St.prp. nr. 49 (2004-2005)

Om løyve til overføring av vatn gjennom bygging av ein tunnel mellom Breidalsvatnet og Raudalsvatnet

Til innhaldsliste

3 Innkomne fråsegner til NVE si innstilling

Departementet har fått fråsegner frå følgjande instansar til NVE si innstilling:

3.1 Sel kommune si fråsegn

Sel kommune v/Formannskapet vedtok følgjande fråsegn i møte 19.01.05:

«Sel kommune har ikke merknader utover sak 095/04 den 23.06.04 til overføringstunnelen mellom Breidalsvatnet og Raudalsvatnet i Skjåk kommune.»

3.2 Oppland fylkeskommune si fråsegn

Oppland fylkeskommune uttaler i e-post av 17.02.05 føljande:

«Oppland fylkeskommune viser til tidligere uttale om saken, oversendt NVE 5. juli 2004.»

3.3 Lom kommune si fråsegn

Lom kommune gav føljande uttale 18.02.05:

«NVE si innstilling og godkjenning av konsekvensutgreiingsprogram når det gjeld overføringstunnel mellom Breidalsvatnet og Rauddalsvatnet i Øvre Otta er gjennomgått, og det er ikkje moment her som tilseier at Lom kommune behøver gje ny uttale til denne saka. Det er ikkje noko nytt som angår Lom i høve til det ein var kjent med ved uttale til utbyggingsplanane gjeve av formannskapet i møte 15.06.04, sak 159/04.

Saka gjeld i hovudsak forhold som berører interesser i Skjåk. Overføringa synest ikkje å gje større endringar i vassdraget så langt ned som til Lom - ut over det som følgjer av tidlegare godkjente reguleringar. Ein finn det tilfredsstillande at det i innstilling til konsesjon er sett vilkår om at konsesjonæren kan påleggast endringar i manøvreringsreglement og/eller avbøtande tiltak dersom det skulle syne seg at tiltaket skulle medføre vesentlege skadeverknader for allmenne interesser

Dokumenta med godkjenning av konsekvensutgreiing og innstilling om konsesjon vart lagt som referatsak til formannskapet, referert i møte 18.01.05.»

3.4 Skjåk kommune si fråsegn

Skjåk kommune gav følgjande fråsegn i brev dagsett 18.02.05:

«Vi viser til oversendt innstilling med følgebrev frå Olje- og energidepartementet der det blir bedt om eventuell uttale frå Skjåk kommune, med svarfrist 10.02.05. Vi viser og til telefonsamtale 16.02.05.

Skjåk kommune har følgjande kommentarar til NVE sine vurderingar og konklusjonar i dei enkelte kapitla i innstillinga:

Omsøkt overføring

Ingen kommentar

Vassføring

Ingen kommentar

Regulering av magasin

Breiddalsmagasinet.

Skjåk kommune er samnd i at forseinka fylling kan vere vanskeleg å tidfeste eksakt ut ifrå at oppfyllinga av magasinet er avhengig av snøsmeltinga det enkelte år. Vassregimet i magasinet må likevel vere slikt at konsesjonær er underforstått med at ordlyden i punkt 2 i manøvereringsreglementet: »- rask fylling-» vil seie at kun naturlege påverknader som sein snøsmelting skal ligge til grunn for at fylling av magasinet ikkje kan skje så raskt som mogleg.

Massedeponi

Skjåk kommune er usamnd med NVE i at deponi i Breidalsmagasinet med toppnivå 2 meter under HRV er uheldig. Liknande deponi har tidlegare vore gjort i Breiddalsvatnet i samband med bygging av fylling for riksveg 15 ved hjelp av tunnellmasser frå Oppljostunnelen. Det er ikkje merka skade av finstoffet frå dette deponiet i vatnet på miljø. Området rundt Grotli og Breidalsvatnet er eit viktig reiselivsområde og ein tipp mellom Breidalsvatnet og riksveg 15, som NVE alternativt foreslår, vil bli svært skjemmande i eit elles urøyvd landskap. Skjåk kommune held fast ved at deponi i Breidalsvatnet er den beste løysinga totalt sett. Føresetnaden bør likevel for dette prosjektet vere å tilstrebe at mest mogleg av massene kan brukast til samfunnsnyttige føremål som utbetring av riksveg 15. Her er det eit nært samarbeid mellom kommunane, Skjåk og Stryn, for å påverke vegstyresmaktene til bl.a. å bygge rasoverbygg i Grasdalen. Det er derfor viktig at vassdragstyresmaktene støttar alternativ bruk av massene frå denne utbygginga.

Produksjon og kostnader

Ingen kommentar.

Kommentarar til vilkåra:

Konsesjonstid, post 1

Ingen kommentar

Konsesjonsavgifter og næringsfond, post 2

Skjåk kommune meiner at satsen for konsesjonavgift til kommune på kr. 24,- pr.nat.hk er sett for lågt. Det er samanlikna med den pågåande utbygginga av Øyberget og Framruste kraftverk. Skjåk kommune viser til at det i den omsøkte utbygginga dreier seg om mykje større verknader enn ved den pågåande Øvre Otta utbygginga. Otta elva vil i ei eventuell utbygging blir påverka av mindre vassføring store delar av året over ei lang strekning mellom Grotli og Pollfoss, på 20 km. Dette er ei av dei viktigaste reiselivsstrekningane i landet, og negativ påverknad på miljø vil påverke reiselivsnæringa. Vi meiner dette må kompenserast ved høgare konsesjonsavgift.

Skjåk kommune forlangar ein pris pr.nat.hk på kr. 35,-.

Godkjenning av planar, landskapsmessige forhold, tilsyn m.v. post 7.

Som sagt i innstillinga må ein kome tilbake til landskapsmessige forhold i detaljplanar for dei enkelte områda. Kommunen vil likevel signalisere at det er viktig å prioritere opprydding og skape eit vasspeil oppstraums Breidalsdammen, når magasinet er nedtappa.

Naturforvaltning, post 8

Ingen kommentarar

Automatisk freda kulturminne, post 9

Ingen kommentarar

Forureining, post 10

Ingen kommentarar

Ferdsel, post 11

Ingen kommentarar

Tersklar, post 12

Ingen kommentarar

Manøvreringsreglement, post 14

Ingen kommentarar

Andre kommentarar

Ingen kommentarar

Manøvreringsreglement

Skjåk kommune forutset at det nye manøvreringsreglementet, som erstattar dei 2 eksisterande manøvreringsreglementa for Rauddalen og Breidalen dagsett 20.08.48, ikkje fører til praktiske endringar i vasstanden i dei 2 vatna sjøl om høgdekotene er endra. Skjåk kommune er kjent med at fastsetting av koter i magasina er endra p.g.a overgang til nytt høgdesystem.»

Til forsida