St.prp. nr. 67 (2004-2005)

Om samtykke til at Noreg deltek i den 14. kapitalpåfyllinga i Det internasjonale utviklingsfondet (IDA)

Til innhaldsliste

2 Bakgrunn

Stortinget slutta seg i mai 1960 til at Noreg skulle verte medlem i IDA. Saman med den «opphavlege» Verdsbanken ( International Bank for Reconstruction and Development – IBRD), Det internasjonale finansieringsinstituttet ( International Finance Corporation – IFC) og Det multilaterale garantiinstituttet ( Multilateral Investment Guarantee Agency – MIGA) utgjer IDA det som vert omtala som Verdsbankgruppa.

Den opphavlege kapitalen i IDA utgjorde om lag SDR 1 milliard. Fondet er tilført ytterlegare om lag SDR 123 milliardar gjennom 13 kapitalpåfyllingar før denne. Hovudoppgåva til IDA er å gje lån til utviklingsføremål i dei fattigaste landa på gunstige vilkår. Lån i IDA er rentefrie, er avdragsfrie dei 10 første åra og har opp til 40 års tilbakebetalingstid. Lån frå IDA vert vanlegvis utbetalt over fleire år, avhengig av kva type prosjekt eller program det vert lånt til. Det vert rekna eit administrasjonsgebyr på 0,75 pst. per år av den delen av lånet som er utbetalt.

Grunnlaget for IDAs hjelp er dei finansielle tilskota som ei rekkje gjevarland stiller til disposisjon gjennom jamlege påfyllingar av fondet. Alle tilskot til IDA er ubundne gåvemidlar. I tillegg kjem tilbakebetalingar frå låntakarane i IDA og overføringar frå overskotet til Verdsbanken, som til saman utgjer ein monaleg del av kapitalpåfyllingane. Hjelp frå IDA går til dei fattigaste utviklingslanda med hovudvekt på Afrika sør for Sahara. For tida kan land med eit bruttonasjonalprodukt per innbyggjar på USD 895 eller mindre få midlar frå IDA. Dessutan kan somme mindre øystatar med særleg sårbar økonomi og manglande kredittverdighet få midlar frå IDA sjølv om bruttonasjonalproduktet per innbyggjar er over denne grensa.

IDA er den største einskildytaren av finansiell hjelp til dei fattigaste utviklingslanda. I dei siste påfyllingane har om lag halvparten gått til Afrika sør for Sahara. Tilskot til IDA er i dei fleste OECD-landa den desidert største multilaterale tilskotsposten. IDA og FNs utviklingsprogram (UNDP) har vore dei største mottakarane av norsk hjelp gjennom multilaterale hjelpeorganisasjonar i dei seinare åra.

Sidan 1960 har Noregs del i kapitalpåfyllingane til IDA vorte gradvis større, først frå 0,89 pst. i dei første kapitalpåfyllingane til 1,42 pst. i IDA 9, til 1,52 pst. i IDA 13 og no 1,68 pst. i IDA 14. Dette heng saman med at Noreg gjer ein lavare andel i gjevartilskot til IDA samalikna med andre bistandskanalar enn mange andre land. Auken kan grunngjevast med at Noregs utanriksøkonomiske stilling har vorte drastisk betra i 1990-åra, og at IDAs utlånspolitikk dei siste 10–15 åra har utvikla seg raskt og i aukande grad har vorte samanfallande med norsk utviklingspolitikk. IDA har ein tydeleg fattigdomsprofil, og Verdsbanken ligg i framkant med omsyn til analytisk arbeid og fagleg hjelp.

Verdsbanken har lenge hatt fattigdomsreduksjon som si overordna målsetjing og legg no FNs tusenårsmål til grunn for verksemda si. Det vert lagt sterk vekt på at hjelpa skal ytast i tråd med mottakarlanda sine eigne utviklingsstrategiar og i styrkt partnarskap med andre institusjonar og bilaterale gjevarar. I tråd med dette er Verdsbanken aktivt med i det forsterka internasjonale arbeidet for auka harmonisering og samordning innanfor gjevarsamfunnet.

Reform av offentleg administrasjon (godt styresett), infrastruktur, utdanning og helse er dei føremåla som mottek mest hjelp frå IDA. Verdsbankgruppa er i dag den største tilskotsytaren til grunnutdanning, primærhelse og kampen mot hiv og aids i utviklingslanda. Det er over år lagt stor vekt på å integrere miljø- og likestillingsspørsmål sterkare i verksemda til IDA. IDA er ein sentral aktør i HIPC-initiativet, som gjev ei samla gjeldslette på USD 54 milliardar til 27 land. Ytterlegare 11 land vil verte inkluderte i initiativet når dei innanrikspolitiske tilhøva i desse landa gjer det mogleg.

IDA og Verdsbanken har felles administrasjon og stab. Institusjonane har i praksis felles styre, sjølv om IDA formelt har eige styre sidan medlemskapen i dei to institusjonane er noko ulik. Fordelinga av stemmer i styra i dei to institusjonane er ulik, ettersom medlemslanda har ulik del av kapitalgrunnlaget i institusjonane. Dette har likevel lite å seie i praksis sidan ein søkjer å ta alle avgjerder med konsensus etter forhandlingar. Dei nordiske og baltiske landa har felles styrerepresentasjon i IDA og Verdsbanken. I forhandlingane om kapitalpåfyllingane i IDA deltek likevel dei nordiske landa kvar for seg. Dei nordiske landa deltek aktivt i utforminga av retningslinjene for verksemda til IDA. Gjennomføringa vert så følgd opp i styrearbeidet gjennom det felles nordisk-baltiske valgruppekontoret. Vervet som leiar av valgruppekontoret og felles styrerepresentant for landa er det no Island som har, men vert overteke av Noreg sommaren 2006.

Til forsida