St.prp. nr. 43 (2001-2002)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 139/2001 av 9. november 2001 om innlemming av europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 1980/2000 om ei revidert fellesskapsordning for tildeling av miljømerke i EØS-avtala

Til innhaldsliste

2 Nærmare om europaparlaments- og rådsforordninga

EU har sidan 1992 hatt ei ordning med miljømerking av produkt. Det legale grunnlaget for ordninga var rådsforordning (EØF) nr. 880/92 om ein fellesskapsordning for tildeling av miljømerke. Forordninga vart innlemma i EØS-avtala og gjennomført i norsk rett i 1998 ved ei endring i merkelova (ny § 6 a).

Føremålet med forordning (EØF) nr. 880/92 var å skape ei heilskapleg og effektiv miljømerkeordning. Gjennom informasjon om korleis produkta verkar inn på miljøet, skulle brukarane verte i stand til å gjere gode miljøval. Dette ville òg kunne stimulere til produksjon og marknadsføring av dei produktalternativa som har ein minst negativ innverknad på miljøet. Næringsmiddel, drikkar og lækjemiddel er ikkje omfatta av ordninga.

I medhald av forordninga skulle kvar stat peike ut eit organ med ansvar for å ta hand om følgjande oppgåver i samband med ordninga:

  • handsaming av søknader frå produsentar/importørar om miljømerking av produkt,

  • deltaking i utviklinga av nye miljøkriterium,

  • fastsetjing av storleiken på gebyra som skal betalast for handsaming av søknader og bruk av merket,

  • informasjonsverksemd om ordninga overfor forbrukarar og føretak.

På same måte som den nordiske miljømerkeordninga «Svanen» er det valfritt å nytte seg av det europeiske miljømerket. Produsentar eller importørar kan søkje om å få tildelt miljømerket til sine produkt. Berre produkt som stettar generelle krav til helse, tryggleik og miljø, kan merkjast med miljømerket. I tillegg må produkta stette visse minstekrav som er fastsette i såkalla kriteriedokument. Kriteria skal utformast på ein slik måte at det i størst mogleg grad vert teke heilskapleg omsyn til miljøaspekta ved det einskilde produktet. I samband med dette skal forbruket av naturressursar, energiforbruket, støy, ureining og innverknad på økosystemet vurderast. Vurderinga bygger på «frå vogge til grav»-prinsippet, som inneber at miljøverknadene må vurderast i alle fasane av levetida til eit produkt.

Forordninga vart revidert i 2000 gjennom europaparlamentets- og rådsforordning (EF) nr. 1980/2000 om ei revidert fellesskapsordning for tildeling av miljømerke.

Hovudprinsippet for fellesskapsordninga for tildeling av miljømerke er framleis at kvar stat skal ha eit organ som er ansvarleg for å administrere merkeordninga på nasjonalt plan. Produsentar, importørar osv. kan søkje det rette organet i éin av statane om tildeling av miljømerket til eit produkt. Når det rette organet finn at produktet stettar kriteria for produktgruppa og tildeler merket, kan merket nyttast for/på produkta i heile EØS-området.

Dei viktigaste endringane i høve til den tidlegare forordninga er følgjande:

  • høve til å utarbeide kriteriedokument òg for tenester (tidlegare berre for varer),

  • meir detaljerte retningslinjer for miljøkrav, kriteriedokument og krav til vurdering og verifisering,

  • meir systematisk og forpliktande samarbeid/samordning mellom EU-merket og andre europeiske miljømerke,

  • prinsipp om rullerande arbeidsplanar med strategi for arbeidet dei komande tre åra,

  • skiping av eit europeisk utval for miljømerking - EUEB (European Union Eco-labelling Board), med representantar for dei rette organa i kvar stat og for dei interessegruppene som det gjeld,

  • Kommisjonen skal, på eige eller på initiativ frå EUEB, gje mandat til EUEB for utvikling/revisjon av kriterium for produktgrupper, og vurdere i etterhand om mandatet er stetta,

  • det skal opplysast på merket kva som er dei viktigaste kriteria for den aktuelle produktgruppa.

Forordninga er vorten følgd av vedtak som utfyller forordninga når det gjeld gebyrordninga, standardavtala for bruk av merket og fastsetjing av møteføresegnene til EUEB og til samrådsforumet.

Det vil verte høve til å skipe og halde ved lag andre miljømerkeordningar, samstundes som det vert fastsett prinsipp for betre og meir forpliktande samarbeid og samordning.

Stiftinga Miljømerking vil framleis ha hand om funksjonen som rett organ med ansvar for ordninga i Noreg, og møte i EUEB. Stiftinga vil òg ta del i kriterieutviklinga og i dei andre aktivitetane til dei rette organa, medrekna arbeidet med dei rullerande arbeidsplanane.

Til forsida