St.prp. nr. 51 (2000-2001)

Om tilføring av innskotskapital og auka låne- og garantiramme for Statkraft SF

Til innhaldsliste

2 Utviklinga i Statkraft

Statkraft vart stifta i 1992 som eit statsføretak etter ei omorganisering av forvaltningsbedrifta Statkraft. Statsføretaksforma vart valt for å gje Statkraft stor grad av forretningsmessig fridom, samstundes som ein kan ivareta sektorpolitiske omsyn. Styret i Statkraft er ansvarleg for den forretningsmessige drifta, mens departementet mellom anna legg konkrete føringar for dei sektorpolitiske oppgåvene.

Grunna sektorpolitiske omsyn har Statkraft vore pålagt å inngå avtaler for å forsyne den kraftkrevjande industrien og treforedlingsindustrien. Ein stor del av kraftproduksjonen til Statkraft er bunde opp i slike avtaler. Avtalene minkar ein god del i omfang fram mot 2010.

Dei fyrste åra etter stiftinga vart brukt til intern endring av organisasjonen frå forvaltningsorientering til marknadsorientering. Investeringsomfanget vart kraftig redusert i denne perioden. I 1993 kjøpte Statkraft 100 pst. av aksjane i Finnmark Energiverk AS. I desse åra inngjekk Statkraft langsiktige kraftutvekslingsavtaler med europeiske kraftselskap.

I 1996 gjekk Statkraft inn i ein ekspansjonsfase for å styrke posisjonen i den norske- og nordiske kraftmarknaden. Dette innebar kjøp av eigardelar i fleire norske energiselskap. Sidan 1996 har Statkraft kjøpt 20 pst. av Oslo Energi Produksjon AS, 26 pst. i BKK AS, 49 pst. i HEAS, 34 pst. i SKK AS og 34 pst. i Vestfold Kraft AS. Statkraft har investert totalt ca 10,8 mrd. kroner i norske kraftselskap sidan 1992.

SKK og Vestfold Kraft fusjonerte 01.01.2001, og danna selskapet Skagerak Energi AS. Eigardelane til Statkraft i det fusjonerte selskapet utgjer 34 pst. Eigarane i Vestfold Kraft har ei opsjonsavtale om sal av ytterlegare eigardelar. Avtala gjeld til 30.06.2001, og dersom den vert nytta vil Statkraft eige 66,6 pst. i Skagerak Energi.

Parallelt med at Statkraft kjøpte seg opp i norske kraftselskap, gjorde dei omfattande investeringar i det svenske energiselskapet Sydkraft AB. Sidan 1996 har Statkraft investert 11,3 mrd. kroner i selskapet, og har no negativ kontroll i selskapet. Pr. 15.02.2001 eig Statkraft aksjar tilsvarande 35,1 pst. av kapitalen.

I samband med dereguleringa av kraftnæringa på kontinentet, etablerte Statkraft kontor for engroshandel med kraft i Nederland og Tyskland i 1998-1999.

I 1997 og 1998 gjorde Statkraft kraftavtaler med Norske Skog ASA og Norsk Hydro ASA som er med på å dekke det langsiktige kraftbehovet til desse konserna etterkvart som kontraktane gjort på vilkår frå myndigheitene går ut.

Som eit ledd i å fokusere på kjerneverksemda vart Statkraft Anlegg AS selt til NCC Norge AS i 1999.

Statkraft har sidan 1997 utvikla eit samarbeid mellom Statkraft Engineering AS og Grøner AS. I 2000 vart Statkraft Grøner AS danna. Statkraft eig 100 pst. av dette selskapet, som er eit tverrfagleg rådgjevningsfirma innan ingeniør-, miljø- og forretningsrådgjevning.

2.1 Utviklinga i økonomiske forhold

Opningsbalansen til Statkraft vart grunna på ei verdivurdering av føretaket. Den gongen la ein til grunn at kraftprisane etter nokre år ville stige til eit nivå som avspegla kostnadane ved ny kraftutbygging (langtidsgrensekostnad), noko som innebar at balansen om lag vart dobla i forhold til bokførte verdiar. Ved stiftinga vart Statkraft finansiert med 40 pst. eigenkapital, 30 pst. ansvarleg lån og 30 pst. ordinære lån. Det vart fastsett ei låne og garantiramme på 25 mrd. kroner som ei øvre grense for kva statsføretaket kunne oppta av lån og ta på seg av garantiforpliktingar. Ramma skal fungere som ei sikring for å avgrense mogeleg statleg ansvar. Den skal ikkje vere eit instrument for detaljstyring frå staten.

Statkraft sine kjøp av eigardelar i andre kraftselskap vart støtta av Stortinget i 1996 og 1999 ved at innskotskapitalen vart styrkt. I 1996 vart 3 mrd. kroner av føretaket sitt ansvarlege lån gjort om til innskotskapital for å auke Statkraft sin finansielle handlefridom i samband med restruktureringa av kraftmarknaden i Noreg og Nord-Europa, jf. St.prp. nr. 26 (1996-97) og Innst. S. nr. 95 (1996-97). Av same årsak vart resten av det ansvarlege lånet på 3,85 mrd. kroner gjort om til innskotskapital i 1999, jf. St.prp. nr. 18 (1999-2000) og Innst. S. nr. 66 (1999-2000). Låne- og garantiramma vart auka frå 25 mrd. kroner til 32,5 mrd. kroner i 1996, jf. St.prp. nr. 58 (1995-96) og Innst. S. nr. 283 (1995-1996). Låne- og garantiramma vart vidare auka til 42,5 mrd. kroner i 1999, jf. St.prp. nr. 18 (1999-2000) og Innst. S. nr. 66 (1999-2000).

I det fyrste driftsåret, 1992, hadde Statkraft eit underskot på vel 1 mrd. kroner etter skatt. Kraftprisane var svært låge dette året. Resultata betra seg deretter frå år til år, mellom anna på grunn av høgare kraftprisar og gevinstar i kontraktsmarknaden. I dei siste åra har resultata flata ut. Dette skuldast i stor grad at høge tilsig sidan 1997 har gjeve låge kraftprisar.

Sjølv om resultata var svake i starten, betalte Statkraft svært høge skattar, noko som hadde årsak i eit skattesystem som var uavhengig av lønsemda. For rekneskapsåra 1992-1996 utgjorde betalbare skattar i gjennomsnitt over 100 pst. av årsresultatet før skatt for Statkraft SF. Etter innføringa av nye skattereglar frå 1997 avheng skattane no meir av resultatutviklinga. Skattebøra er likevel høg. I gjennomsnitt for rekneskapsåra 1997-1999 utgjorde betalbare skattar om lag 50 pst. av årsresultatet før skatt for Statkraft SF. Produksjonsavgifta som gjaldt frå 1993 til og med 1997 er ikkje medrekna.

Statkraft betalte ikkje utbytte til og med rekneskapsåret 1997. Det skuldast underskot i åra 1992-1994, og at overskota i åra 1995-1997 vart ført mot udekt tap, i samsvar med statsføretakslova. Etter at Statkraft byrja å betala utbytte frå rekneskapsåret 1998, har utbytta vore høge. I 1998 vart all fri eigenkapital betalt i utbytte, mens utbyttet i 1999 utgjorde 64 pst. av årsresultatet etter skatt. For 2000 er utbyttet sett til 750 mill. kroner, avgrensa til 75 pst. av årsresultatet etter skatt. Overslaga på resultat som føreligg, tyder på at utbyttet for 2000 vil utgjere 75 pst. av årsresultatet. Ved handsaminga av statsbudsjettet for 2001 vart det fastsett ein langsiktig utbyttepolitikk for Statkraft på 50 pst. av årsresultatet etter skatt. Denne skal gjelde for rekneskapsåra 2001-2003.

Figur 2.1 syner resultatutviklinga før og etter skatt for Statkraft konsernet frå 1992 til 1999, med anslag for 2000. For åra 1996 og 1997 avvik resultata etter skatt i figuren frå dei offisielle årsresultata for konsernet. Dei offisielle årsresultata for desse to åra var sterkt påverka av rekneskapstekniske forhold knytt til innføringa av nye skattereglar. For 1996 vart det teke utsett skatt-avsetnader som reduserte årsresultatet etter skatt med 521 mill. kroner. For 1997 vart denne avsetninga reversert, noko som auka årsresultatet etter skatt med 521 mill. kroner. Figuren viser kva årsresultata i 1996 og 1997 ville vore utan denne avsetninga og reversering av avsetninga. Desse rekneskapstekniske forholda påverkar ikkje dei betalbare skattane som er omtala ovanfor. Tala for 2000 er anslag som kan verte endra.

Figur 2.1 syner også korleis årsresultata har vore disponert mellom eigar og føretak. Utbyttet som eigar har tatt ut sidan rekneskapsåret 1998 har redusert dei beløpa som Statkraft mellom anna kunne nytta til investeringar. For rekneskapsåret 2000 er det venta at vel 10 pst. av resultatet før skatt vert verande att i føretaket.

Figur 2.1 

Figur 2.1

Den rekneskapsmessige avkastinga til Statkraft har vore låg i heile perioden etter stiftinga. I åra 1992-1999 har den rekneskapsmessige eigenkapitalavkastninga etter skatt variert frå minus 9,0 pst. i 1992 til pluss 7,9 i 1997 og ned til omlag 3,8 pst. i 2000. Desse avkastningstala kan ikkje samanliknast med avkastningskravet til eigenkapitalen etter skatt på 11 pst. som er sett for Statkraft, jf. St.prp. nr. 1 (1999-2000) og St.prp. nr. 1 (2000-2001). Dette kravet forutset at avkastninga vert målt i høve til marknadsverdiar. Sidan Statkraft ikkje er børsnotert er det naudsynt å gjennomføre verdivurderingar med jamne mellomrom for å kunne vurdere marknadsverdien av føretaket.

Sommaren 2000 gjennomførte to uavhengige konsulentselskap verdivurderingar av Statkraft. Desse vurderingane indikerer at avkastninga har vore om lag på nivå med kravet til avkastning sjølv om kraftprisane på 1990-talet har vore vesentleg lågare enn det som opningsbalansen til Statkraft var basert på. Framtidige forventingar i marknaden er også vesentleg lågare no enn dei var i 1992. Desse forholda gjer det krevjande for Statkraft å oppnå ei avkastning på line med avkastningskravet. I St.prp. nr. 1 (2000-2001) var det gjeve ei nærmare omtale av verdivurderingane.

Vedlegg 1 syner nokre hovudtal for Statkraft.