St.prp. nr. 6 (2002-2003)

Om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om deltaking for EØS/EFTA-statane i EU-programmet om fellesskapstiltak for å stimulere sysselsetjinga (2002-2006)

Til innhaldsliste

1 Avgjerd i EØS-komiteen nr. . . . av . . . om endring av protokoll 31 til EØS-avtala om samarbeid på særlege område utanfor dei fire fridommane

EØS-KOMITEEN HAR -

med tilvising til avtala om Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, endra ved protokollen om justering av avtala om Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, heretter kalla «avtala», særleg artikkel 86 og 98, og

på følgjande bakgrunn:

  1. Protokoll 31 til avtala vart endra ved avgjerd i EØS-komiteen nr. . . . av . . . 1

    .

  2. Samarbeidet mellom avtalepartane bør utvidast til å omfatte europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 1145/2002/EF av 10. juni 2002 om fellesskapstiltak for å stimulere sysselsetjinga 2

    .

  3. Protokoll 31 til avtala bør difor endrast for å gjere eit slikt utvida samarbeid mogleg frå 1. januar 2003.

TEKE DENNE AVGJERDA:

Artikkel 1

I protokoll 31 artikkel 15 i avtala vert det gjort følgjande endringar:

1.Nr. 5 skal lyde:
«EFTA-statane skal ta del i fellesskapsverksemda som er nemnd i nr. 8 første strekpunkt frå 1. januar 1999, og i verksemda som er nemnd i andre strekpunkt frå 1. januar 2003.»
2.I nr. 8 skal nytt strekpunkt lyde:
-32 001 D . . .: Europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 1145/2002/EF av 10. juni 2002 om fellesskapstiltak for å stimulere sysselsetjinga (TEF L . . .).»

Artikkel 2

Denne avgjerda tek til å gjelde dagen etter at EØS-komiteen har motteke den siste meldinga etter artikkel 103 nr. 1 i avtala 3

.

Artikkel 3

Denne avgjerda skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Dei europeiske fellesskapa.

Utferda i Brussel, . . .

For EØS-komiteen
Formann
. . .
Sekretærar for EØS-komiteen
. . .

Fotnotar

1.

TEF L ...

2.

TEF L . . .

3.

[Forfatningsrettslege krav oppgjevne./Ingen forfatningsrettslege krav oppgjevne.]