St.prp. nr. 57 (2006-2007)

Om delvis bompengefinansiering av prosjekt og tiltak på Haugalandet i Rogaland og Hordaland

Til innhaldsliste

8 Samferdselsdepartementet si vurdering

Samferdselsdepartementet ser positivt på det lokale samarbeidet for å utvikle transportsystemet i Haugesundområdet. Arbeidet er forankra i fylkesdelplanen for areal og transport på Haugalandet som legg opp til ein langsiktig strategi for byutvikling der bustad- og næringsutviklinga skal bygge opp rundt viktige kollektivaksar. Måla er å utvikle eit miljømessig og samfunnsmessig godt transportsystem, å redusere veksten i biltrafikken i byområdet, å redusere talet på trafikkulukker og støyplager og å utvikle eit tilrettelagt og velfungerande transportsystem for alle brukargrupper. Dei tiltaka og prosjekta som blir prioriterte må bidra til å nå desse måla som regionale myndigheiter har gått inn for i fylkesdelplanen.

Samferdselsdepartementet vil peike på at det er stor uvisse i mange av kostnadsoverslaga for prosjekt og tiltak i Haugalandspakka. Dette vil vere situasjonen for ei pakke med mange mindre prosjekt og tiltak som skal gjennomførast over 15 år. Haugalandspakka blir derfor ein finansieringsplan der omfanget av utbygginga må tilpassast den økonomiske ramma. Det er lagt opp til bompengeinnkrevjing i 15 år. Endelege prioriteringar og omfanget av statlege midlar skal vurderast i samband med Nasjonal transportplan for perioden 2010–2019 og seinare revisjonar med påfølgjande handlingsprogram og dei årlege budsjetta. Sidan Haugalandspakka i stor grad omfattar utbetringstiltak og mindre prosjekt, bør det vere enkelt å tilpasse utbygginga til tilgjengelege midlar.

Prosjekt/tiltak og bomstasjonar i Karmøy kommune er tatt ut av opplegget etter at Karmøy har gått i mot bompengeinnkrevjing i sin kommune. Samferdselsdepartementet er kjent med at kommunestyret nyleg har bedt formannskapet vurdere bompengesaka på nytt. Departementet føreset at Karmøy kommune kan slutte seg til opplegget på eit seinare tidspunkt dersom kommunen eventuelt skulle ønskje dette.