St.prp. nr. 48 (2005-2006)

Om endringar av løyvingar for 2006 under Fiskeri- og kystdepartementet sitt område mv.

Til innhaldsliste

2 Ytterlegare undersøkingar av ubåten «U 864» utanfor Fedje

2.1 Innleiiing

Ved Stortinget si handsaming av St.prp. nr. 79 (2004-2005) Om endringer av bevilgninger på Fiskeri- og kystdepartementets område , jf. Innst. S. nr. 21 (2004-2005), blei det gitt ei løyving på 14,7 mill. kroner slik at Kystdirektoratet sommaren og hausten 2005 kunne gjennomføre eit forprosjekt for å klarleggje korleis ureiningsfaren frå vraket av ubåten «U 864» kan fjernast.

Den tyske ubåten «U 864» blei senka av ein britisk ubåt i norsk sjøterritorium vest for Fedje 9. februar 1945. Heile mannskapet omkom. Vraket av «U 864» blei funne av Sjøforsvaret i februar 2003, på om lag 150 meters djup og to kilometer vest for Fedje. Kystdirektoratet blei informert om funnet, og at vraket kunne inneholde ein last på 65 – 70 tonn metallisk (flytande) kvikksølv lagra på stålflasker. Opplysninga om ei mogleg kvikksølvlast kom fram av historiske dokument som viste ei bestilling av ei slik mengd kvikksølv. Ein har ikkje lastepapira for «U 864», og mengden kan derfor ikkje stadfestast.

Høsten 2003 sette Kystdirektoratet i samarbeid med andre etatar og kompetansemiljø i verk undersøkingar av faren for ureining ved vraket. Det blei funne forhøgde kvikksølvverdiar i sedimenta ved vraket. Mattilsynet fann i 2004 ikkje grunn til å gi kostholdsråd knytt til fisk eller skaldyr frå området. På bakgrunn av dei historiske forholda knytt til vraket har Fiskeri- og kystdepartementet halde den tyske og den britiske ambassaden informert.

Sommaren 2005 tilrådde Kystdirektoratet at det blei gjennomført eit forprosjekt med nærare undersøkingar, m.a. av tilstanden til vraket og lasten, før det kan trekkjast ein konklusjon om korleis ureiningsfaren kan og bør fjernast.

2.2 Erfaringane frå forprosjektet hausten 2005

Det arbeidet som er gjennomført i forprosjektet hausten 2005 har gitt betre kunnskap om tilstanden til vraket og ureiningssituasjonen. Det er m.a. gjort kartlegging av vrakdelar, havbotn, straumforhold, ureining i vatn og sediment samt kvikksølvnivå i fisk og skaldyr.

Totalt blei 107 vrakdelar lokalisert. Det vart også funne ein beholdar med kvikksølv. Denne låg i sedimenta, utanfor vraket. Beholdaren var heil og i relativt god forfatning, men punktvis korrodert. Funnet av kvikksølvbehalderen stadfestar at «U 864» hadde ein last med kvikksølv, men det stadfestar ikkje talet behaldarar eller tilstanden til behaldarane som ligg inne i vraket. I forprosjektet vart det gjort forsøk på å klarleggje tilstanden til kvikksølvbehaldarane i kjølseksjonen av vraket. Ein fekk ikkje tilgang til kjølseksjonen, da sedimenta ved vraket viste seg å vere så harde at det ikkje var mogleg å mudre djupare enn om lag 1,5 meter.

Sedimenta i et område berekna til 200 x 200 meter er flekkvis særs sterkt ureina. Av 35 sedimentprøver er 30 klassifisert som særs sterkt ureina, dvs. tilstandsklasse V i Statens forureiningstilsyn (SFT) si klassifisering av ureina sediment. To av prøvene var over 100 ganger meir ureina enn grensa for særs sterkt ureina sediment. Norsk institutt for vannforskning (NIVA) har berekna at det kan lekkje om lag 4 kg kvikksølv årleg frå sediment til vatn ved vraket.

Kvikksølvet ved vraket finst i to formar; metallisk kvikksølv og metylkvikksølv. Laboratorieforsøk ved NIVA viser at begge formane takast opp i botnlevande dyr. Prøver frå fisk og skaldyr viser at kvikksølvnivået aukar i alle dei undersøkte artane i høve til prøvane teke i 2004. Det gjennomsnittlege nivået er framleis relativt lågt i kvar einskild art, men høgare enn det normale bakgrunnsnivået. Undersøkingane frå hausten 2005 viser ei moderat overskriding av grenseverdien i tre av totalt 25 prøver av lange og i éi av totalt 25 prøver av krabbe. Mattilsynet tilrådde den 22. november 2005, ut frå føre-var-omsyn, at det ikkje blir fanga fisk i området nær vraket.

2.3 Behov for ytterlegare undersøkingar sommaren 2006

Kystdirektoratet vurderer faren for ytterlegare ureining som stor, og meiner derfor at dei gjennomførte undersøkingane peiker entydig i retning av at det må setjast i verk tiltak for å fjerne ureinningsfaren ved vraket. Direktoratet tilrår per i dag at sedimenta rundt vraket som er markert forurenset, dvs. tilstandsklasse III eller høgare i SFT si klassifisering, bør dekkjast til, slik at kvikksølvet i desse sedimenta ikkje lenger blir tilgjengeleg for biologisk aktivitet og opptak i næringskjeda. Tildekking er ein metode som m.a. er brukt i Sørfjorden ved Odda og i Kristiansandsfjorden. Yttergrensa for det ureina området må detaljkartleggjast.

Kystdirektoratet meiner at dei manglar viktig kunnskap for å kunne gi ei fagleg forsvarlig tilråding om korleis ureiningsfaren knytt til vraket og lasten bør fjernast. Dette gjeld m.a. posisjonen til kvikksølvbehaldarane som ligg i sedimenta utanfor vraket, om tilstanden til kvikksølvbehaldarane inne i vraket er slik at dei let seg heve uten uakseptabel fare for ytterlegare ureining, om arbeid knytt til vraket kan føre til at dette blir ustabilt og renseteknologi for ureina massar og vatn frå mudringsarbeida. Det er derfor nødvendig å gjennomføre ytterlegere undersøkingar for å klarleggje desse og andre forhold. På grunn av værforholda må arbeid på og ved vraket gjennomførast i løpet av sommaren 2006.

Kvikksølv er mellom dei farlegaste miljøgiftene. Det er eit trugsmål mot miljøet og mennesker si helse både i Noreg og globalt, og det er derfor eit uttalt mål at utslipp av kvikksølv skal reduserast vesentleg seinast innan 2010, jf. St.meld. nr. 21 (2004-2005) Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand . Det er allereie registrert sterkt ureina sediment ved vraket.

Funnet av kvikksølvflaska stadfestar at det er kvikksølvbehaldar i og ved vraket. Ut frå dei opplysningane som ligg føre, må det leggjas til grunn at «U 864» hadde ein last på om lag 65 tonn kvikksølv. Både vraket og kvikksølvbehaldane korroderer og brytast ned, men ut i frå dei opplysningane som ligg føre kan ein ikkje seie kor fort dette vil skje.

Kvikksølvet vil etter det vi veit i dag lekkje ut til havbotnen, noko som representerer ein særs stor fare for framtidig ureining. Det totale utsleppet av kvikksølv i Noreg i 2003 var til samanlikning på 1 tonn, medan utslepp til vatn åleine var berekna til om lag 40 kg. Ureining av sjømat med kvikksølvforbindingar er ei aktuell global utfordring med stor internasjonal merksemd. Manglande tiltak i høve til ei kjent ureiningskjelde av denne karakter vil derfor også kunne true det gode omdømmet til norske fiskeprodukt som rein og trygg mat. Den samla verdien av norsk sjømateksport var i 2005 på 31,7 mrd. kroner.

2.4 Budsjettmessige konsekvensar

Kystdirektoratet har berekna totalkostnadene for det nødvendige arbeidet sommaren 2006 til 31,3 mill. kroner. Delar av arbeidet må leggjast ut på anbod. I berekninga er det teke høgde for uføresette prosjektkostnader og stans på grunn av verforhold. Det er i overkant av 3 mill. kroner i ubrukte midlar frå løyvinga på 14,7 mill. kroner som er overført til 2006. Det er derfor behov for ei tilleggsløyving på om lag 28 mill. kroner i 2006. Det vil ikke vere mogleg å dekkje ein slik kostnad innafor Kystverket si eksisterande ramme.