St.prp. nr. 45 (2007-2008)

Om nokre saker som gjeld veg og jernbane

Til innhaldsliste

3 Programkategori 21.50 Jernbaneformål

3.1 Ekstern gjennomgang av jernbaneprosjekta dobbeltspor Sandnes - Stavanger og fjernstyring Mosjøen - Bodø

Bakgrunn

Utbygging av dobbeltspor Sandnes - Stavanger (Dobbeltsporet) og fjernstyring Mosjøen - Bodø (Fjernstyringa) er omtala i St.prp. nr. 1 (2007-2008) og Stortinget vart orientert om monalege kostnadsauker på grunn av prispress i anleggmarknaden, jf side 103 og 104. Det er opplyst at Samferdselsdepartmentet vil gjennomføre ein ekstern gjennomgang av dei nye kostnadsoverslaga, og at Stortinget vil verte orientert på ein eigna måte. Stortinget hadde ikkje merknader til dette.

Gjennomgangen er no gjennomført. Den eksterne vurderinga er i hovudsak avgrensa til kostnadsoverslaga for prosjekta. Den svarar difor ikkje fullt ut til den kvalitetssikringa som vert utført under rammeavtale som Finansdepartementet har med ei rekkje konsulentformaer. Vurderinga er likeveil basert på metodikken som gjeld for ekstern kvalitetssikring. Samferdselsdepartementet legg til grunn konsulenten si tilråding om nye kostnadsoverslag i det vidare arbeidet med begge prosjekta.

Den eksterne gjennomgangen

Tabellen under gir ei samanlikning av kostnadsutviklinga for prosjekta i St.prp. nr. 1 (2005-2006) «oppstartsåret», St.prp. nr. 1 (2007-2008) og nye kostnadsoverslag basert på konsulenten sine tilrådingar om nye kostnads- og styringsrammer for prosjekta. Kostnadane for fjernstyring Mosjøen - Bodø har ikkje tidligare vore ekstern kvalitetssikra då det opphavlege kostnadsoverslaget var lågare enn grensa for ekstern kvalitetssikring på 500 mill. kr og det er difor presentert eitt kostnadsoverslag i tidligare stortingsframlegg.

Tabell 3.1 Kostnadsutvikling

i mill. kr (løpande prisar)
St.prp. nr. 1 (2005-2006)St.prp. nr. 1 (2007-2008)Nye kostnadsoverslag
Fjernstyringa
Kostnadsoverslag313597-
Styringsramme--611
Kostnadsramme--641
Dobbeltsporet
Styringsramme1 3441 9012 167
Kostnadsramme1 5172 0402 497

Begge prosjekta er i full drift og for Fjernstyringa er det inngått kontraktar for om lag 395 mill. kr og det er utbetalt om lag 215 mill. kr, medan det for Dobbeltsporet er inngått kontraktar for om lag 1 071 mill. kr, og det er produsert for 539 mill. kr. For begge prosjekta er det stor usikkerheit knytta til Jernbaneverket sitt arbeid med godkjenninga av det nye sikringsanlegget Merkur som mellom anna inngår i begge prosjekta. Det blir arbeidd med godkjenning av sikringsanlegget i samband med den nye godsterminalen på Ganddal. Denne godkjenninga er grunnlaget for seinare godkjenning av andre anlegg bygd på Merkur og dermed Fjernstyringa og Dobbeltsporet. Jernbaneverket si interne godkjenning skal etter planen vere på plass i april/mai 2008 og usikkerheita vert då redusert. Jernbaneverket legg opp til at den interne godkjenninga av Merkur skal vere på plass innan den planlagde tidsfristen. Ei forseinka godkjenning kan gi forlengja byggjetid for prosjekta. For Fjernstyringa kan ei forlengja byggjetid medføre noko auka kostnadar i storleiken 6-7 pst. For Dobbelsporet kan ei utsett godkjenning av Merkur utløyse eitt år forlengja byggjetid og innebere opp til 182 mill. 2008-kr i auka kostnadar på grunn av ei slik forseinking. For begge prosjekta kan tilgangen på og styringa av kritisk kompetanse, ikkje minst Jernbaneverket sin eigen signalkompetanse, også vere ei usikkerheit for ferdigstillinga av prosjekta.

For fjernstyringa Mosjøen - Bodø legg Jernbaneverket opp til at prosjektet vert bygd på tradisjonell (eksisterande) kabel som sambandsløysing og dette er teke omsyn til i det nye kostnadsoverslaget. Jernbaneverket arbeider samstundes med utviklinga av GSM-R/GPRS som mogeleg framtidig sambandsløysning for slike anlegg. Dette blir vidareført som eit eige prosjekt uavhengig av utbygging av fjernstyringa mellom Mosjøen og Bodø.

Kostnadsrammer og vidare framdrift

For Dobbeltsporet er det rekna med to ulike scenarie på grunn av usikkerheita som er knytt til godkjenninga av Merkur. Scenario 1) med ei framdrift slik som prosjektet opphavleg er planlagd, dvs. at Merkur kan godkjennast i samsvar med planen. Scenario 2) som inneber at godkjenninga av Merkur vert forseinka og gjennomføringa av prosjektet tek eitt år lengre tid enn planlagd. I scenario 1 legg Samferdselsdepartementet opp til etter tilråding frå konsulenten, å auke styringsramma (P 50 =50 pst. sannsynleg at styringsramma vil halde) med 266 mill. kr til 2 167 mill. kr og kostnadsramma (P85 = 85 pst. sannsynleg at styringsramma vil halde) med 275 mill. kr til 2 315 mill. kr i forhold til St.prp. nr. 1 (2007-2008). Oppdateringa av kostnadsoverslag er i hovudsak bygd på faktiske priser for inngådde kontraktar. I scenario 2 legg Samferdselsdepartementet opp til etter tilråding frå konsulenten, ei styringsramme på 2 336 mill. kr og ei kostnadsramme på 2 497 mill. kr. Samferdselsdepartementet legg opp til at Jernbaneverket skal styre prosjektet etter styringsramma i scenario 1 for å halde framdrifta i prosjektet og at Samferdselsdepartementet disponerer kostnadsramma i scenario 2 fram til godkjenninga av Merkur vert avklart. Samferdselsdepartementet legg opp til å justere endeleg kostnadsramme og styringsramme for prosjektet avhengig av resultatet av godkjenning av Merkur utan det dette på nytt må leggjast fram for Stortinget. Ei justering i samsvar med scenario 2 vil berre verte gjort etter framlegg frå Jernbaneverket. Ein viktig føresetnad for at scenario 1 kan haldast er at Jernbaneverket og Jernbanetilsynet, som skal godkjenne ibruktaking av Merkur, avset tilstrekkeleg med ressursar for å sikre naudsynt godkjenning. Samferdselsdepartementet vil følgje opp dette.

Det er her snakk om to viktige prosjekt som er i full gang og som det er viktig å gjennomføre, mellom anna for å unngå ytterlegare kostnadsauke. Prosjekta er dessutan viktige både lokalt og regionalt og med store verknader for resten av det nasjonale jernbanenettet. På grunn av at Jernbaneverket var avhengig av å kunne inngå nye kontraktar for Dobbeltsporet seinast i siste veka av februar d.å. for å kunne halde den planlagde framdrifta i utbyggingsarbeidet, har Samferdselsdepartementet gitt sitt samtykke til at Jernbaneverket fekk høve til å inngå to kontraktar for jernbanetekniske anlegg på til saman om lag 317 mill. kr før nytt kostnadsoverslag kunne leggjast fram for Stortinget. Den planlagde framdrifta heng mellom anna saman med den planlagde togfrie perioden i 2009 for å kunne ha mest mogleg rasjonell framdrift og som inngår som ein viktig føresetnad i kostnadsoverslaget. Kostnadene for desse 2 kontraktane ligg isolert sett innafor kostnads-/styringsrammene som vart lagde fram for Stortinget i 2008-budsjettet. Inngåing av desse kontraktane vart difor gjort med atterhald om Stortinget si seinare handsaming og på ein slik måte at kontraktane, om nødvendig, kan stoppast. Å stanse arbeidet med prosjektet fram til godkjenninga av Merkur er avklart, vil dessutan innebere store negative ringverknader for heile prosjektet.