St.prp. nr. 67 (2004-2005)

Om samtykke til at Noreg deltek i den 14. kapitalpåfyllinga i Det internasjonale utviklingsfondet (IDA)

Til innhaldsliste

5 Noregs tilskot til påfyllinga

Det norske regulære tilskotet til IDA 14 er på 2 184 070 000 kroner, som skal innbetalast over tre år. Tilskot til IDA går over kap. 0171, post 70 (Verdsbanken). I tillegg kjem Noregs tilskot til dekning av IDAs gjeldslettekostnader under HIPC i IDA 14-perioden, som utgjer NOK 195 930 000 over tre år og vert innbetalt separat frå dei regulære tilskota. Til liks med dei tilskota som Noreg tidlegare har gjeve til HIPC-føremål, som ikkje har vore føremål for ei framforhandla byrdefordeling, vil tilskotet til å dekkje IDAs HIPC-kostnader verte dekt av Fond for internasjonale gjeldsletteeoperasjonar (kap. 0172.70).

Til forsida