St.prp. nr. 64 (2000-2001)

Om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om endring av protokoll 31 i EØS-avtala om deltaking for EFTA/EØS-statane i fellesskapsprogrammet for å fremje europeisk digitalt innhald i globale nett (eContent)

Til innhaldsliste

3 Konstitusjonelle tilhøve

Den norske deltakinga krev løyvingar over fire år. Stortinget må difor gje samtykke til deltaking i avgjerda i EØS-komiteen, jf. § 26 andre leddet i Grunnlova. Island og Liechtenstein treng ikkje gjennomføre tilsvarande prosedyrar. Ei avgjerd i EØS-komiteen kan ikkje setjast i verk for alle EØS-statane i EFTA før alle naudsynte meldingar er mottekne om at dei konstitusjonelle prosedyrane er gjennomførde.

Hovudregelen er at tilsvarande saker vert lagde fram for Stortinget etter at avgjerda er teken i EØS-komiteen.

Regjeringa meiner at det er viktig å hindre at Noreg sinkar iverksetjinga av avgjerda og sikre at EFTA/EØS-statane kan ta del i programmet så tidleg som råd. Regjeringa gjer difor framlegg om at Stortinget gjev samtykke til deltaking i utkast til avgjerd i EØS-komiteen før avgjerda vert teken. Det vil såleis ikkje vere naudsynt at Noreg tek atterhald om konstitusjonelle prosedyrar. Det er ikkje venta at utkastet til avgjerd i EØS-komiteen vil verte endra. Dersom den endelege avgjerda skil seg vesentleg frå det utkastet som følgjer med proposisjonen, vil saka verte lagd fram for Stortinget på nytt.