St.prp. nr. 51 (2000-2001)

Om tilføring av innskotskapital og auka låne- og garantiramme for Statkraft SF

Til innhaldsliste

3 Statkraft sin strategi og søknad om kapital

Statkraft sin visjon er å vere eit leiande nordeuropeisk energiselskap med spisskompetanse innan vasskraft. For å oppnå dette har Statkraft identifisert fem hovudmål som dekker dei viktigaste innsatsområda til føretaket. Ei vidareutvikling av kjerneverksemda - kraftproduksjon og engroshandel med kraft - utgjer hovudelementet i strategien til Statkraft.

Dei fem hovudmåla er:

  • maksimere lønsemda i eigen kraftproduksjon

  • vidareutvikle og maksimere lønsemda innan krafthandel

  • realisere lønsame kraftutbyggingar i Noreg

  • auke produksjonskapasiteten gjennom oppkjøp

  • utvikle lønsame kraftprosjekt i andre marknader

Statkraft vil maksimere lønsemda i eigen kraftproduksjon ved å oppretthalde og vidareutvikle den sterke posisjonen føretaket har innan drift av kraftverk og disponering av energi. I dette ligg mellom anna å optimalisere vedlikehald og rehabilitering, og å utnytte potensiale for oppgradering og utviding av produksjonskapasiteten i eksisterande anlegg.

Sidan 1992 har Statkraft bygd opp mykje erfaring og kompetanse innan handel med kraft i ein konkurranseutsett engrosmarknad. Deregulering av kraftnæringa i Europa, og auka samordning mellom landa, vil gje auka internasjonal handel med kraft. Utviklinga går i retning av ein felles europeisk kraftmarknad, som består av ein rekke delmarknader med ulike, men gjensidig avhengige prisar på kraft. Tilhøva på kontinentet vil få auka innverknad på kraftprisane i Noreg. Samstundes skjer det ei nærare samordning av gass- og kraftmarknadene. For å vidareutvikle og maksimere lønsemda innan krafthandel meiner Statkraft det er naudsynt å delta i dei ulike marknadene gjennom aktiv handel. Det vil auke forståinga av prisdanninga i Europa og verknadene på nordiske engrosprisar, samstundes som føretaket kan nytte kompetansen sin og hauste stordriftsfordelar i samband med handtering av informasjon, handelssystem og analyse. Vidare kan det gi grunnlag for betre disponering av energi og auka verdiskaping i kraftproduksjonen.

Statkraft ventar at overkapasiteten i produksjonsapparatet på kontinentet vert redusert i åra som kjem. Det vil bidra til å danne grunnlag for å realisere lønsame kraftutbyggingar i Noreg. Føretaket arbeider med ei rad utbyggingsprosjekt innan vasskraft og vindkraft, samt innan gasskraft gjennom deleigarskap i Naturkraft AS.

Statkraft ynskjer å auke produksjonskapasiteten gjennom oppkjøp. Føretaket viser til at restruktureringa no går fort, og at det er ei utfordring å forsvare den posisjonen føretaket har i dag. Utviklinga dei nærmaste åra er venta å vere avgjerande for fastsetjinga av strukturen og konkurranseposisjonen, både i den norske og europeiske kraftnæringa. Statkraft ser det som sannsynleg at utviklinga vil gå i retning av eit fåtal store aktørar. Ein sterkare posisjon i heimemarknaden vil styrke konkurransekrafta til Statkraft i høve til internasjonale konkurrentar. Kjøp av produksjonskapasitet legg til rette for realisering av stordriftsfordelar innan drift av kraftverk, marknadsanalyse og risikostyring. Føretaket ser for seg at oppkjøpa fyrst og fremst vil skje i Noreg, men kjøp i andre europeiske land er ikkje utelukka.

Statkraft ynskjer i utgangspunktet å kjøpe produksjonsanlegg, ikkje selskap. Sidan det i dag er vanskeleg å kjøpe produksjonsanlegg direkte, må føretaket kjøpe eigardelar i utvalde selskap. Sidan selskapa oftast er vertikalt integrerte, vil Statkraft difor indirekte også tileigne seg eigardelar innan nett- og sluttbrukarverksemd.

Dei finansielle framskrivingane som ligg til grunn i føretaket sin kapitalsøknad, bygger på at Statkraft aukar sin eigardel og oppnår kontroll i dei norske selskapa dei no har inngått strategisk samarbeid med. I tillegg ynskjer Statkraft å gå inn i eit eller to større regionale selskap.

Statkraft legg opp til at dei tilknytta selskapa skal spele ei aktiv rolle i den regionale restruktureringa. Det vil mellom anna legge til rette for å realisere stordriftsfordelar innan nettverksemd og sluttbrukarverksemd. Særleg innan sluttbrukarverksemd vil det truleg vere naudsynt med eit svært stort kundegrunnlag for å sikre lønsemd i ein marknad med sterk konkurranse og små marginar. Statkraft ynskjer å bruke eigardelane sine slik at det vert etablert eit sterkt norsk, og etterkvart, internasjonalt sluttbrukarselskap.

Nett- og sluttbrukarverksemd ligg utanfor kjerneverksemda til Statkraft. Det vil difor vere aktuelt for Statkraft å revurdere sine eigarposisjonar på eit seinare tidspunkt etter å ha medverka til restrukturering og verdiauke. Dette kan ta mange år.

Eigarposisjonen i Sydkraft AB utgjer Statkraft sin hovudstrategi for å posisjonere seg i den nordiske kraftmarknaden utanfor Noreg. Sydkraft er det nest største energiselskapet i Sverige. Sydkraft driv mellom anna verksemd innan vasskraft, kjernekraft, alternative energikjelder og distribusjon av kraft og gass. Selskapet er godt plassert i høve til krafthandel mot kontinentet og mogeleg bygging av gasskraftverk i Sverige. Statkraft ser på eigarskapet i Sydkraft som langsiktig, og føretaket ser for seg eit djupare industrielt samarbeid i åra framover. Ytterlegare investeringar i Sydkraft er berre aktuelt i avgrensa omfang.

Dersom Statkraft gjennomfører dei investeringane som ligg til grunn for kapitalsøknaden, vil føretaket om lag doble produksjonskapasiteten sin fram mot 2007. Statkraft vil då venteleg rå over 15-20 pst. av produksjonskapasiteten i den nordiske marknaden.

Det siste hovudmålet i strategien til Statkraft er å utvikle lønsame kraftprosjekt i andre marknader. Statkraft ynskjer å utnytte og vidareutvikle kompetansen dei har innan prosjektering, bygging og drift av vasskraftanlegg ved å vere med på utbyggingsprosjekt utanfor Nord-Europa. Det største potensialet for ny vasskraft ligg i Asia og Latin-Amerika.

Statkraft har, på grunnlag av strategien som er omtala ovanfor, rekna med samla investeringar for åra 2001 til 2007 på om lag 55 mrd. kroner. Storparten av dette er knytt til auka produksjonskapasitet gjennom oppkjøp. Men Statkraft ventar også å investere ein god del i ny produksjonskapasitet utover i perioden mot 2007.

Figur 3.1 syner anslag på Statkraft sine investeringar for åra 2001 til 2007, fordelt på innsatsområder. Figuren syner også investeringane som vart gjennomført i åra 1992 til 2000.

Figur 3.1 

Figur 3.1

I søknaden peikar Statkraft på at både omfanget av investeringane og fordelinga av investeringane over tid er usikre. Omfanget av investeringane vil mellom anna avhenge av prisutviklinga på kraft og utbyggingskostnaden for ny produksjonskapasitet. Tempoet og omfanget på restruktureringa av kraftnæringa vil også ha stor innverknad på føretaket sine investeringar. Alle investeringar må være lønsame og tilfredsstille avkastningskravet til Statkraft.

For å kunne gjennomføre den langsiktige strategien til føretaket treng Statkraft auka investeringsevne. Føretaket har søkt om eit kapitaltilskot på 5 mrd. kroner og ei auke i låne- og garantiramma på 10 mrd. kroner.

Statkraft har vurdert storleiken på kapitalinnskotet og auken i låneramma på grunnlag av mellom anna forventningar til utviklinga i kraftprisane og vurderingar av omfanget og periodiseringa av investeringane. Føretaket har vidare lagt til grunn ein utbyttepolitikk på 30 pst. av årsresultatet etter skatt, og at bokført eigenkapitalandel skal ligge på rundt 40 pst. over tid.

Statkraft ventar at dei vil trenge ytterlegare kapitalinnskot rundt 2004 på om lag 8 mrd. kroner. Venteleg må også låne- og garantiramma aukast ytterlegare i åra som kjem. Det er stor uvisse knytt til den framtidige trongen for kapital og auke i låneramma. Det vil avhenge av mange faktorar, mellom anna omfang og tidspunkt for investeringar og oppkjøp, prisutviklinga på kraftselskap, kraftpris, rentenivå, skattar, framtidig utbyttepolitikk m.v. Det framtidige kapitalbehovet kan også verte endra dersom Statkraft seinare skulle revurdere strategien i vesentleg grad.