St.prp. nr. 43 (2001-2002)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 139/2001 av 9. november 2001 om innlemming av europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 1980/2000 om ei revidert fellesskapsordning for tildeling av miljømerke i EØS-avtala

Til innhaldsliste

1 Avgjerd i EØS-komiteen nr. 139/2001 av 9. november 2001 om endring av vedlegg XX til EØS-avtala (Miljø)

EØS-KOMITEEN HAR -

med tilvising til avtala om Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, endra ved protokollen om justering av avtala om Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, heretter kalla «avtala», særleg artikkel 98, og

på følgjande bakgrunn:

  1. Vedlegg XX til avtala vart endra ved avgjerd i EØS-komiteen nr. 122/2001 av 28. september 2001 1

    .

  2. Europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 1980/2000 av 17. juli 2000 om ei revidert fellesskapsordning for tildeling av miljømerke 2

    skal takast inn i avtala.

  3. Kommisjonsvedtak 2000/728/EF av 10. november 2000 om fastsetjing av søknadsgebyr og årleg gebyr for fellesskapsmiljømerket 3

    skal takast inn i avtala.

  4. Kommisjonsvedtak 2000/729/EF av 10. november 2000 om ei standardavtale om bruksvilkåra for fellesskapsmiljømerket 4

    skal takast inn i avtala.

  5. Kommisjonsvedtak 2000/730/EF av 10. november 2000 om skiping av Utvalet for miljømerking i Den europeiske unionen og om fastsetjing av møteføresegnene til utvalet 5

    skal takast inn i avtala.

  6. Kommisjonsvedtak 2000/731/EF av 10. november 2000 om fastsetjing av møteføresegnene til samrådsforumet for den reviderte fellesskapsordninga for tildeling av miljømerke 6

    skal takast inn i avtala -

TEKE DENNE AVGJERDA:

Artikkel 1

1.I vedlegg XX til avtala vert nr. 2b (rådsforordning (EØF) nr. 880/92) bytt ut med følgjande nr.:
«2b.32 000 R 1980: Europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 1980/2000 av 17. juli 2000 om ei revidert fellesskapsordning for tildeling av miljømerke (TEF L 237 av 21.9.2000, s. 1).
2ba.32 000 D 0728: Kommisjonsvedtak 2000/728/EF av 10. november 2000 om fastsetjing av søknadsgebyr og årleg gebyr for fellesskapsmiljømerket (TEF L 293 av 22.11.2000, s. 18).
2bb.32 000 D 0729: Kommisjonsvedtak 2000/729/EF av 10. november 2000 om ei standardavtale om bruksvilkåra for fellesskapsmiljømerket (TEF L 293 av 22.11.2000, s. 20).
2bc.32 000 D 0730: Kommisjonsvedtak 2000/730/EF av 10. november 2000 om skiping av Utvalet for miljømerking i Den europeiske unionen og om fastsetjing av møteføresegnene til utvalet (TEF L 293 av 22.11.2000, s. 24).
2bd.32 000 D 0731: Kommisjonsvedtak 2000/731/EF av 10. november 2000 om fastsetjing av møteføresegnene til samrådsforumet for den reviderte fellesskapsordninga for tildeling av miljømerke (TEF L 293 av 22.11.2000, s. 31).»
2.I vedlegg XX til avtala vert nr. 2e og nr. 2ea oppheva.

Artikkel 2

Teksta til europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 1980/2000 og til kommisjonsvedtak 2000/728/EF, 2000/729/EF, 2000/730/EF og 2000/731/EF på islandsk og norsk, som vil verte kunngjord i EØS-tillegget til Tidend for Dei europeiske fellesskapa, skal verte gyldig.

Artikkel 3

Denne avgjerda tek til å gjelde 10. november 2001, på det vilkåret at EØS-komiteen har motteke alle meldingar etter artikkel 103 nr. 1 i avtala 7

.

Artikkel 4

Denne avgjerda skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Dei europeiske fellesskapa.

Utferda i Brussel, 9. november 2001.

For EØS-komiteen
Formann
B. Grydeland
Sekretærar for EØS-komiteen
P.K. MannesM. Brinkmann

Fotnotar

1.

Enno ikkje kunngjord.

2.

TEF L 237 av 21.9.2000, s. 1.

3.

TEF L 293 av 22.11.2000, s. 18.

4.

TEF L 293 av 22.11.2000, s. 20.

5.

TEF L 293 av 22.11.2000, s. 24.

6.

TEF L 293 av 22.11.2000, s. 31.

7.

Forfatningsrettslege krav oppgjevne.

Til forsida