St.prp. nr. 48 (2005-2006)

Om endringar av løyvingar for 2006 under Fiskeri- og kystdepartementet sitt område mv.

Til innhaldsliste

3 Vederlag for 10 løyve til oppdrett av laks, aure og regnbogeaure i Finnmark

3.1 Innleiing

I Fiskeri- og kystdepartementet sitt budsjett for 2006 ligg det inne inntekter frå sal av 10 løyve til eit fast vederlag på 4 mill. kroner under kapittel 4030 Fiskeridirektoratet post 13 Inntekter vederlag oppdrettskonsesjoner. Løyva vart lyste ut på nytt i fjor haust, men heller ikkje denne gongen melde det seg nokon interesserte.

3.2 Bakgrunn

Ved Stortinget si handsaming av Ot.prp. nr. 65 (2000-2001) vart det vedteke heimel til å ta vederlag ved tildeling av løyve til oppdrett av laks og aure. I innstillinga frå Næringskomitéen vart det lagt til grunn at vederlaget ikkje skulle setjast høgare enn 5 mill. kroner.

Det er etter dette gjennomført to nasjonale rundar med tildeling av nye lakseløyve.

I 2002 vart det lyst ut 40 løyve, av dette 10 til Finnmark. Vederlaget blei fastsett til 5 mill. kroner for resten av landet og 4 mill. kroner i Finnmark og Nord-Troms. Ein rekna seg fram til ein reduksjonen i vederlaget på 1 mill. kroner for løyva lengst nord, basert på ei skjønnsvurdering der konkurranseulempa på grunn av avstand og lågare havtemperatur inngjekk. Det melde seg søkjarar til alle løyva, men søkjarane i Finnmark trekte seg då vederlaget skulle betalast.

I 2003 vart det utlyst 60 løyve – 50 nye og dei same 10 i Finnmark som ikkje var blitt tildelt i 2002-runden. Vederlaget var det same som i 2003. Det melde seg denne gongen ingen søkjarar i Finnmark.

Etter 2002 har det med andre ord vorte tildelt 80 nye løyve, medan dei 10 til Finnmark enno ikkje er komne i drift. Dei 10 løyva i Finnmark har vore utlyst tre gonger (i 2002, i 2003 og i 2005) til eit fast vederlag på 4 mill. kroner pr løyve, men det har ikkje meldt seg interesserte nok søkjarar.

Ut i frå dette meiner Regjeringa at nivået på vederlaget avgjort er for høgt i høve til resten av landet og ikkje samsvarer med kva løyva er verd ut frå tilhøva i Finnmark.

3.3 Endring for å styrkje laksenæringa i Finnmark

Laksenæringa er inne i ein høgkonjunktur, og Regjeringa ønskjer å sikre at Finnmark får høve til å ta sin del av veksten. Det finst fleire døme på godt drivne verksemder, men erfaring har vist at føresetnadane er dårligare her enn lengre sør i landet.

Departementet vil no endre premissane og lyse ut dei 10 løyva på nytt med:

  • kriterie og premissar for å sikre og styrkje laksenæringa i Finnmark, mellom anna forplikting om snarleg oppstart av verksemd;

  • fordeling av løyva både på Aust- og Vest-Finnmark;

  • ti års kommunebinding til den kommunen løyva blir etablert i;

  • variabelt vederlag ved lukka bod, dvs. at det blir marknaden som avgjer prisen – men utan at ein held auksjon som kan drive prisen opp.

Finnmark fylkeskommune vil bli trekt inn i førebuingane til tildelinga.

Variabelt vederlag gjer det vanskeleg å fastslå inntekta på førehand. Ein vil difor komme attende i nysalderingsproposisjonen til hausten med eventuell justering av løyvinga på kapittel 4030, post 13.