St.prp. nr. 49 (2004-2005)

Om løyve til overføring av vatn gjennom bygging av ein tunnel mellom Breidalsvatnet og Raudalsvatnet

Til innhaldsliste

2 NVE si innstilling dagsett 21. desember 2004

2.1 Innleiing

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) la fram si innstilling i saka 21. desember 2004. Innstillinga er omfattande, og følgjer difor denne stortingsproposisjonen som utrykt vedlegg. Søknaden frå GLB og konsekvensutgreiinga er teken med i NVE si innstilling. I dei høve departementet viser til NVE si innstilling, er det dette vedlegget det vert vist til. I punkt 2.2 nedanfor er NVE si vurdering og konklusjon teken ordrett inn slik dei går fram av innstillinga til departementet.

NVE si innstilling ligg i sin heilskap på følgjande internett-lenke: http://odin.dep.no/oed/, under «Dokumenter» og underkapitel «Proposisjoner og meldinger».

2.2 NVE si vurdering

2.2.1 Omsøkt overføring

Offentlege fagstyresmakter går inn for eller har ikkje vesentlege innvendingar mot omsøkte prosjekt. Fleire av dei nasjonale interesseorganisasjonane og nokre lokale interessentar går i mot overføringa, og grunngjev dette med at den samsvarar med ein del av utbyggingsplanen som Stortinget vurderte og tok ut av prosjektet då dei handsama kraftutbygging i Øvre Otta i 1999.

Når det gjeld organisasjonane sitt syn på at NVE ikkje burde ta saka opp til handsaming viser vi til at saka er oversendt frå OED der NVE vert beden om å ta saka opp til ordinær handsaming.

Omsøkte overføring skil seg etter vår vurdering både teknisk og inngrepsmessig frå den overføringa som Stortinget hadde til handsaming i 1999. Overføringa som no blir fremja er avgrensa til tapping av vatn mellom magasina i Breidalen og Raudalen utan inntak av andre elvar. Overføringstunnelen som låg til grunn i 1999 hadde inntak av fleire større elvar mellom dei to magasina i tillegg til samankopling med ein tunnel som drenerte fleire elvar på nordsida av Ottaelv. Tunnelen med vatn frå Breidalen saman med «nordoverføringa» var planlagt kopla direkte til dåverande Glitra kraftverk utan magasinering i Raudalsvatnet. NVE ser på føreliggande søknad som eit tiltak med vesentleg mindre inngrep og anna teknisk løysing enn tunnelalternativet som vart handsama i 1999.

Dette inneber etter vår vurdering at overføringstunnelen ligg innanfor ramma av utbyggingsalternativ VA som vart plassert i Samla plan kategori I ved rulleringa i St. melding nr. 60 (1991-92).

Vidare er primærformålet med overføringa ei optimalisering av eksisterande reguleringar gjennom kraftverka som er under utbygging i Øvre Otta. Etter NVE sitt syn vil prosjektet gje ei energimessig betre utnytting av eksisterande utbyggingar og meir effektiv ressursbruk enn å gjennomføre nye utbyggingar i urørte og lite påverka område.

Overføring som omsøkt er berre mogleg å realisere fullt ut gjennom at ein del av vatnet vert pumpa inn i Raudalsvatnet ettersom HRV i dette magasinet har høgare kotenivå enn i Breidalsvatnet. Oppunder 50 % av tilsiget vil bli pumpa over i Breidalsvatnet. Pumpestasjonen vert plassert i fjell og gjev åleine ikkje nye inngrep som er avgjerande for omfanget av prosjektet.

2.2.2 Vassføring

Omsøkte overføring vil medføre endra vassføring i Ottaelva mellom Breidalsvatnet og Pollvatnet. Dagens median vassføring i vinterhalvåret like nedstraums dammen i Breidalsvatnet (samanlaupet Otta/Måråe) er 7,2 m3/s. Denne vil bli redusert til 1,6 m3/s. Om sommaren vert vassføringa på same staden redusert frå 22,2 til 12,7 m3/s. I nedre del av den berørte elvestrekning ved Pollfoss går median vassføring om vinteren ned frå 9 m3/s til 3,4 m3/s, og om sommaren frå 59,4 m3/s til 49,9 m3/s.

Den merkbare endringa i vassføringa vil vere knytt til vintervassføringa ved at den tappinga som har føregått i elveleiet dei siste 60 åra blir overført til Raudalsvatnet. Overføringa medfører at vintervassføringa mellom Breidalsvatnet og Pollfoss vil nærme seg den naturlege vassføringa vinterstid før reguleringa i 1942.

Samanlikna med dagens situasjon vert det færre overløpssituasjonar frå Breidalsvatnet på ettersommaren/hausten som tilfører vatn til Ottaelv. Etter NVE si oppfatning vil endringa i vassføringa ikkje vere av eit slikt omfang at det oppstår skader eller ulemper for landskapsopplevinga eller fisk og fiskeinteresser. Måråe med ei middelvassføring på 3,2 m3/s har samanlaup med Ottaelva like nedstraums dammen i Breidalsvatnet. Både under snøsmelting og på ettersommaren vil elva med brefelt tilføre øvre del av Ottaelva eit viktig vasstilskot. Frå Grotlivatnet og austover drenerer fleire større sideelvar som Vulu og Tora/Føysa til Ottaelv. Nede ved Vuluvatnet vil sommarvassføringa ligge i storleiksorden 23 m3/s etter ei overføring. Etter vårt syn vil det naturlege restfeltet saman med innsjøane nedover vassdraget oppretthalde ei tilstrekkeleg og varierande sommarvassføring som ivaretek omsynet til landskapet og fisk i vassdraget. I forhold til dagens vassføringssituasjon om sommaren vil overføringa medføre små endringar i vassføringa utover at vatn frå overløpssituasjonar i Breidalsvatnet blir borte frå Ottaelva om sommaren og hausten. Den pålagde minstevassføringa på 300 l/s forbi dammen vert oppretthalden og vil sikre vasspegelen i kulpane ned til samanløpet med Måråe.

Overføringa vil medverke til ei litt forbetra flaumdemping i Ottadalføret. Den reduserte vintervassføringa i Ottaelva mellom Breidalsvatn og Pollfoss gjev ein positiv lokalklimatisk verknad.

2.2.3 Regulering av magasin

Både reiselivsbransjen og brukarar av området ved Grotli er opptekne av endringar i vasstanden og vasstandsnivået i Breidalsvatnet om sommaren og hausten.

Dei eksisterande reguleringane og reguleringsgrensene i Breidalsvatnet og Raudalsvatnet er ikkje søkt endra i samband med overføringa. For vasstanden i vatna vil overføringa i hovudsak påverke tidspunkt for fylling og nivået i øvre del av reguleringsområdet.

Ved sida av å utnytte vatnet frå Breidalsmagasinet også i Framruste kraftverk har overføringa som siktemål å utnytte reguleringane betre gjennom å minske flaumtapet. For Breidalsvatnet med ei regulering på 13 m er det foreslege ein flaumbuffer i magasinet på 1 m. I dagens situasjon vert magasinet i hovudsak fylt nær opp under HRV utover sommaren og blir liggande på dette nivået inntil tappinga startar om hausten.

I utgangspunktet vil ein konsesjonær relativt fritt kunne regulere magasinet innanfor reguleringshøgdene med mindre manøvreringsreglementet har fastsett tidspunkt for oppfylling eller andre restriksjonar for manøvreringa. For Breidalsvatnet ser NVE det slik at det har etablert seg ein praksis med vasstand tilnærma lik HRV utover sommaren og hausten som gjev eit tiltalande landskapsbilete og lett tilkomst til vatnet for brukarane. Overføringa vil medføre ei noko seinare oppfylling utrekna til i gjennomsnitt om lag 10 dagar. Talet må vurderast som retningsgjevande for den forseinka oppfyllinga sidan den vil vere betinga av snømagasinet og -smeltinga. Vi meiner at ei forseinka oppfylling i høve til dagens situasjon på mellom 1 til 2 veker må kunne aksepterast ettersom bruken av vatnet til fisking og fritidsformål byrjar når vatnet nærmar seg oppfylt tilstand og vasstemperaturen er raskt stigande etter avslutta snøsmelting. Det vil vere naturleg at det blir tilrettelagt for at så stor del som mogeleg av vatnet vert overført med gravitasjon. Vidare vurderer vi at å halde vasstanden inntil 1 m under HRV gjev små/ubetydlege skader og ulemper for landskapsbiletet og brukerinteressene. Eit vasstandsnivå noko under HRV vil redusere flaumtapet og gjere det mogleg å manøvrere magasinet og drifte kraftstasjonane på ein god måte.

NVE vil elles peike på at vasstanden i Breidalsvatnet i så stor grad om mogleg utover sommaren og hausten skal haldast på eit slikt nivå at det grunne partiet ved restane av den gamle Strynefjellsvegen og fram til dam Breidalsvatn er vassdekt. Området ved Grotli og vestover langs den gamle Strynefjellsvegen er mykje nytta av turgåande og camperande turistar. Etter vår syn vil vassdekking av dette arealet medverke sterkt til å redusere ei landskapsmessig ulempe både for turistar og hytteeigarar.

Overføringa vil medføre at Raudalsmagasinet i middel vil få 2-3 veker tidlegare oppfylling og jamn vasstand fram til i byrjinga av september. Deretter viser vasstandskurva nedtapping på 1-2 m fram til midten av november. Samanlikna med vasstanden utan overføring, men med drift i Framruste og Øyberget kraftverk, vil overføringa gje noko høgare vasstand i Raudalsmagasinet om hausten. I år med stort tilsig vil vasstanden og nedtappinga i stor grad vere samanfallande med situasjonen før bygging av Framruste kraftverk. Overføringa medfører ikkje store eller hyppige endringar i vasstandsnivået, og vil etter vårt syn såleis ikkje forårsake ulemper av noko omfang i samband med transport til beiteområde og gjeterhytter omkring vatnet.

2.2.4 Massedeponi

Frå nokre av høyringspartane er det peika på inngrep knytt til plassering av ei relativt stor mengde steinmassar frå tunnelen.

I søknaden er det gjort overslag over massevolum både ved fullbrofilboring og ved konvensjonell driftsmåte. For massedeponi vart søknaden utvida til å omfatte også eit deponi øvst i Framrustedalen særleg av omsyn til å minske transporten i beitesesongen ned til hovudtippen ved Framruste kraftverk.

Etter opplysning frå søkjar er det no mest sannsynleg med konsevensjonell driving av tunnelen som inneber halvparten av massane til kvar side. Totalt vil massevolumet i tipp ligge i storleiksorden 530 000-550 000 m3 avhengig om noko av massane vert nytta lokalt umiddelbart.

NVE meiner det vil vere ei miljømessig god løysing å plassere delar av massane på Raudalssida i ein permanent tipp øvst i Framrustedalen. Ein godt terreng- og formtilpassa tipp vil etter nokre år bli lite synleg i det skrånande terrenget på sørsida av Framrusteelv. Utbreiinga av tippen mot Framrusteelva må avgrensast slik at den ikkje vert dominerande landskapselement sett frå Framrustesæter. Tippen i Framrustedalen vil redusere arealtrongen ved hovudtippen ved Framruste kraftverk. Utviding av hovudtippen i sør/sørvestleg retning medfører relativt stor arealutbreiing. Terrenget avgrensar høgda på tippen dersom ein skal unngå negativ påverknad på landskapsrommet ved at toppen av den blir liggande høgare enn furuskogen. Dessutan vil tippen i Framrustedalen medverke til mindre transport og etter vårt syn er ulempene knytt til ein ny tipp i eit område som allereie er påverka av inngrep totalt sett mindre en ulempene ved å transportere massane om lag 5 km nedover dalføret til eksisterande tipp.

Ved Breidalvatnet vil ein del av massane kunne plasserast i steintaket som vart etablert i samband med ombygginga av dam Breidalsvatnet midt på 1980-talet. Det vil redusere m.a. dei loddrette skjeringane i steintaket som står i kontrast til det omkringliggande landskapet med meir avrunda former.

I tillegg foreslår søkjar å etablere ein tipp i Breidalsvatnet med toppnivå 2 m under HRV og eit volum på inntil 120 000 m3. I ein tipp vil ein finne alle typar steinstorleikar frå mindre blokker og ned til kvabb. Deponering av massar ute i vatnet tilseier at dei første åra kan finstoffet som følgje av straumforhold og bølger medføre blakking av vatnet i samband med oppfylling av magasinet. Under nedtapping vil dette vere meir uvanleg pga. is. Tippen vil framstå som ein unaturleg, isdekt «åsrygg» i det nedtappa magasinet, og det er grunn til å tru at på vårparten vil den tørre delen av tippen bli snø- og isfri før vatnet og vil vere skjemmande inntil den vert dekt av vatn. NVE meiner derfor at ein i det lengste bør unngå tipp i magasinet, og heller søkje ei løysing med permanent tipp på land. Etter vår vurdering vil det vere nærliggande å sjå nærmare på området mellom riksveg 15 og Breidalsvatnet der det i dag er etablert ein parkeringsplass. Tippmassane kan då nyttast enten til utviding av parkeringsplassen i ulike nivå eller tilpassast terrengformasjonane og tilsåast.

Med omsyn til framtidig bruk av tippmassar bør dette avgrensast til hovudtippen ved Framruste kraftverk. Både ved Breidalsvatnet og i Framrustedalen må tippane ferdigplanerast og få permanent forbod mot uttak m.a. av omsyn til etablering av vegetasjon.

Dei moglege lokaliseringsstadane for tilkomst av tunnelar og tippar påverkar ikkje truga eller sårbare naturmiljø eller -typar. Dei fleste naturtypane vil ein høgst sannsynleg finne andre stadar langs vassdraget.

Frå grunneigarhald er det kome forslag om deponering av massar under HRV i Raudalsmagasinet til erstatning for tippen øvst i Framrustedalen. Vi viser til dei vurderingane vi har gjort ovanfor omkring deponi i Breidalsvatnet. I tillegg vil ei slik løysing vere teknisk og økonomisk meir krevjande enn bruk av tippane/tippområda som er foreslegne.

NVE stiller seg positiv til å ta i bruk tippmassar til ulike formål lokalt under anleggsperioden, noko som vil medverke til å redusere tippvolumet. Vi ser det likevel som rimeleg at uttak av massar etter anleggsperioden vert avgrensa til ein av tippane for å unngå tilfeldige uttak med punktering av den landskapstilpassa overflata på dei andre deponia.

2.2.5 Produksjon og kostnader

Overføringa vil gje ein brutto årleg midlare produksjonsauke på om lag 130 GWh. Pumpinga vil krevje om lag 5 GWh og netto tilførsel til energisystmet vert dermed om lag 125 GWh. Auken vil i hovudsakleg kome i Framruste kraftverk med omkring 50 % vinterkraft. Totalt vil omsøkte prosjekt saman med Framruste og Øyberget kraftverk i middel tilføre energisystemet 650 GWh. I dagens energisituasjon vil dette vere eit brukbart energitilskot med moderate naturinngrep.

Kostnaden med overføringa er estimert til 250 Mkr pr. 3. kvartal 2003, som gjev ein utbyggingspris på 2 kr/KWh. Vårt kostnadsoverslag er i overkant av 4 % høgare. Ved ev. konsesjon vil det likevel vere situasjonen på entreprenørmarknaden ved tilbodsutlysinga som er avgjerande for utbyggingskostnaden.

Etter gjennomgang av tala for produksjon og kostnader har NVE ut frå ei kost/nytte vurdering ikkje innvendingar mot prosjektet. Basert på den tekniske og økonomiske løysinga meinar vi prosjektet ligg innanfor ei samfunnsøkonomisk akseptabel ramme.

Etter ei samla vurdering av søknaden og dei innkomne uttalane for overføring av Breidalsvatnet til Raudalsvatnet finn NVE at nytten og fordelen er større enn skadene og ulempene for allmenne og private interesser. Kravet etter § 8 i vassdragsreguleringslova er dermed oppfylt, og vi tilrår at Glommens og Laagens Brukseierforening får konsesjon etter vassdragsreguleringslova for overføring av Breidalsvatnet til Raudalsvatnet som omsøkt.

I NVE si totalvurdering inngår også ei vurdering av konsekvensane ved å legge jordkabel frå Framruste kraftverk langs eksisterande veg fram til anleggstad og pumpestasjon på Raudalssida. Ved Breidalsvatnet er det planlagt ei forgreining frå eksisterande 22 kV kraftlinje mellom Pollfoss og Grotli. I høyringsfråsegnene er det ikkje kome innvendingar til løysingane.

Etter NVE si vurdering medfører ikkje framføring av straum skader og ulemper av eit slikt omfang at det har avgjerande vekt for om den omsøkte overføringa kan gjennomførast eller ikkje. Søknaden om bygging av elektriske anlegg vil bli slutthandsama i NVE etter at det er teke stilling til søknaden om konsesjon for overføring.

Til forsida