St.prp. nr. 64 (2000-2001)

Om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om endring av protokoll 31 i EØS-avtala om deltaking for EFTA/EØS-statane i fellesskapsprogrammet for å fremje europeisk digitalt innhald i globale nett (eContent)

Til innhaldsliste

6 Vurdering

Informasjonsteknologien får stadig betre rotfeste i vestlege industrinasjonar. Noreg har kome langt i utviklinga, og er på topp i verda når det gjeld talet på Internett-brukarar per innbyggjar. Utbygginga av breiband og samansmelting av tele-, data- og mediesektorane opnar for ny produkt- og tenesteutvikling på innhaldssida. Det er viktig å ta del i utviklinga av dette. Stimulering av norsk innhaldsproduksjon vil vere naudsynt for å skape eit allsidig digitalt innhald som både tek omsyn til den norske kulturarven og er allmenndannande, og som samstundes kan medverke til effektivisering av den offentleg sektoren.

Visjonen og innsatsområda i eContent-programmet er i tråd med dette. Det er fokusert på språk og kultur, på å utnytte offentleg informasjon betre og på auka verdiskaping.

Deltaking i eContent-programmet går difor naturleg inn som ein del av norsk politikk for utvikling av informasjonssamfunnet i Noreg, og vert sett på som nyttig for norske forskingsmiljø og norsk næringsliv. Norsk deltaking i eContent vil medverke til å synleggjere norske interesser og aktørar i EU og på den europeiske marknaden, m.a. ved at norske aktørar dreg nytte av EU sine prosjektmidlar.