St.prp. nr. 65 (2007-2008)

Om trygdeoppgjeret 2008

Til innhaldsliste

11 Mindreutgifter til andre ytingar frå folketrygda

Ved å nytte etterslepet knytt til alders-, uføre og etterlatnepensjonar frå trygdeoppgjeret i fjor til å auke særtillegget, vil dei andre ytingane som blir regulerte gjennom grunnbeløpet få ein svakare auke enn dei elles kunne ha fått. Etter avtalen med organisasjonane har staten forplikta seg til å føre denne verdien attende til dei aktuelle ordningane innanfor ei provenynøytral ramme. Det vil her truleg vere særleg aktuelt å nytte store delar av denne verdien til å heve minstesatsane i ordningane. Regjeringa vil så snart som mogeleg leggje fram for Stortinget forslag til korleis dette skal gjerast.