St.prp. nr. 57 (1999-2000)

Om samtykke til godkjenning av EØS-komitéavgjerd nr. 150/1999 av 5. november 1999 om endring av vedlegg XIII (transport) til EØS-avtala

Til innhaldsliste

2 Nærmare om forordninga

Eldre flytypar som er bygde om for å nå eit betre nivå med omsyn til støysertifisering, har eit vesentleg høgare støynivå enn moderne flytypar med same masse som opprinneleg er sertifiserte for å stette standardane i del II kapittel 3 i bind 1 av vedlegg 16 til konvensjonen om internasjonal sivil luftfart, 3. utgave (juli 1993).

Rådsforordninga innfører eit forbod mot å føye til desse eldre, støyombygde flytypane i medlemsstatene sine registre frå den datoen då denne forordninga vert teken i bruk. Forordninga fastset òg eit bruksforbod med overgangsperiodar, føresegner for omsertifiserte sivile subsoniske fly som er registrerte i en tredjestat og reglar for mellombels unntak for sivile subsoniske fly. Dette vil det verte gjort nærmare greie for i odelstingsproposisjonen som skal gjennomføre avgjerda.

USA har reagert negativt på rådsforordninga med tilvising til uheldige konsekvensar for handelen med omsertifiserte fly. I følgje amerikanske styresmakter fører rådsforordninga til store økonomiske tap for amerikanske selskap i tillegg til at ho fungerer som ei handelshindring. USA ønskjer i utgangspunktet at EU skal trekkje tilbake heile forordninga.