St.prp. nr. 45 (2003-2004)

Om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av eit fleirårig program for ei effektiv integrering av informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) i utdannings- og opplæringssystema i Europa (e-læringsprogrammet)

Til innhaldsliste

1 Avgjerd i EØS-komiteen nr. <...> av <...> om endring av protokoll 31 til EØS-avtala om samarbeid på særlege område utanfor dei fire fridommane

EØS-KOMITEEN HAR -

med tilvising til avtala om Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, endra ved protokollen om justering av avtala om Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, heretter kalla «avtala», særleg artikkel 86 og 98, og

på følgjande bakgrunn:

  1. Protokoll 31 til avtala vart endra ved avgjerd i EØS-komiteen nr. .../... av ... 1.

  2. Samarbeidet mellom avtalepartane bør utvidast til å omfatte Europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 2318/2003/EF av 5. desember 2003 om vedtaking av eit fleirårig program (2004-2006) for ei effektiv integrering av informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) i utdannings- og opplæringssystema i Europa (programmet for e-læring) 2.

  3. Protokoll 31 til avtala bør difor endrast for å gjere eit slikt utvida samarbeid mogleg frå DD MM ÅÅÅÅ -

TEKE DENNE AVGJERDA:

Artikkel 1

I protokoll 31 artikkel 4 (Utdanning, opplæring og ungdomsspørsmål) i avtala vert det gjort følgjande endringar:

  1. Etter nr. 2h skal nytt nr. 2i lyde: «2i. EFTA-statane skal frå DD MM ÅÅÅÅ ta del i følgjande program:

    • 3200Y D 2381: Europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 2318/2003/EF av 5. desember 2003 om vedtaking av eit fleirårig program (2004-2006) for ei effektiv integrering av informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) i utdannings- og opplæringssystema i Europa (programmet for e-læring) (TEU L 345 av 31.12.2003, s. 9).»

  2. Nr. 3 skal lyde: «EFTA-statene skal bidra finansielt til programmene og tiltakene nevnt i nr. 1, 2, 2a, 2b, 2c, 2d, 2e, 2f, 2g, 2h og 2i i samsvar med artikkel 82 nr. 1 bokstav a).»

Artikkel 2

Denne avgjerda tek til å gjelde dagen etter at EØS-komiteen har motteke den siste meldinga etter artikkel 103 nr. 1 i avtala 3.

Avgjerda skal nyttast frå DD MM ÅÅÅÅ.

Artikkel 3

Denne avgjerda skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Den europeiske union.

Utferda i Brussel, <...>.

For EØS-komiteen

Formann

<...>

Sekretærar for EØS-komiteen

<...>

Fotnotar

1.

TEU L ...

2.

TEU L 345 av 31.12.2003, s. 9.

3.

(Ingen forfatningsrettslege krav oppgjevne.)/(Forfatningsrettslege krav oppgjevne.)