St.prp. nr. 45 (2003-2004)

Om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av eit fleirårig program for ei effektiv integrering av informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) i utdannings- og opplæringssystema i Europa (e-læringsprogrammet)

Til innhaldsliste

2 Nærmare om e-læringsprogrammet

Det overordna målet for programmet er å støtte og vidareutvikle ein effektiv bruk av IKT i europeiske utdannings- og opplæringssystem, for såleis å medverke til at kvaliteten på utdanninga vert betre og å fremje tilpassinga av systemet til dei krava som kunnskapssamfunnet stiller innanfor ramma av livslang læring.

Dei særskilte måla for programmet er:

  • å identifisere dei aktuelle aktørane og informere dei om korleis e-læring kan nyttast for å fremje digital kompetanse, og såleis medverke til å styrkje sosial utjamning og personleg utvikling, og å fremje dialogen mellom kulturar,

  • å utnytte potensialet til e-læring for å styrkje den europeiske dimensjonen innanfor utdanning,

  • å skipe ordningar for å støtte utviklinga av europeiske produkt og tenester av høg kvalitet, og for å utveksle og overføre god praksis,

  • å utnytte potensialet for e-læring innanfor ramma av nyskaping i undervisningsmetodar, med sikte på å betre kvaliteten til læringsprosessen og fremje sjølvstendet til dei som skal lære.