St.prp. nr. 57 (1999-2000)

Om samtykke til godkjenning av EØS-komitéavgjerd nr. 150/1999 av 5. november 1999 om endring av vedlegg XIII (transport) til EØS-avtala

Til innhaldsliste

5 Vurdering

Regelverket vert rekna som eit vernetiltak for å hindre forverring av støynivået rundt lufthamnene i Fellesskapet og for å redusere drivstofforbruket og ureinande utslepp.

Ein reknar ikkje med at forordninga vil få vesentlege administrative eller økonomiske konsekvensar.

Samferdselsdepartementet tilrår at avgjerda til EØS-komiteen om å ta rådsforordninga inn i EØS-avtala, vert godkjend. Utanriksdepartementet sluttar seg til dette.