St.prp. nr. 45 (2007-2008)

Om nokre saker som gjeld veg og jernbane

Til innhaldsliste

Forslag til vedtak om nokre saker som gjeld veg og jernbane

I

Stortinget samtykkjer i at:

  • bompengeselskapet får høve til å endre opplegget for delvis bompengefinansiering av Rv 108 Ny Kråkerøyforbindelse i Fredrikstad kommune. Vilkåra framgår av denne proposisjonen. Samferdselsdepartementet får fullmakt til å inngå ein tilleggsavtale med bompengeselskapet og fastsetje nærare reglar for finansieringsordninga for Rv 108 Ny Kråkerøyforbindelse i Fredrikstad.

  • bompengeselskapet får høve til å utvide opplegget for delvis bompengefinansiering av prosjekt og tiltak i Haugesundområdet (Haugalandspakka) med prosjekt og tiltak i Karmøy kommune. Vilkåra framgår av denne proposisjonen. Samferdselsdepartementet får fullmakt til å inngå ein tilleggsavtale med bompengeselskapet og fastsetje nærare reglar for finansieringsordninga.

  • bompengeselskapet får høve til å forlengje eksisterande bompengeordning i Kristiansand for å finansiere mindre målretta investeringstiltak for å styrke trafikktryggleiken og betre tilhøva for kollektivtrafikken og gåande og syklande i Kristiansandsregionen. Vilkåra framgår av denne proposisjonen.