St.prp. nr. 65 (2007-2008)

Om trygdeoppgjeret 2008

Til innhaldsliste

10 Nærare om auken i minstepensjonane

Folketrygda

Pensjonane i folketrygda består av grunnpensjon og tilleggspensjon og/eller særtillegg. Særtillegget blir gitt utan omsyn til tidlegare inntekt og blir avkorta krone for krone mot tilleggspensjon. Ein pensjonist med tilleggspensjon som er lågare enn særtillegget, får difor både tilleggspensjon og eit avkorta særtillegg. Minstepensjon i folketrygda er definert som den minste pensjonsytinga for ein pensjonist som har full trygdetid og mottek ugradert yting, og består av grunnpensjon og særtillegg (eventuelt tilleggspensjon og eit avkorta særtillegg).

Særtillegget blir gitt med ein ordinær sats og ein minstesats. Per 30. april 2008 var den ordinære satsen 79,33 prosent av grunnbeløpet og minste­satsen 74 prosent av grunnbeløpet. Minstesatsen gjeld når pensjonisten har ektemake eller sambuar som har tilleggspensjon større enn den ordinære satsen. Samla tilleggspensjon og særtillegg for ektemakane skal likevel utgjere minst to gonger særtillegget etter den ordinære satsen. I andre høve blir det gitt særtillegg etter ordinær sats, det vil seie både til einslege minstepensjonistar og til ektepar der begge er minstepensjonistar.

Framlegget om å trappe opp den ordinære særtilleggssatsen vil gi eit løft for minstepensjonistane. Samstundes vil fleire med tilleggspensjon få pensjonen sin supplert med eit avkorta særtillegg. Dei vil då falle innanfor gruppa minstepensjonistar. Etter dei berekningane som er gjort, vil ei heving av satsen til 94 prosent av grunnbeløpet frå 1. mai 2008 føre til at det blir om lag 44 000 fleire minstepensjonistar. Sjølv om enkelte kan ha ei kjensle av at dei får liten nytte av den tilleggspensjonen dei har tent opp, er det i denne samanhengen viktig å framheve at desse pensjonistane får ein auke i pensjonen i tillegg til den auken som hevinga av grunnbeløpet gir.

Supplerande pensjonar

Tenestepensjonane i offentleg sektor er såkalla bruttoordningar som blir gitt i tillegg til folketrygda. Pensjonen frå folketrygda skal alltid betalast fullt ut, medan tenestepensjonen blir redusert med eit samordningsfrådrag. Vanlegvis utgjer samordningsfrådraget ¾ grunnbeløp og heile tilleggspensjonen og/eller særtillegget når tenestepensjonen blir gitt for full tenestetid (vanlegvis 30 år).

Dette systemet inneber at pensjonisten blir sikra ein samla pensjon på noko meir enn bruttopensjonen frå tenestepensjonsordninga (det vil seie før samordning). Ei endring i pensjonen frå folketrygda vil normalt ikkje endre den samla pensjonsutbetalinga. Til dømes blei reglane for tilleggspensjon i folketrygda endra frå 1992 slik at tilleggspensjonane gjennomgåande blei lågare. Dette førte til eit lågare samordningsfrådrag for desse pensjonistane, slik at samla pensjonsutbetaling likevel blei uendra.

Særtillegget har på si side blitt heva mange gonger gjennom åra. Dette har blitt motsvara av eit høgare samordningsfrådrag. Heller ikkje i desse tilfella har samla pensjonsutbetaling endra seg.

Minstepensjonistar som har tenestepensjon som er fullt opptent vil såleis ikkje få ein ekstra auke i samla pensjon ved ei heving av særtilleggssatsen til 94 prosent av grunnbeløpet frå 1. mai 2008. Minstepensjonistane med ein tenestepensjon i tillegg til folketrygda vil difor få ein auke på 5,5 prosent i sine samla pensjonsytingar. Dette er den same veksten som alle pensjonistar med høgare pensjon enn minstepensjon frå folketrygda får. Dersom tenestepensjonen er berekna med mindre enn full oppteningstid, vil samordningsfrådraget bli redusert. Desse pensjonistane vil tene noko på at særtillegget blir auka.

Krigspensjonane blir òg samordna med pensjon frå folketrygda. Auka særtillegg vil dermed gi noko høgare samordningsfrådrag for ein del krigspensjonistar.

Bustøtte

Hovudregelen er at jo høgare inntekt ein husstand har, jo lågare bustøtte får dei utbetalt. Kor stor avkortinga blir, kjem an på kor høg inntekta er.

Satsane i bustøtta blir oppjusterte kvart år i forhold til den generelle auken i trygder, inntekter og buutgifter. Dei som har ein auke i inntekta over auken i satsane, vil få ei avkorting i bustøtta.

Det er inntekt frå likninga som blir nytta ved berekning av bustøtte. Likningsdata frå eit år er tilgjengelege i juli året etter. Auken i trygdene i 2008 vil difor ikkje få verknad på utrekninga av bustøtta før i juli 2009.

Regjeringa vil vurdere tiltak for å sikre at dei auka trygdene i 2008 ikkje gir uønskte reduksjonar i utbetalingar i bustøtta frå juli 2009. Regjeringa arbeider òg med ein gjennomgang av heile bustøtteordninga.