St.prp. nr. 49 (2004-2005)

Om løyve til overføring av vatn gjennom bygging av ein tunnel mellom Breidalsvatnet og Raudalsvatnet

Til innhaldsliste

4 Olje- og energidepartementet sine merknader

4.1 Innleiing

Breidalsvatnet og Raudalsvatnet ligg i Skjåk kommune og er ein del av Øvre Otta vassdraget. Magasina har vore regulert for kraftproduksjon sidan tidleg på 1940-talet med tapping nedover Ottaelv og Lågen for produksjon i kraftverka lenger ned i vassdraget.

Ved kongeleg resolusjon 8. juni 2001 fekk Opplandskraft DA og Tafjord kraftselskap AS konsesjon til å byggje Framruste og Øyberget kraftverk i Skjåk kommune. Konsesjonen vart gjeven med bakgrunn i ein planendringssøknad i samband med den saka som vart handsama i Stortinget i juni 1999, jf. St.meld. nr. 50 (1997-98) og Innst. S. nr. 200 (1998-99).

Kraftverka er planlagt gjort ferdige i 2005. Øyberget kraftverk vil nytte begge reguleringsmagasina, medan Framruste kraftverk berre vil få driftsvatn frå Raudalsmagasinet.

Ei overføring av vatn frå Breidalsmagasinet til Raudalsmagasinet via tunnel vil gjere det mogleg å nytte Breidalsmagasinet og i Framruste kraftverk. I tillegg til betre utnytting av vassressursane tilsvarande om lag netto 125 GWh årleg i ny kraftproduksjon, vil overføringa medverka til ei litt betre flaumdemping i Ottadalføret.

4.2 Konsesjonssøkjaren

Glommens og Laagens Brukseierforening (GLB) er ei brukseigarforeining stifta med basis i vassdragsreguleringslova. Foreininga har ansvaret for 26 reguleringar og overføringar i Glomma og Lågenvassdraget. Medlemane i foreininga er kommunale, fylkeskommunale og private kraftselskap som til saman produserer omlag 10 TWh i eit gjennomsnittleg år.

4.3 Søknaden

Det er søkt om løyve etter vassdragsreguleringslova for overføring mellom reguleringsmagasina Breidalsvatnet og Raudalsvatnet.

Overføringa føreset tidvis pumping av vatnet frå Breidalsvatnet som følgje av innbyrdes ulike kotehøgder for høgaste regulerte vasstand (HRV) og lågaste regulerte vasstand (LRV) i dei to magasina. Dei elektriske anlegga som må byggjast i samband med pumpene er konsesjonspliktige etter energilova, og det er difor søkt om konsesjon etter energilova.

Vassmengda i Ottaelv mellom Breidalsvatnet og avløpet frå Framruste kraftverk vert redusert, og det er søkt om løyve etter forureiningslova.

Alle fysiske tiltak i tilknyting til omsøkt overføring vil skje i Skjåk kommune. Anleggsaktiviteten vil i første rekkje gå føre seg ved begge endane av overføringstunnelen, det vil seie ved områda kring dammane ved Breidalsvatnet og Raudalsvatnet. Prosjektet gjer det ikkje naudsynt med endring av eksisterande reguleringskonsesjonar for Breidalsvatnet og Raudalsvatnet.

4.4 Kraftproduksjon

I eit gjennomsnittleg år vil overføringa auke produksjonen med brutto 130 GWh/år. Framruste kraftverk vil stå for det meste av tilleggsproduksjonen. For pumpinga er det rekna med eit energiforbruk på 5 GWh/år, slik at nettoauken vert om lag 125 GWh/år. 50 prosent av produksjonsauken er vinterkraft.

4.5 Høvet til verneplan og Samla plan

I Verneplan IV for vassdrag er sidevassdraga Finna, Ostri m/Tundra, Skjøli og Bøvri i Øvre Ottavassdraget gjeve vern mot kraftutbygging. Det vert vist til St.prp. nr. 118 (1991-92) og Innst. S. nr. 116 (1992-93). I samband med suppleringa av Verneplan for vassdrag vart elvane Tora, Glitra, Måråi og Åfotgrovi tekne inn i verneplanen, jf. St.prp. nr. 75 ( 2003-2004) og Innst. S. nr. 116 (2004-2005). Dette er sidevassdrag som drenerer til Ottaelva på strekninga mellom Breidalsvatnet og Pollfoss.

Overføringstunnelen det er søkt om er ein del av Samla plan prosjektet Øvre Otta alternativ VA. Alternativet er plassert i kategori I og vart konsesjonssøkt i 1996. Det vart gjeve konsesjon til eit redusert utbyggingsalternativ for Øvre Otta i 2001.

Overføringa vil ikkje kome i konflikt med eller røra ved områder som er verna. Overføringstunnelen vil passere under vassdrag som er verna gjennom suppleringa av Verneplan for vassdrag. I første rekkje gjeld dette Måråe som renn saman med Ottaelv like nedstraums dam Breidalsvatn.

4.6 Verknader av tiltaket

4.6.1 Fordelar

I eit gjennomsnittleg år vil utbygginga tilføre energisystemet om lag 125 GWh, og med små miljømessige inngrep.

Skjåk kommune vil få økonomisk kompensasjon gjennom konsesjonsavgifter og konsesjonskraft. I tillegg vil utbygginga gje kommunen inntekter frå anna skattlegging av kraftverk gjennom til dømes naturressursskatt og eigedomsskatt. Prosjektet vil og gje lokale arbeidsplassar i anleggsperioden.

Tunnelmassane er ein ressurs som kan nyttast over tid anten i samband med vegbygging eller til oppfylling og tilrettelegging av næringsareal.

4.6.2 Ulemper

Omsøkte overføring vil medføre endra vassføring i Ottaelva mellom Breidalsvatnet og Pollvatnet. Dagens median vassføring i vinterhalvåret like nedstraums dammen i Breidalsvatnet (samanlaupet Otta/Måråe) er 7,2 m3/s. Denne vert redusert til 1,6 m3/s. Om sommaren vert vassføringa på same staden redusert frå 22,2 til 12,7 m3/s. I nedre del av den berørte elvestrekninga ved Pollfoss går median vassføring om vinteren ned frå 9 m3/s til 3,4 m3/s, og om sommaren frå 59,4 m3/s til 49,9 m3/s.

Det vert seinare oppfylling mot HRV i Breidalsvatnet i høve til i dag.

Tunnellengda gjer at relativt store steinvolum må plasserast i terrenget like ved innhogg/tverrslag av tunnelen.

4.7 NVE si tilråding

Basert på den tekniske og økonomiske løysinga meinar NVE at prosjektet ligg innanfor ei samfunnsøkonomisk akseptabel ramme.

NVE finn at prosjektet vil gje eit brukbart energitilskot med moderate naturinngrep.

Etter ei samla vurdering av søknaden og dei innkomne uttalane for overføring av vatn frå Breidalsvatnet til Raudalsvatnet finn NVE at nytten og fordelen er større enn skadane og ulempene for allmenne og private interesser. Kravet etter § 8 i vassdragsreguleringslova er dermed oppfylt, og NVE rår til at Glommens og Laagens Brukseierforening får konsesjon etter vassdragsreguleringslova for overføringa som omsøkt.

4.8 Oppsummering av fråsegnene til NVE si innstilling

Lom kommune, Sel kommune og Oppland fylkeskommune peikar på kva dei uttala i høve til søknaden i samband med NVE si handsaming av saka. Dei har ikkje nokon ytterlegare merknadar til NVE si innstilling.

Skjåk kommune sin vesentlegaste kommentar går på at forslaget til sats for konsesjonsavgifta til kommunen på kr. 24,- pr.nat.hk er sett for lågt. Det er samanlikna med den pågåande utbygginga av Øyberget og Framruste kraftverk, og Skjåk kommune forlangar ein pris pr. nat.hk på kr. 35,- pr. nat.hk.

4.9 Departementet si vurdering

Overføringa som det er søkt om skil seg både teknisk og inngrepsmessig frå den overføringa som Stortinget handsama i 1999. Overføringa som no blir fremja er avgrensa til tapping av vatn mellom magasina i Breidalen og Raudalen utan inntak av elvar, og er eit tiltak med vesentleg mindre inngrep og anna teknisk løysing enn tunnelalternativet som vart handsama i 1999.

Einskilde naturvernorganisasjonar hevdar at prosjektet er i strid med Stortinget sitt vedtak av 7. juni 1999 om ei delvis utbygging av Øvre Otta. Rett nok gikk Stortinget i mot ei overføring knytt til eit omfattande prosjekt i 1999. Denne saka gjeld eit mindre overføringsprosjekt utan inntak av sideelver og mellom to magasin som har vore regulert i over 60 år, og som Stortinget no vil få høve til å handsame i samband med denne proposisjonen.

Med ei rein overføring utan inntak av sideelvar er søknaden etter departementet sitt syn ikkje i strid med handsaminga av Øvre Otta i Stortinget i 1999. Dei elvene som var omfatta av den tidlegare søknaden er alle verna gjennom handsaminga i Stortinget 18. februar 2005 av St.prp. nr. 75 (2003-2004) Supplering av verneplan for vassdrag, jf. Innst. S. nr. 116 (2004-2005).

Tiltaket ligg innanfor ramma av utbyggingsalternativ VA som vart plassert i Samla plan kategori I, og som difor kan konsesjonshandsamast.

Overføringa som det er søkt om er det berre mogleg å realisere fullt ut ved pumping av ein del av vatnet inn i Raudalsvatnet sidan HRV i dette magasinet har høgare kotenivå enn i Breidalsvatnet. Oppunder 50 prosent av tilsiget vil bli pumpa over i Raudalsvatnet. Pumpestasjonen vert plassert i fjell og gjev åleine ikkje nye inngrep som er avgjerande for omfanget av prosjektet.

Overføringa vil føre med seg endra vassføring i Ottaelva mellom Breidalsvatnet og Pollvatnet, og gjer at vintervassføringa mellom Breidalsvatnet og Pollfoss vil nærma seg den naturlege vassføringa vinterstid før reguleringa i 1942.

Samanliknar ein med høvet i dag vert det mindre overlaup frå Breidalsvatnet på ettersommaren og hausten som tilfører vatn til Ottaelv. Etter NVE si oppfatning vil endringa i vassføringa ikkje få eit slikt omfang at det oppstår skader eller ulemper for landskapsopplevinga eller fisk og fiskeinteresser.

Etter NVE sitt syn vil det naturlege restfeltet saman med innsjøane nedover vassdraget oppretthalde ei tilstrekkeleg og varierande sommarvassføring som tek vare på omsynet til landskapet og fisk i vassdraget. Minstevassføringspålegget på 300 l/s forbi dammen vil sikre vasspegelen i kulpane ned til samanlaupet med Måråe.

Departementet viser til Direktoratet for naturforvaltning (DN) sine vurderingar av at endra fyllingsmønster i magasina og den reduserte vassføringa vil føre til avgrensa skadeverknader for natur og miljø.

Overføringa vil gje ein brutto årleg gjennomsnittleg produksjonsauke på om lag 130 GWh. Med pumping som vil krevje om lag 5 GWh, blir netto tilførsel til energisystemet om lag 125 GWh pr. år. Auken vil i hovudsak kome i Framruste kraftverk, og med omlag 50 prosent vinterkraft. Dette utgjer eit monaleg tilskot av fornybar energi med moderate naturinngrep.

Overføringa vil og gjere at ein får nytta eksisterande reguleringar mykje betre gjennom dei kraftverka som no er under bygging i Øvre Otta. Prosjektet gjev ein meir effektiv bruk av ressursar enn å gjennomføre nye utbyggingar i urørte og lite påverka område. Dette er i samsvar med merknader frå Stortinget, mellom anna i høve til handsaminga av Vasskraftmeldinga og meldinga om forsyningstryggleiken for straum (St.meld. nr. 37 (2000-2001) og St.meld. nr. 18 (2003-2004), jf. Innst S. nr. 263 (2000-2001) og Innst S. nr. 181 (2003-2004).

Overføringa vil vidare gje ei viss betra flaumdemping i Ottadalføret. Den reduserte vintervassføringa i Ottaelva mellom Breidalsvatn og Pollfoss gjev ein positiv lokalklimatisk verknad.

Utbygginga er i tråd med ønskjer frå kommunen, og vil medverke til sysselsetting og verdiskaping i regionen. Departementet legg stor vekt på oppslutninga om prosjektet lokalt og på fylkesplanet.

Departementet legg vekt på at fylkesmannen har kome til at ulempene er avgrensa sett i samanheng med energigevinsten ved overføringa. DN legg vekt på at overføringa ikkje vil gje nye inngrep i urørt natur, og har konkludert med at konsekvensane for nasjonale miljøinteresser vil vere akseptable sett i samanheng med energien som vert vunnen inn.

Etter ein heilskapleg vurdering av søknaden, finn Olje- og energidepartementet at nytten og fordelane er større enn skadane og ulempene for allmenne og private interesser. Kravet etter § 8 i vassdragsreguleringslova er dermed oppfylt.

Olje- og energidepartementet rår til at GLB får konsesjon etter vassdragsreguleringslova for overføring av vatn frå Breidalsvatnet til Raudalsvatnet slik det er søkt om.

I løyvet etter vassdragsreguleringslova inngår og løyve etter lova om forureining § 11 og løyve til oreigning av naudsynt grunn og rettighetar for å gjennomføre overføringa etter vassdragsreguleringslova § 16 nr. 1.

4.10 Departementet sine merknader til dei foreslåtte vilkår

Konsesjon for regulering av Breidalsvatnet og Raudalsvatnet vart stadfesta ved kongeleg resolusjon 20. august 1948 med eit sett med vilkår og manøvreringsreglement for kvart magasin. Overføringstunnelen vil binde dei to magasina saman utan at det vil gje vesentlege endringar for magasina.

Det er mest formålstenleg å gje eit eige vilkårssett ut frå dei krav vassdragsstyresmaktene no set for overføringa.

Departementet rår til at dei tre konsesjonane vert kopla til eitt manøvreringsreglement.

4.10.1 Konsesjonstid (post 1)

GLB er eit offentleg eigd selskap og fyller kravet til å få tildelt konsesjon på uavgrensa tid. Vilkåra for den nye konsesjonen kan reviderast etter 30 år, jf. vassdragsreguleringslova § 10 post 3, 1. ledd. Departementet rår til at ein nyttar det vanlege vilkåret for revisjon, slik at post 1 anna ledd får fylgjande ordlyd:

«Vilkårene for konsesjonen kan tas opp til alminnelig revisjon etter 30 år. Hvis vilkårene blir revidert, har konsesjonæren adgang til å frasi seg konsesjon innen 3 måneder etter at han har fått underretning om de reviderte vilkår, jf. vassdragsreguleringsloven § 10, post 3, 1.ledd.»

4.10.2 Konsesjonsavgifter og næringsfond (post 2)

Eksisterande regulering frå 1948 har ved siste indeksregulering ein sats på kr 7,79 pr. nat.hk til staten og kr 39,94 pr. nat.hk til kommunen. Ved nye konsesjonar i dag er det vanleg med ein sats på kr 8,00 til staten og kr 24,00 pr. nat.hk. til kommunar. NVE finn ikkje grunnlag for å auke denne i dette tilfellet og foreslår derfor kr 8,00 pr. nat.hk til staten og kr 24,00 pr. nat.hk. til Skjåk kommune. Denne satsen er på nivå med den som vart gjeven i konsesjonen for bygging av Framruste og Øyberget kraftverk.

Skjåk kommune krev ei konsesjonsavgift til kommunen på kr 35,00 pr. nat.hk. ut frå at negativ påverknad på miljø ved mindre vassføring vil vere negativt for reiselivsnæringa.

Departementet viser til NVE si grunngjeving, og sluttar seg til forslaget om ein sats på kr 8,00 pr. nat.hk til staten og kr 24,00 pr. nat.hk. til Skjåk kommune.

Skjåk kommune har fremja krav om å få seg tildelt eit næringsfond på kr 2 300 000. Etter NVE sitt syn er dette akseptabelt sett i høve til talet på naturhestekrefter som vert vunnen inn og nivået for næringsfond fastsett i andre konsesjonar av same storleik. Det vil vere rimeleg at ein del av verdskapinga knytt til vassressursen vert tilført eit fond som har til formål å fremje lokal næringsutvikling i utbyggingskommunen.

Departementet viser til at overføringa ikkje har store miljømessige ulemper, men rår til at Skjåk kommune, som kompensasjon for verdskapinga frå overføringa, vert gjeven eit næringsfond på kr 2 300 000.

4.10.3 Godkjenning av planar, landskapsmessige høve, tilsyn m.v. (post 7)

Departementet foreslår standardvilkår for desse spørsmåla. Detaljplanar skal konsesjonæren leggja fram for NVE til godkjenning før arbeidet i det aktuelle området startar. Konsesjonæren må leggja særleg vekt på detaljplanar knytt til massedeponia.

Detaljane omkring landskapsmessig utforming for tippane i Framrustedalen på Breidalssida er særs viktige fordi dei er permanente deponi som skal stengjast mot uttak. Kommunen skal ha høve til å uttale seg til godkjenninga av detaljplanar. Departementet peikar på at kommunen prioriterer opprydding og å skape ein vasspegel oppstraums Breidalsdammen når magasinet er nedtappa.

4.10.4 Naturforvaltning (post 8)

DN har foreslått at det vert innbetalt eit årleg tilskot på kr 50 000 for opphjelp av fisk/vilt/friluftsliv. Kravet frå kommunen er på kr 60 000 til dette formålet.

NVE meiner at overføringa vil gje avgrensa skader og ulemper for fisk og fiskeinteressene nedanfor Grotlivatnet i fiskesesongen. Dessutan vil Grotlivatnet og dei vatna som ligg nedanfor gje ei viss utjamning av vassføringa nedover til Pollvatnet. I høve til fisken sin reproduksjon meiner NVE at det likevel kan vere eit spørsmål om vintertappinga som har gått føre seg har medverka til auka bestand gjennom at gyteområda har vore sikra stabil tilgang på vatn. Med ei framtidig vintervassføring som nærmar seg naturtilstanden, vil gyteområda oftare bli islagt. NVE finn derfor grunnlag for innbetaling av ein sum på kr 50 000 som også kan kome friluftslivet og viltinteressene til gode.

Etter departementet sitt syn er det på bakgrunn av DN og NVE si faglege tilråding grunnlag for å tilrå at det vert fastsett eit årleg beløp på kr 50 000 til opphjelp av fisk/vilt/friluftsliv.

Departementet rår til standardvilkår for naturforvaltning, men i høve til nyare praksis frå Miljøverndepartementet vert det gjort ei lita endring slik at kommunen og skal rå over midlane til friluftsliv.

Departementet viser til NVE sin merknad om at vilkåra er omfattande, og at ein må knytte pålegg etter denne posten til ei kost/nytte vurdering sett i samband med driftinga av overføringstunnelen.

4.10.5 Automatisk freda kulturminne (post 9)

Standardvilkåret for kulturminne tek vare på omsynet til automatisk freda kulturminne før eventuell anleggsstart. Dette er aktuelt for dei areala og områda som vert direkte påverka av inngrep. Departementet viser til at GLB allereie har engasjert kulturminneseksjonen hos fylkesmannen i Oppland, og at krava i §§ 8 og 9 i kulturminnelova er oppfylt.

Departementet presiserer at det ikkje er grunnlag i denne saka for å gjennomføre eit omfattande registreringsarbeid av områder som ikkje vert påverka av fysiske inngrep.

4.10.6 Forureining (post 10)

Det vert foreslått standardvilkår om forureining. Fylkesmannen føreset at det vert søkt om eige utsleppsløyve for anleggsperioden knytt til mellom anna riggområda. Resipientforholda på elvestrekninga vert endra på vinterstid, men sidan bruken av området er monaleg mindre enn i sommarhalvåret, vil tilførsel av vatn frå restfeltet høgst sannsynleg oppretthalde ein tilfredstillande resipientkapasitet. Spørsmåla om støy og andre ulemper knytt til anleggsdrifta må konsesjonæren løysa gjennom praktiske og minnelege ordningar som GLB tek ansvar for å fremja overfor brukarar og næringsinteresser i dei områda som vert røra ved.

4.10.7 Ferdsel (post 11)

Som hovudregel skal vegar og liknande som vert bygd i anleggsperioden kunne verte nytta av allmenta. For dette prosjektet er det ikkje planlagt nye vegar av noko omfang. Noverande veg oppover Framrustedalen med forgreininga til vegen frå Bråtådalen til Raudalsdammen er knytt til utbygginga av Framruste kraftverk.

Tap av naturleg gjerde på grunn av endra vassføring i beitesesongen må konsesjonæren få avklara gjennom ei minneleg ordning eller ved skjønn. Spørsmålet vil bli i kor stor grad endring av overlaup fører til at beitande husdyr kryssar Ottaelv, og då særleg på strekninga berre med tilførsel frå restfelt.

4.10.8 Tersklar m.v. (post 12)

Kommunen peikar på eit mogleg framtidig behov for terskelbygging på strekninga mellom Breidalsvatnet og samlaupet med Tora. Det vilkåret som er tilrådd, gjev grunnlag for mellom anna å pålegge terskelbygging. NVE er av den oppfatning at dette er naturleg å vurdere nærare når det nye vassføringsregimet har gått føre seg nokre år.

Departementet sluttar seg til NVE si vurdering, og rår til at spørsmålet om eventuell bygging av tersklar vert utsett til vassdragsstyresmaktene får meir erfaring med verknadene av overføringa.

4.10.9 Manøvreringsreglementet (post 14)

Departementet tilrår at overføringa her ses saman med dei to gjeldande manøvreringsreglementa for Breidalsvatnet og Raudalsvatnet, og vert samla i eit felles reglement.

Reguleringsgrenser og minstevassføring for Breidalsvatnet og Raudalsvatnet vert ikkje endra. Ei seinare fylling av Breidalsmagasinet mot HRV med inntil 2 veker i gjennomsnitt om sommaren er akseptabelt i høve til landskapsinteressene. Av omsyn til å redusere flaumtapa vil vatnet ikkje så ofte kome heilt opp til HRV.

Ein flaumbuffer på inntil 1 m mellom kote 899,39 og HRV kote 900,39 er eit monaleg volum for å minske flaumtapet. Større nedbørfelt, mindre magasinvolum og høgare kotenivå på LRV i Breidalsvatnet enn Raudalsvatnet, gjer at ein skal legge vekt på rask oppfylling av Breidalsvatnet til kote 899,39. NVE legg til grunn dei føringane for manøvrering som er oppgjevne i søknaden. I følgje GLB si vasstandskurve for Breidalsvatnet vil hovudtappinga frå magasinet med bruk av overføringstunnelen starte i siste halvdel av desember i eit gjennomsnittleg år. Av omsyn til brukarinteressene ved Breidalsvatnet tilrår NVE at vasstanden ikkje vert senka under kote 899,39 før 15. oktober. Det må leggjast vekt på at dei grunne områda ved dammen i størst mogeleg grad er vassdekt i sommarsesongen.

Departementet sluttar seg til NVE si vurdering her.

Overføringa det er søkt om gjer det mogleg med ei endra manøvrering i Breidalsvatnet. For at framtidig manøvrering i størst mogleg grad skal falle saman med den praksis som er etablert i dag, tilrår departementet at det nye manøvreringsreglementet ikkje legg opp til ei endra manøvrering. Omsynet til at kommunen ikkje vil ha praktiske endringar i vasstanden i magasina skulle med dette vere teken vare på.

Slepping av minstevassføringa forbi dammen i Breidalsvatnet, og ikkje gjennom eksisterande tappetunnel, for å få vatn i det tørrlagde elvelaupet rett nedstraums dammen, vil betre landskapsopplevinga. Damområdet med gamle Strynefjellsvegen er nærområdet for fleire hytter og ei reiselivsverksemd. Punkt for vasslepping frå Breidalsvatnet er knytt til eksisterande konsesjon, som ikkje er til vurdering no. NVE oppmodar likevel om at ei løysing for å kunne tilføre vatn til den tørrlagde strekninga vert vurdert i samband med detaljplanlegginga. Departementet legg og til grunn at ein under detaljplanlegginga finn ei løysing for å tilføre vatn til denne elvestrekninga.

Søkjar viser i tillegg til konsesjonen for Framruste og Øyberget kraftverk frå 8. juni 2001, post 14, der det står følgjande ordlyd: Store døgnvariasjoner skal unngås når det ikke tappes vann fra Breidalsmagasinet. Hovudformålet med ordlyden var å unngå uheldige skader og ulemper for vassdragsmiljøet ved effektkøyring. Etter NVE si oppfatning endrar omsøkte overføring ikkje grunnlaget for dette, og NVE vurderer det ikkje som naudsynt å endre konsesjonen for drifta av Framruste kraftverk.

Departementet sluttar seg til NVE sine vurderingar her.

4.11 Andre merknader

Hytteforeininga ved Grotli har kome med uttale om at ein ønskjer utført tiltak knytt til mellom anna båtplassar og oppsamlingsstad for avfall. Dersom slike privatrettslege tilhøve kan takast opp utover det som gjeld etter tidlegare skjønnsavgjerder, må dette verte gjort ved forhandlingar med grunneigarane.

Grunneigarar/rettshavarar har teke opp spørsmål av privatrettsleg karakter som til dømes moglege ulemper ved bruk av båt på Breidalsvatnet og Raudalsvatnet i samband med transport eller fiske. Departementet legg som NVE til grunn at dette vert ordna gjennom avtale eller skjønn der konsesjonæren vil ha eit særleg ansvar for å medverke til å finne løysingar.

Departementet har merka seg synet til Skjåk kommune på massedeponi. Departementet er samd i at vassdragsstyresmaktene skal støtte alternativ bruk av masse frå utbygginga, men slik bruk må vere i samsvar med dei retningslinene som går fram av NVE si innstilling.

Departementet viser elles til NVE si innstilling.

Til forsida