St.prp. nr. 66 (2000-2001)

Om endringar på statsbudsjettet for 2001 under kap. 410 Herads- og byrettane og under kap. 440 Politi- og lensmannsetaten

Til innhaldsliste

2 Forslag til omprioritering

Det er nødvendig med strakstiltak for å sikre ei forsvarleg saksavvikling i domstolane. Justisdepartementet foreslår å styrkje domstolane ved å omprioritere ressursar innanfor programområde 06 Justissektoren. Det blir foreslått å auke løyvinga under kap. 410 Herads- og byrettane, post 01 Driftsutgifter med 16 mill. kr mot ein tilsvarande reduksjon under kap. 440 Politi- og lensmannsetaten, post 01 Driftsutgifter. Politidistrikta vil ikkje bli ramma av eit slikt opplegg. Reduksjonen gjeld reelle innsparingar i form av overføringar frå 2000, i all hovudsak grunna seinare tilsetjing i nye stillingar i politi- og lensmannsetaten. Endringa vil ikkje innebere reduksjon i aktiviteten samanlikna med situasjonen i dag.

Når det gjeld kriminalomsorga, vil departementet komme tilbake til eventuelt behov i samband med revidert nasjonalbudsjett.

Til forsida