St.prp. nr. 6 (2002-2003)

Om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om deltaking for EØS/EFTA-statane i EU-programmet om fellesskapstiltak for å stimulere sysselsetjinga (2002-2006)

Til innhaldsliste

6 Økonomiske og administrative konsekvensar

Programmet har eit budsjettoverslag på 55 mill. euro over femårsperioden. Avgjerda i EØS-komiteen vil innebere ei plikt for Noreg til å gje økonomisk støtte til programmet gjennom dei fire åra av programperioden som EØS/EFTA-statane tek del i. Overslaget for denne perioden er 50 mill. euro.

Dei operative programkostnadene er rekna ut i høve til BNP i kvar einskild stat. Dette gjer det vanskeleg å rekne ut på førehand kor stor den nøyaktige summen vert frå år til år. Med utgangspunkt i budsjettoverslaget på 50 mill. euro vil støtta frå Noreg over fireårsperioden kome på om lag kr. 7 600 000, eller ein gjennomsnittleg kostnad på om lag kr. 1 900 000 per år. Utgiftene vil verte dekte over kap. 1594 post 21 i budsjettet til Arbeids- og administrasjonsdepartementet.

Deltakinga i programmet gjer det òg mogleg å innplassere ein nasjonal ekspert i Kommisjonen. Det er vedteke at den nasjonale eksperten skal kome frå Noreg. Å dekkje løn og kostnader til denne eksperten vil vere ein del av medverknaden til dei administrative kostnadene. Dei vil og verte dekt over kap. 1594 post 21 i budsjettet til Arbeids- og administrasjonsdepartementet.

Deltakinga i programmet gjer det ikkje naudsynt med lov- eller forskriftsendringar.