St.prp. nr. 49 (2000-2001)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 97/2000 av 27. oktober 2000 om endring av vedlegg XVIII til EØS-avtala (direktiv om arbeidstid på skip)

Til innhaldsliste

4 Tilhøvet til norsk rett

Gjennomføringa av direktivet i Noreg vil krevje endringar i lov av 3. juni 1977 nr. 50 om arbeidstid på skip, og lov av 12. juni 1987 nr. 48 om norsk internasjonalt skipsregister.

Direktivet vil utvide verkeområdet i lov om arbeidstid på skip til å gjelde alle som i medhald av tilsetjingsavtala er tilsette om bord, med mindre dei er fritekne frå verkeområdet til lova. I lov om arbeidstid på skip er det no visse yrkesgrupper som er fritekne frå verkeområdet til lova, m.a. pursarar og helsepersonell. Gjennomføringa av direktivet fører til at desse gruppene òg vil verte underlagde ei tilsvarande regulering som dei andre kategoriane av tilsette.

Lov om norsk internasjonalt skipsregister (NIS) viser til ei rekkje føresegner i lov om arbeidstid på skip. Lov om NIS må tilpassast dei endringane som vert gjorde i lov om arbeidstid på skip.

Gjennomføringa av direktivet må sjåast i samanheng med at Stortinget den 13. november 1998 gav samtykke til at Noreg skal ratifisere ILO-konvensjon nr. 180 og slutte seg til ILO-rekommandasjon nr. 187. Det vert her vist til St.prp. nr. 74 (1997-98) og Innst. S. nr. 22 (1998-99). Det vil verte utarbeidd ein odelstingsproposisjon med dei nemnde lovendringane for å gjennomføre direktivet og ILO-konvensjon nr. 180.

EU har vedteke rådsdirektiv 2000/34/EF om arbeidstid for fiskarar, som truleg vil verte innlemma i EØS-avtala. Dette direktivet vil òg krevje endring i lov om arbeidstid på skip. Det vil verte lagt opp til at direktiva 1999/63/EF og 2000/34/EF vert dekte av den same odelstingsproposisjonen og gjennomførde på same tid, ettersom begge direktiva krev at lov om arbeidstid på skip vert endra.

Fristen for å setje i kraft ei ny lovgjeving i samsvar med direktivet er 30. juni 2002.