St.prp. nr. 56 (2008-2009)

Om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av tiltaksområde 1 og 3 i Erasmus Mundus II-programmet (2009-2013)

Til innhaldsliste

3 Konstitusjonelle tilhøve

Ettersom den norske deltakinga i programmet inneber økonomiske utgifter av ein viss storleik som skal finansierast over fleire år, må Stortinget gje samtykke til deltaking i avgjerda i EØS-komiteen, jf. § 26 andre leddet i Grunnlova.

For å hindre at Noreg seinkar iverksetjinga av avgjerda, og for å gjere det mogleg for EFTA/EØS-statane å formelt ta del i programmet frå og med dei første utlysingane for 2009, gjer Regjeringa framlegg om at Stortinget gjev sitt samtykke før avgjerda vert teken i EØS-komiteen. Det vil dermed ikkje vere naudsynt for Noreg å ta atterhald for konstitusjonelle framgangsmåtar ved vedtakinga i EØS-komiteen.

Det er ikkje venta at det vil kome endringar i utkastet til avgjerd i EØS-komiteen. Dersom den endelege avgjerda syner stort avvik frå det utkastet som er lagt fram i denne proposisjonen, vil saka verte lagd fram for Stortinget på nytt.

Til forsida