for miljømerking i Den europeiske unionen (EUEB), å medverke til fastsetjing og revisjon av kriteria for tildeling av miljømerke og av krava til vurdering og kontroll. EUEB bør omfatte dei rette organa som alt er utpeikte av medlemsstatane i samsvar med artikkel 9 i forordning (EØF) nr. 880/92, og eit samrådsforum som skal sikre ei balansert deltaking av alle dei partane som det gjeld.

  15. Det bør sikrast samsvar med og samordning mellom fellesskapsordninga for tildeling av miljømerke og dei fellesskapspolitiske prioriteringane på miljøområdet og andre fellesskapsordningar for merking og kvalitetssertifisering, som t.d. dei som er fastsette i rådsdirektiv 92/75/EØF av 22. september 1992 om angivelse av husholdningsapparaters energi- og ressursforbruk ved hjelp av merking og standardiserte vareopplysninger 5

    og rådsforordning (EØF) nr. 2092/91 av 24. juni 1991 om økologisk produksjonsmetode for landbruksprodukter og slik angivelse på landbruksprodukter og næringsmidler 6

    .

  16. Både eksisterande og nye ordningar for miljømerking i medlemsstatane kan framleis nyttast, men det bør fastsetjast føresegner for å sikre at det er samordning mellom ordninga for tildeling av fellesskapsmiljømerket og andre eksisterande ordningar for miljømerking i Fellesskapet, for såleis å fremje dei felles måla om eit berekraftig forbruk.

  17. For å lette tilgangen til og deltakinga i ordninga for produsentar og eksportørar frå tredjestatar er det naudsynt å sikre at det er klarleik i gjennomføringa av ordninga, og at det er samsvar med relevante internasjonale standardar.

  18. Dei tiltaka som er naudsynte for gjennomføringa av denne forordninga, bør vedtakast i samsvar med rådsbeslutning 1999/468/EF av 28. juni 1999 om fastsettelse av nærmere regler for utøvelsen av den gjennomføringsmyndighet som er tillagt Kommisjonen 7

    .

  19. Av dei grunnane som er nemnde ovanfor, bør forordning (EØF) nr. 880/92 bytast ut med denne forordninga, slik at dei reviderte føresegnene kan innførast på ein mest mogleg effektiv måte, samstundes som høvelege overgangsføresegner sikrar kontinuitet og ein smidig overgang mellom dei to forordningane -

VEDTEKE DENNE FORORDNINGA:

Artikkel 1

Mål og prinsipp

  1. Målet med fellesskapsordninga for tildeling av miljømerke (heretter kalla «ordninga») er å fremje dei produkta som kan redusere visse negative innverknader på miljøet jamført med andre produkt i den same gruppa, for såleis å medverke til ein effektiv bruk av ressursar og eit høgt nivå for miljøvern. Dette målet skal nåast ved å gje forbrukarane nøyaktige, ikkje-villeiande og vitskapleg underbygde opplysningar om slike produkt.

    For føremåla med denne forordninga

    • omfattar ordet «produkt» alle varer og tenester,

    • omfattar ordet «forbrukar» profesjonelle kjøparar.

  2. Innverknadene på miljøet skal fastsetjast på grunnlag av gransking av vekselverknadene mellom produkta og miljøet, medrekna bruken av energi og naturressursar gjennom levetida til produktet.

  3. Deltaking i ordninga skal ikkje røre ved miljøkrav eller ved andre fellesskapsforskrifter eller nasjonale forskrifter som gjeld for dei ulike stadia i levetida til varer og eventuelt tenester.

  4. Ordninga skal gjennomførast i samsvar med føresegnene i traktatane, medrekna føre-var-prinsippet, og med rettsakter som er vedtekne i medhald av traktatane og fellesskapspolitikken på miljøområdet, slik det er gjort greie for i fellesskapsprogrammet for politikk og tiltak på området miljø og berekraftig utvikling (det femte handlingsprogrammet), som vart skipa ved resolusjon av 1. februar 1993 8

    , og skal samordnast med andre reglar formerking eller kvalitetssertifisering og med andre ordningar, som t.d. særleg fellesskapsordninga for energimerking, som vart innførd ved direktiv 92/75/EØF, og ordninga for økologisk landbruk, som vart innførd ved forordning (EØF) nr. 2092/91.

Artikkel 2

Verkeområde

  1. Fellesskapsmiljømerket kan tildelast produkt som er tilgjengelege i Fellesskapet, og som stettar dei viktigaste miljøkrava som er nemnde i artikkel 3, og kriteria for tildeling av miljømerke som er nemnde i artikkel 4. Kriteria for tildeling av miljømerke skal fastsetjast for kvar produktgruppe.

    «Produktgruppe» tyder varer eller tenester som tener det same føremålet, og som er jamgode med omsyn til korleis forbrukarane nyttar eller oppfattar dei.

  2. For å ta del i denne ordninga må ei produktgruppe stette desse vilkåra:

    1. ho må utgjere ein monaleg del av salet og handelen i den indre marknaden,

    2. ho skal, på eitt eller fleire stadium i levetida til produktet, ha ein monaleg innverknad på miljøet på verdsplan eller på regionalt plan og/eller på eit allment plan,

    3. ho skal ha eit monaleg potensial for å betre miljøet som følgje av valet til forbrukarane, og oppmuntre produsentar eller tenesteytarar til å søkje konkurranseføremoner ved å tilby produkt som stettar krava til miljømerket, og

    4. ein monaleg del av salsvolumet skal seljast til konsum eller sluttbruk.

  3. Ei produktgruppe kan delast inn i undergrupper med ei tilsvarande tilpassing av kriteria for tildeling av miljømerke dersom eigenskapane til produkta krev det, og for å sikre at potensialet til miljømerket med omsyn til betring av miljøet vert utnytta på best mogleg måte.

    Kriteria for tildeling av miljømerke for dei ulike undergruppene i ei produktgruppe, som er omfatta av det kriteriedokumentet som er offentleggjort i samsvar med artikkel 6 nr. 5, skal nyttast frå det same tidspunktet.

  4. Miljømerket kan ikkje tildelast stoff eller preparat som er klassifiserte som svært giftige, giftige, miljøfarlege, kreftframkallande, reproduksjonstoksiske eller mutagene i samsvar med rådsdirektiv 67/548/EØF 9

    eller europaparlaments- og rådsdirektiv 1999/45/EF 10

    , eller produkt som er framstilte på måtar som kan føre til vesentleg skade på menneske og/eller miljøet, eller som under normale brukstilhøve kan vere skadelege for forbrukaren.

  5. Denne forordninga skal ikkje nyttast på næringsmiddel, drikkar og lækjemiddel eller på medisinsk utstyr slik det er definert ved rådsdirektiv 93/42/EØF 11

    , som berre er meint til yrkesbruk, eller som skal skrivast ut eller overvakast av medisinsk personell.

Artikkel 3

Miljøkrav

  1. Miljømerket kan tildelast eit produkt som har eigenskapar som gjer at det medverkar til ei monaleg betring av dei viktigaste miljøfaktorane som har samband med dei måla og prinsippa som er fastsette i artikkel 1. Desse miljøfaktorane skal fastsetjast i lys av det rettleiande vurderingsskjemaet i vedlegg I, og skal stette dei krava til metode som er oppførde i vedlegg II.

  2. Følgjande føresegner skal nyttast:

    1. Under vurderinga av dei betringane som kan jamførast, skal det takast omsyn til nettobalansen mellom føremonene og pårøyningane for miljøet, medrekna helse- og tryggleiksaspekta, i samband med tilpassingane gjennom dei ulike stadia i levetida til dei aktuelle produkta. Vurderinga skal òg ta omsyn til eventuelle føremoner for miljøet i samband med bruken av dei aktuelle produkta.

    2. Dei viktigaste miljøfaktorane skal fastsetjast ved å identifisere dei kategoriane av innverknad på miljøet der det produktet som vert vurdert, utgjer den største medverknaden når det gjeld heile levetida, og blant desse faktorane å identifisere dei som har eit monaleg betringspotensial.

    3. Føreproduksjonsstadiet i levetida til varer omfattar utvinning eller framstilling og foredling av råstoff, og dessutan energiproduksjon. Det skal takast omsyn til desse faktorane så langt det er teknisk mogleg.

Artikkel 4

Kriterium for tildeling av miljømerke og krav til vurdering og kontroll

  1. Det skal fastsetjast særlege kriterium for tildeling av miljømerke for kvar produktgruppe. Desse kriteria omfattar dei krava som eit produkt må stette for å få tildelt miljømerket med omsyn til kvar einskild av dei viktigaste miljøfaktorane som er nemnde i artikkel 3, medrekna krav som gjeld dugleiken til produktet med omsyn til å stette krava til forbrukarane.

  2. Målet med kriteria er å sikre at produkta vert valde ut på grunnlag av følgjande prinsipp:

    1. Utsiktene som produktet har til å trengje inn på marknaden i Fellesskapet i det tidsrommet som kriteria gjeld for, skal vere tilstrekkelege til at det valet forbrukarane gjer, kan føre til betring av miljøet.

    2. Ved utveljinga av kriterium skal det takast omsyn til om det teknisk og økonomisk er mogleg å gjennomføre dei tilpassingane som er naudsynte for å stette dei innan ein rimeleg frist.

    3. Kriteria skal veljast ut med sikte på å oppnå ei størst mogleg betring av miljøet.

  3. Krava til vurdering av samsvaret mellom spesifikke produkt og kriteria for tildeling av miljømerke og til kontroll av dei vilkåra for bruk av miljømerket som er nemnde i artikkel 9 nr. 1, skal fastsetjast for kvar produktgruppe saman med kriteria for tildeling av miljømerke.

  4. Tidsrommet som kriteria skal gjelde for, og krava med omsyn til vurdering og kontroll, skal fastsetjast for kvart sett med kriterium for tildeling av miljømerke og for kvar produktgruppe.

Både kriteria for tildeling av miljømerke og krava med omsyn til vurdering og kontroll i samband med kriteria skal vurderast på nytt i god tid før slutten av det tidsrommet som dei kriteria som er spesifiserte for kvar produktgruppe, gjeld for, og vurderinga skal føre til eit framlegg om lenging, tilbakekalling eller revisjon.

Artikkel 5

Arbeidsplan

I samsvar med dei måla og prinsippa som er fastsette i artikkel 1, skal Kommisjonen, innan eitt år frå den dagen denne forordninga tek til å gjelde, fastsetje ein arbeidsplan for fellesskapsmiljømerket etter å ha rådspurt Utvalet for miljømerking i Den europeiske unionen, heretter kalla «EUEB», som er oppnemnt ved artikkel 13 i samsvar med framgangsmåten i artikkel 17. Arbeidsplanen skal omfatte ein strategi for utviklinga av ordninga som for dei tre etterfølgjande åra bør innehalde:

  • dei måla med omsyn til betring av miljøet og til å trengje inn på marknaden som det vert teke sikte på å nå med ordninga,

  • ei ikkje-uttømmande liste over produktgrupper som skal prioriterast i samband med fellesskapstiltak,

  • planar med omsyn til samordning og samarbeid mellom fellesskapsordninga og andre ordningar for tildeling av miljømerke i medlemsstatane.

Arbeidsplanen skal ta særleg omsyn til utarbeidinga av felles tiltak for å fremje dei produkta som har fått tildelt miljømerket, og skipinga av ei ordning for utveksling av informasjon om eksisterande og framtidige produktgrupper på nasjonalt plan og på EU-plan.

Arbeidsplanen skal likeleis innehalde tiltak for gjennomføring av strategien, medrekna den planlagde finansieringa av ordninga.

Han skal òg opplyse om kva tenester ordninga ikkje gjeld for, samstundes som det vert teke omsyn til europaparlaments- og rådsforordninga om frivillig deltaking for organisasjonar i fellesskapsordninga for miljøstyring og miljørevisjon (EMAS).

Arbeidsplanen skal reviderast jamleg. Den første revisjonen av planen skal omfatte ein rapport om korleis planane for samordning og samarbeid mellom fellesskapsordninga og dei nasjonale ordningane for miljømerking er vortne gjennomførde.

Artikkel 6

Framgangsmåte for fastsetjing av kriterium for tildeling av miljømerke

  1. Vilkåra for tildeling av miljømerke skal fastsetjast for kvar produktgruppe.

    Dei særskilte miljøkriteria for kvar produktgruppe og dei høvesvise tidsromma som dei skal gjelde for, skal fastsetjast i samsvar med den framgangsmåten som er fastsett i artikkel 17, etter samråd med EUEB.

  2. Kommisjonen skal innleie framgangsmåten på eige initiativ eller etter oppmoding frå EUEB. Han skal gje EUEB mandat til å utarbeide og jamleg revidere kriteria for tildeling av miljømerke, saman med dei krava til vurdering og kontroll som er knytte til desse kriteria, og som gjeld for dei produktgruppene som høyrer inn under verkeområdet til denne forordninga. Mandatet skal innehalde ein frist for avslutninga av arbeidet.

    Ved utarbeidinga av mandatet skal Kommisjonen ta tilbørleg omsyn til

    • arbeidsplanen som er fastsett i artikkel 5,

    • krava til metode som er nemnde i vedlegg II.

  3. På grunnlag av dette mandatet skal EUEB utarbeide eit utkast til dei kriteria for tildeling av miljømerke som skal nyttast på produktgruppa, og dei krava til vurdering og kontroll som er knytte til desse kriteria, slik det er fastsett i artikkel 4 og i vedlegg IV, samstundes som det vert teke omsyn til resultata av føregranskingar og marknadsgranskingar, til vurderingar med omsyn til levetid og til betringsanalysen, som er nemnde i vedlegg II.

  4. Kommisjonen skal få melding om det utkastet til kriterium som er nemnt i nr. 3, og avgjere

    • om mandatet er vorte stetta, og om utkastet til kriterium kan leggjast fram for forskriftsutvalet i samsvar med artikkel 17, eller

    • om mandatet ikkje er vorte stetta, og om EUEB i så fall skal halde fram med arbeidet sitt med utkast til kriterium.

  5. Kommisjonen skal offentleggjere kriteria for tildeling av miljømerke og ajourføringane av dei i Tidend for Dei europeiske fellesskapa(L-serien).

Artikkel 7

Tildeling av miljømerke

  1. Søknader om tildeling av miljømerke kan sendast inn av produsentar, importørar, tenesteytarar, forhandlarar og detaljistar. Forhandlarar og detaljistar kan sende inn søknad berre for produkt som vert marknadsførde under sitt eige varenamn.

  2. Søknaden kan gjelde eit produkt som vert marknadsført under eitt eller fleire varenamn. Det er ikkje naudsynt å sende inn ein ny søknad dersom endringane i eigenskapane til produktet ikkje påverkar samsvaret med kriteria. Det skal likevel meldast frå til dei rette organa om viktige endringar.

  3. Søknaden skal sendast til eit rett organ i samsvar med følgjande føresegner:

    1. dersom eit produkt har opphavet sitt i éin einskild medlemsstat, skal søknaden sendast til det rette organet i denne medlemsstaten,

    2. dersom eit produkt har opphavet sitt i den same forma i fleire medlemsstatar, kan søknaden sendast til eit rett organ i ein av desse medlemsstatane. I slike tilfelle skal det rette organet ved vurderinga av søknaden rådspørje dei rette organa i desse andre medlemsstatane,

    3. dersom eit produkt har opphavet sitt utanfor Fellesskapet, kan søknaden sendast til eit rett organ i ein av dei medlemsstatane der produktet skal marknadsførast eller vert marknadsført.

  4. Dersom kriteria for tildeling av miljømerket krev at produksjonsanlegga skal stette visse krav, må desse krava stettast i alle produksjonsanlegga der produktet vert framstilt.

  5. Dei rette organa skal godkjenne prøvingar og kontrollar som vert utførde av organ som er godkjende etter standardane i EN 45 000-serien eller tilsvarande internasjonale standardar. Dei rette organa skal samarbeide for å sikre ei effektiv og einsarta gjennomføring av framgangsmåtane for vurdering og kontroll.

Artikkel 8

Miljømerket

Forma til miljømerket skal vere i samsvar med føresegnene i vedlegg III. Spesifikasjonane for dei miljøopplysningane som gjeld for kvar produktgruppe og for oppføringa av desse opplysningane på miljømerket, skal vere ein del av dei kriteria som er nemnde i artikkel 6. Opplysningane skal vere klare og forståelege i kvart tilfelle.

Kommisjonen skal innan 24. september 2005 rådspørje nasjonale forbrukarsamanslutningar som er representerte i det forbrukarutvalet som vart skipa ved kommisjonsavgjerd 95/260/EF 12

, for å vurdere kor effektivt miljømerket og tilleggsopplysningane stettar krava med omsyn til forbrukarinformasjon. På grunnlag av denne vurderinga skal Kommisjonen eventuelt innføre føremålstenlege endringar med omsyn til kva opplysningar som bør førast opp på miljømerket, i samsvar med den framgangsmåten som er fastsett i artikkel 17.

Artikkel 9

Bruksvilkår

  1. Det rette organet skal gjere avtale om bruksvilkåra for merket med den som søkjer om tildeling av miljømerke. Desse vilkåra skal omfatte føresegner om tilbakekalling av løyvet til å nytte merket. Løyvet skal vurderast på nytt, og avtala eventuelt vurderast på nytt eller seiast opp etter kvar revisjon av dei kriteria for tildeling av miljømerke som gjeld for eit nemnt produkt. I avtala skal det fastsetjast at deltaking i ordninga ikkje skal røre ved miljøkrav eller ved andre fellesskapsforskrifter eller nasjonale forskrifter som gjeld for dei ulike stadia i levetida til varer og eventuelt tenester.

    For å gjere dette enklare skal det vedtakast ei standardavtale i samsvar med den framgangsmåten som er fastsett i artikkel 17.

  2. Miljømerket skal ikkje nyttast, og det skal ikkje visast til miljømerket i reklame, før merket er vorte tildelt, og då berre i samband med det særskilte produktet som har fått tildelt merket.

    All falsk eller villeiande reklame eller bruk av eit merke eller ein logo som kan forvekslast med det fellesskapsmiljømerket som vert innført ved denne forordninga, er forboden.

Artikkel 10

Fremjing av miljømerket

Medlemsstatane og Kommisjonen skal, i samarbeid med medlemmene i Utvalet for miljømerking i Den europeiske unionen, oppmuntre til bruk av fellesskapsmiljømerket gjennom medvitsaukande tiltak og opplysningskampanjar som er retta mot forbrukarar, produsentar, forhandlarar, detaljistar og ålmenta, og såleis støtte utviklinga av ordninga.

For å oppmuntre til bruk av produkt som ber miljømerket, bør Kommisjonen og andre fellesskapsorgan, i tillegg til andre offentlege styresmakter på nasjonalt plan og utan at det rører ved fellesskapsretten, vere eit føredøme når dei fastset krava sine til produkt.

Artikkel 11

Andre ordningar for miljømerking i medlemsstatane

Kommisjonen og medlemsstatane skal gjere tiltak for å sikre den naudsynte samordninga mellom denne fellesskapsordninga og nasjonale ordningar i medlemsstatane, særleg med omsyn til utveljing av produktgrupper og utarbeiding og revisjon av kriteria på fellesskapsplan og på nasjonalt plan. For dette føremålet skal det gjerast tiltak med omsyn til samarbeid og samordning i samsvar med den framgangsmåten som er fastsett i artikkel 17, medrekna m.a. dei tiltaka som er lagde fram i arbeidsplanen som er utarbeidd i samsvar med artikkel 5.

Dersom eit produkt ber både fellesskapsmiljømerket og det nasjonale merket, skal dei to logoane førast opp ved sida av kvarandre på produktet.

På den måten kan både eksisterande og nye ordningar for miljømerking i medlemsstatane halde fram parallelt med fellesskapsordninga.

Artikkel 12

Kostnader og gebyr

For kvar søknad om tildeling av miljømerke skal det betalast eit gebyr i samband med kostnadene til handsaming av søknaden.

Søkjaren skal betale eit årleg gebyr for å få nytte miljømerket.

Storleiken på søknadsgebyret og det årlege gebyret skal fastsetjast i samsvar med føresegnene i vedlegg V og den framgangsmåten som er fastsett i artikkel 17.

Artikkel 13

Utvalet for miljømerking i Den europeiske unionen

Kommisjonen skal skipe eit utval for miljømerking i Den europeiske unionen (EUEB), som skal vere samansett av dei rette organa som er nemnde i artikkel 14 og det samrådsforumet som er nemnt i artikkel 15. EUEB skal særleg medverke til fastsetjing og revisjon av kriteria for tildeling av miljømerke og krava til vurdering og kontroll i samsvar med artikkel 6.

Møteføresegnene til EUEB skal fastleggjast av Kommisjonen i samsvar med den framgangsmåten som er fastsett i artikkel 17, samstundes som det vert teke omsyn til dei prinsippa for framgangsmåte som er fastsette i vedlegg IV.

Artikkel 14

Rette organ

  1. Kvar medlemsstat skal syte for at det organet eller dei organa (heretter kalla «rett(e) organ») som har ansvaret for å utføre dei oppgåvene som er fastsette i denne forordninga, vert utpeikte og er verksame. I tilfelle der fleire enn eitt rett organ vert utpeikt, skal medlemsstaten avgjere kva fullmakter kvart organ skal ha og kva samordningskrav som skal gjelde for dei.

  2. Medlemsstatane skal syte for at

    1. dei rette organa er samansette på ein måte som sikrar at dei er uavhengige og upartiske,

    2. møteføresegnene til dei rette organa sikrar aktiv deltaking på nasjonalt plan frå alle dei partane som det gjeld, og ein høveleg grad av klarleik,

    3. dei rette organa nyttar føresegnene i denne forordninga på rett måte.

Artikkel 15

Samrådsforum

Kommisjonen skal syte for at EUEB i verksemda si, for kvar produktgruppe sikrar ei balansert deltaking i denne produktgruppa frå alle dei partane som det gjeld, t.d. industri og tenesteytarar, medrekna små og mellomstore føretak, handverkarar og yrkesorganisasjonane deira, fagforeiningar, forhandlarar, detaljistar, importørar, miljøverngrupper og forbrukarorganisasjonar. Desse partane skal møtast i eit samrådsforum. Møteføresegnene til dette forumet skal fastsetjast av Kommisjonen i samsvar med den framgangsmåten som er fastsett i artikkel 17.

Artikkel 16

Tilpassing til den tekniske utviklinga

Vedlegga til denne forordninga kan tilpassast til den tekniske utviklinga, medrekna utviklinga i relevant internasjonal standardiseringsverksemd, i samsvar med den framgangsmåten som er fastsett i artikkel 17.

Artikkel 17

Utval

  1. Kommisjonen skal få hjelp av eit utval.

  2. Når det vert vist til denne artikkelen, skal artikkel 5 og 7 i avgjerd 1999/468/EF nyttast, samstundes som det vert teke omsyn til føresegnene i artikkel 8 i den nemnde avgjerda.

    Tidsrommet som er fastsett i artikkel 5 nr. 6 i avgjerd 1999/468/EF, skal vere tre månader.

  3. Utvalet fastset møteføresegnene sine.

Artikkel 18

Brot

Medlemsstatane skal gjere høvelege rettslege og forvaltingsmessige tiltak mot alle brot på føresegnene i denne forordninga, og melde frå til Kommisjonen om desse tiltaka.

Artikkel 19

Overgangsføresegner

Forordning (EØF) nr. 880/92 vert oppheva. Ho skal likevel framleis nyttast på avtaler som er gjorde i medhald av artikkel 12 nr. 1 i den nemnde forordninga. Vedtak som er gjorde på grunnlag av forordning (EØF) nr. 880/92, skal framleis gjelde inntil dei vert reviderte eller går ut.

Artikkel 20

Revisjon

Kommisjonen skal innan 24. september 2005 vurdere ordninga på nytt i lys av dei røynslene som er gjorde i samband med gjennomføringa av henne.

Kommisjonen skal gjere framlegg om eventuelle endringar i denne forordninga.

Artikkel 21

Sluttføresegner

Denne forordninga tek til å gjelde tredje dagen etter at ho er kunngjord i Tidend for Dei europeiske fellesskapa.

Denne forordninga er bindande i alle delar og gjeld direkte i alle medlemsstatane.

Utferda i Brussel, 17. juli 2000.

For EuropaparlamentetFor Rådet
N. FONTAINEJ. GLAVANY
PresidentFormann

Vedlegg I

Rettleiande vurderingsskjema

Levetida til produkta

MiljøfaktorarVarerTenester
Føreproduksjon/råvarerProduksjonDistribusjon (medrekna emballasje)BrukOmbruk/ attvinning/ disponeringSkaffing av varer til tenesteytararTeneste-ytingAvfalls-handtering
Luftkvalitet
Vasskvalitet
Vern av jordbotnen
Avfallsreduksjon
Energiøkonomisering
Forvalting av naturressursar
Førebygging av global oppvarming
Vern av ozonlaget
Miljøtryggleik
Støy
Biologisk mangfald

Vedlegg II

Krav til metode ved fastsetjing av kriterium for tildeling av miljømerke

Innleiing

Framgangsmåten for fastlegging og utveljing av dei viktigaste miljøfaktorane og fastsetjing av kriteria for tildeling av miljømerke skal omfatte følgjande steg:

  • føregransking og marknadsgransking,

  • vurderingar med omsyn til levetid,

  • betringsanalyse,

  • framlegg til kriterium.

Føregransking og marknadsgransking

Føregranskinga og marknadsgranskinga skal dekkje dei ulike typane produktgrupper som er aktuelle på fellesskapsmarknaden, dei mengdene som vert produserte eller leverte, importerte eller selde, og marknadsstrukturen i medlemsstatane. Det skal òg takast omsyn til innanriks- og utanrikshandelen.

Oppfatninga til forbrukarane, dei funksjonelle ulikskapane mellom produkttypane og kravet om å definere undergrupper skal vurderast.

Vurderingar med omsyn til levetid

Dei viktigaste miljøfaktorane som det må utarbeidast kriterium for, skal definerast gjennom bruk av vurderingar med omsyn til levetid i samsvar med internasjonalt godkjende metodar og standardar. Det vil eventuelt verte teke tilbørleg omsyn til prinsippa i standardane EN ISO 14 040 og ISO 14 024.

Betringsanalyse

I dei vurderingane som gjeld betring, skal det særleg takast omsyn til følgjande faktorar:

  • det teoretiske potensialet for betring av miljøet, jamført med dei moglege endringane som det fører med seg i marknadsstrukturen. Grunnlaget for dette vil vere betringsvurderinga ut frå vurderingane med omsyn til levetid,

  • om ei teknisk, industriell og økonomisk gjennomføring er mogleg, og dessutan marknadsendringar,

  • åtferd, oppfatning og preferansar blant forbrukarane som kan ha innverknad på effektiviteten til miljømerket.

Framlegg til kriterium

Det endelege framlegget med omsyn til miljøkriterium vil ta omsyn til dei miljøfaktorane som er relevante for produktgruppa.

Vedlegg III

Karakteristikk av miljømerket

Forma til miljømerket

Miljømerket skal tildelast produkt som stettar kriteria for alle dei viktigaste miljøfaktorane som er utvalde. Det skal omfatte forbrukarinformasjon i samsvar med artikkel 8 og etter modellen nedanfor.

Merket er samansett av to delar, felt 1 og felt 2, som følgjer:

/* 300R1980/10/1 *

MILJØMERKET TIL DEN EUROPEISKE UNIONEN

Vert tildelt varer eller tenester som stettar miljøkrava i ordninga for tildeling av miljømerke i Den europeiske unionen

Registreringsnummer:

Felt 1

Felt 2 */

Felt 2 inneheld opplysningar om grunngjevinga for tildeling av miljømerket. Desse opplysningane må gjelde for minst éin og høgst tre former for innverknad på miljøet. Opplysningane skal gjevast som ein kort karakteristikk i form av tekst.

Døme:

*Låg luftureining
*Energieffektivitet
*Redusert toksisitet

Felt 1 og 2 skal nyttast saman der det er mogleg, men dersom omsynet til plass er ein viktig faktor når det gjeld små produkt, kan felt 2 utelatast ved visse typar bruk dersom heile merket vert nytta ved annan bruk i samband med det same produktet. Felt 1 kan t.d. nyttast åleine på sjølve produktet dersom heile merket finst ein annan stad på emballasjen, i informasjonsbrosjyrer eller på anna materiale på utsalsstaden.

Vedlegg IV

Prinsipp for framgangsmåte ved fastsetjing av kriterium for tildeling av miljømerke

Ved utarbeidinga av kriterium for tildeling av miljømerke og krav til vurdering og kontroll i samband med desse kriteria skal følgjande prinsipp nyttast:

1. Deltaking frå dei partane som det gjeld

  1. For å utarbeide kriterium for tildeling av miljømerke for kvar produktgruppe, skal det innanfor Utvalet for miljømerking i Den europeiske unionen skipast ei særskild mellombels arbeidsgruppe som omfattar dei partane det gjeld og som er nemnde i artikkel 15, og dei rette organa som er nemnde i artikkel 14.

  2. Dei partane som det gjeld, skal takast med i arbeidet med å identifisere og velje ut dei viktigaste miljøfaktorane, og særleg i dei følgjande fasane:

    1. føregransking og marknadsgransking,

    2. vurderingar med omsyn til levetid,

    3. betringsanalyse,

    4. framlegg til kriterium.

Alle rimelege tiltak skal gjerast for å oppnå semje gjennom heile arbeidsgangen, samstundes som det vert teke sikte på å nå eit høgt nivå for miljøvern.

Det skal utarbeidast eit arbeidsdokument som gjev eit samandrag av dei viktigaste resultata frå kvar fase, som skal sendast til deltakarane i god tid før møta i den mellombels arbeidsgruppa.

2. Ope samråd og klarleik

  1. Det skal utarbeidast og offentleggjerast ein sluttrapport med dei viktigaste resultata. Mellombels dokument som inneheld resultata frå dei ulike fasane i arbeidet, skal gjerast tilgjengelege for alle dei det gjeld, og det skal takast omsyn til kommentarane deira.

  2. Det skal haldast eit ope samråd om innhaldet i denne rapporten. Det skal fastsetjast ein frist på minst 60 dagar for innsending av kommentarar til utkasta til kriterum før dei vert lagde fram for utvalet i samsvar med den framgangsmåten som er fastsett i artikkel 17. Det skal takast omsyn til alle kommentarar som vert mottekne. Opplysningar om oppfølginga av kommentarane kan gjevast på oppmoding.

  3. Rapporten skal omfatte eit samandrag og innehalde vedlegg med detaljerte levetidsrekneskapar.

3. Fortruleg handsaming

Det skal sikrast vern av fortrulege opplysningar som vert gjeven av einskildpersonar, offentlege organ, private føretak, interessegrupper, dei partane som det gjeld, eller andre kjelder.

Vedlegg V

Gebyr

1. Søknadsgebyr

For kvar søknad om tildeling av miljømerke må det betalast eit gebyr i samband med kostnadene til handsaming av søknaden. Det skal fastsetjast eit minstegebyr og eit høgstegebyr.

For små og mellomstore føretak 13

og for produsentar og tenesteytarar i utviklingsland skal søknadsgebyret reduserast med minst 25 %.

2. Årlege gebyr

Kvar søkjar som har fått tildelt miljømerket, skal betale eit årleg gebyr for bruken av merket til det rette organet som har tildelt merket.

Gebyret skal dekkje eit tidsrom som tek til den dagen då søkjaren får tildelt miljømerket.

Det årlege gebyret skal reknast ut i høve til det årlege salsvolumet i Fellesskapet til det produktet som har fått tildelt miljømerket. Det skal fastsetjast eit minstegebyr og eit høgstegebyr.

For små og mellomstore føretak( 1) og for produsentar og tenesteytarar i utviklingsland skal det årlege gebyret reduserast med minst 25 %.

Søkjarar som alt er sertifiserte i samsvar med standardane EMAS eller ISO 14 001, kan få sett ned det årlege gebyret endå meir.

Dersom det er føremålstenleg, kan gebyret reduserast endå meir i samsvar med føresegnene i artikkel 17.

3. Kostnader i samband med prøving og kontroll

Verken søknadsgebyret eller det årlege gebyret omfattar kostnader i samband med prøving og kontroll som det kan vere naudsynt å gjennomføre for dei produkta som søknaden omfattar. Søkjarane skal sjølve betale kostnadene i samband med slik prøving og kontroll.

Når krava til vurdering og kontroll skal fastsetjast, skal det vere eit mål å halde kostnadene så låge som mogleg. Dette er særleg viktig for å gjere det lettare for små og mellomstore føretak å ta del i fellesskapsordninga for tildeling av miljømerke, og såleis medverke til at ordninga vert meir utbreidd.

Fotnotar

1.

TEF C 114 av 12.4.1997, s. 9, og TEF C 64 av 6.3.1999, s. 14.

2.

TEF C 296 av 29.9.1997, s. 77.

3.

Europaparlamentsfråsegn av 13. mai 1998 (TEF C 167 av 1.6.1998, s. 118) stadfesta 6. mai 1999, felles haldning frå Rådet av 11. november 1999 (TEF C 25 av 28.1.2000, s. 1) og europaparlamentsavgjerd av 15. mars 2000 (enno ikkje offentleggjord i TEF ). Rådsavgjerd av 29. juni 2000.

4.

TEF L 99 av 11.4.1992, s. 1.

5.

TEF L 297 av 13.10.1992, s. 16.

6.

TEF L 198 av 22.7.1991, s. 1. Forordninga sist endra ved forordning (EF) nr. 1804/1999 (TEF L 222 av 24.8.1999, s. 1).

7.

TEF L 184 av 17.7.1999, s. 23.

8.

TEF C 138 av 17.5.1993, s. 1.

9.

TEF L 196 av 16.8.1967, s. 1. Direktivet sist endra ved europaparlaments- og rådsdirektiv 1999/33/EF (TEF L 1999 av 30.7.1999, s. 57).

10.

TEF L 200 av 30.7.1999, s. 1.

11.

TEF L 169 av 12.7.1993, s. 1. Direktivet sist endra ved europaparlaments- og rådsdirektiv 98/79/EF (TEF L 331 av 7.12.1998, s. 1).

12.

TEF L 162 av 13.7.1995, s. 37.

13.

Slik det er definert i kommisjonsrekommandasjon 96/280/EF (TEF L 107 av 30.4.1996, s. 4).

Til forsida