St.prp. nr. 58 (2000-2001)

Om samtykke til ratifikasjon av valfri protokoll av 25. mai 2000 om sal av barn, barneprostitusjon og barnepornografi, til FNs konvensjon av 20. november 1989 om rettane til barnet

Til innhaldsliste

3 Vurdering og tilråding

Den valfrie protokollen om sal av barn, barneprostitusjon og barnepornografi må sjåast som eit viktig tiltak for å styrkje barn sine menneskerettar. Barn sine rettar blir prioriterte høgt både på nasjonalt plan og i det internasjonale engasjementet til Noreg for vern av menneskerettane. Det er viktig at Noreg støttar kampen mot seksuell og anna utnytting av barn ved å ratifisere protokollen så snart som råd. Norsk ratifikasjon av protokollen vil vere eit ledd i den norske innsatsen på dette feltet.

Det blir lagt til grunn at gjennomføringa av protokollen i norsk rett ikkje gjer det naudsynt med lovendringar og heller ikkje medfører særlege økonomiske eller administrative konsekvensar.