St.prp. nr. 49 (2000-2001)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 97/2000 av 27. oktober 2000 om endring av vedlegg XVIII til EØS-avtala (direktiv om arbeidstid på skip)

Til innhaldsliste

2 Nærmare om direktivet

I direktiv 1993/104/EF, som er ein del av EØS-avtala, er det fastsett krav til tilhøve som arbeidstid, kviletid, maksimal arbeidstid per veke, ferie, nattarbeid og skiftarbeid. Ei rekkje aktivitetar og sektorar, medrekna sjøtransport, er likevel ikkje omfatta av verkeområdet til direktivet.

På denne bakgrunnen forhandla Samanslutninga av skipsreiarar i Den europeiske unionen (ECSA) og Samanslutninga av transportarbeidarforbund i Den europeiske unionen (FST) fram ei rammeavtale om arbeidstid på skip (ECSA-avtala). Direktiv 1999/63/EF gjennomfører denne avtala. Samstundes gjev direktivet ei einsarta gjennomføring for medlemsstatane av hovudinnhaldet i ILO-konvensjon nr. 180.

Rådsdirektiv 1999/63/EF er eit minimumsdirektiv. Det har som føresetnad at gjennomføringa av føresegnene i direktivet i nasjonal lov ikkje fører til at det generelle vernenivået som den einskilde medlemsstaten alt har på området til rammeavtala, vert senka.

Direktiv 1999/63/EF gjev reglar som i utgangspunktet gjeld for alle tilsette på skip som vert drivne kommersielt. Den normale arbeidstida skal vere åtte timar. Medlemsstatane må anten fastsetje eit timetal for lengste arbeidstid eller minste kviletid. Direktivet inneheld nærmare føresegner for korleis denne reguleringa skal finne stad. Det skal førast register over utført arbeid eller gjennomført kviletid, slik at det kan kontrollerast at føresegnene vert etterlevde. Direktivet gjev høve til å gjere unntak frå arbeids- eller kviletidsføresegnene i gjevne tilfelle.

Direktivet gjeld berre for skip som tek del i kommersiell verksemd. Dette medfører at tilsette på fritidsbåtar, redningsskøyter og hospitalskip fell utanfor direktivet. Arbeids- og kviletid for tilsette på fiskefartøy er ikkje omfatta av direktiv 1999/63/EF, fordi EU har regulert dette i direktiv 2000/34/EF.

I direktiv 1999/63/EF er det vidare fastsett at personar under 18 år ikkje skal utføre nattarbeid, med mindre slikt arbeid vert utført i samband med fastlagde utdanningsprogram.