St.prp. nr. 45 (2003-2004)

Om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av eit fleirårig program for ei effektiv integrering av informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) i utdannings- og opplæringssystema i Europa (e-læringsprogrammet)

Til innhaldsliste

6 Vurdering og tilråding

E-læringsprogrammet vil vere med på å styrkje samhandlinga mellom høgare utdanningsinstitusjonar i Noreg og Europa. E-læringsprogrammet vil òg vere med på å knyte skolar i Europa saman i eit nettverk. Noreg har gode røynsle frå deltaking i noverande program i utdanningssektoren, med den auka vekt som vert lagt på internasjonalisering i alle delar av sektoren.

Utdannings- og forskingsdepartementet rår difor til at Noreg tek del i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av eit fleirårig program for ei effektiv integrering av informasjonsteknologi (IKT) i utdannings- og opplæringssystema i Europa (e-læringsprogrammet). Utanriksdepartementet sluttar seg til dette.