St.prp. nr. 56 (2008-2009)

Om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av tiltaksområde 1 og 3 i Erasmus Mundus II-programmet (2009-2013)

Til innhaldsliste

5 Økonomiske og administrative konsekvensar

Kunnskapsdepartementet vil ha det overordna ansvaret for den norske deltakinga i Erasmus Mundus II-programmet. Senter for internasjonalisering av høgare utdanning (SIU) vil vere nasjonalt kontor («struktur») med ansvar for den nasjonale gjennomføringa, informasjon om programmet og rapportering til EU, slik det var i den første programperioden.

Avgjerda i EØS-komiteen vil innebere ei plikt for EØS/EFTA-statane til å medverke til finansieringa av programmet. Programmet vil for heile perioden ha eit totalbudsjett på om lag 954 millionar euro. Til samanlikning var det sett av 230 millionar euro til programmet i 2004-2008. Dette vart supplert med pengar frå budsjettet for «eksterne aktivitetar», dvs. bistandsmidlar, slik at den samla summen vart 296,1 millionar euro. Fordelinga av utgiftene mellom EU-medlemsstatane og EFTA-statane i EØS vert utrekna årleg ut frå BNP.

Tiltaksområde 1 og 3 har fått eit totalbudsjett på 493,69 millionar euro. For 2009 vil den norske kontingenten for desse tiltaksområda utgjere om lag 17,1 millionar kroner.

Det er ein føresetnad for deltaking i tiltaksområde 1 og 3 i Erasmus Mundus II at det òg vert sett av midlar til nasjonal administrasjon av programmet. Det er Senter for internasjonalisering av høgare utdanning (SIU) som utfører desse oppgåvene, og SIU har fått midlar til dette i 2009, med atterhald om Stortinget sin tilslutnad til programmet. Midlar til deltaking i tiltaksområde 1 og 3 vert dekte over budsjettet til Kunnskapsdepartementet kap. 281 post 73.

Til forsida