St.prp. nr. 67 (2004-2005)

Om samtykke til at Noreg deltek i den 14. kapitalpåfyllinga i Det internasjonale utviklingsfondet (IDA)

Til innhaldsliste

3 Forhandlingane om IDA 14

Forhandlingane om den 14. kapitalpåfyllinga av IDA for perioden frå 1. juli 2005 til 30. juni 2008 vart formelt innleidde 18. februar 2004 og vart etter fem forhandlingsmøte avslutta 22. februar 2005. I forhandlingane deltok representantar frå 40 gjevarland. Som under IDA 13 deltok òg nokre representantar for mottakarlanda i forhandlingane. Dette verka positivt for drøftingane ved at forhandlingstemaa også vart opplyste direkte frå mottakarlanda sine perspektiv. Under IDA 13-forhandlingane vart større openskap rundt forhandlingsprosessen initierte. Dette gav høve for innspel frå det sivile samfunnet. Denne openskapen har vorte ytterlegare styrkt under IDA 14-forhandlingane. Utkast til det endelege forhandlingsresultatet vart lagt ut på Internett, med høve for alle interesserte til å kome med innspel og merknader før sluttforhandlingane. Forhandlingane var prega av at dei gjekk føre seg i ein periode då spørsmålet om korleis FNs tusenårsmål skal kunne nåast, stod høgt på den internasjonale dagsordenen. Det vart i den samanhengen fokusert både på utviklingspolitiske prioriteringar for IDA og på den store trongen for finansiell hjelp – frå mellom andre IDA – i freistnadene på å nå tusenårsmåla.

Det var semje om at IDA-forhandlingane må verte meir selektive og fokuserte. Dette innebar at ein ikkje bør bruke unødig tid og ressursar på spørsmål som det alt er brei semje om (til dømes landeigarskap, godt styresett, økonomisk vekst, utdanning og likestilling), at detaljane i IDA sitt arbeid bør vere ei sak for styret, og at forhandlingane og sluttrapporten difor bør fokusere på relativt få og viktige nye tema.

Desse temaa vart drøfta spesielt under forhandlingane:

  • Ein berekraftig gjeldssituasjon for mottakarlanda, under dette å auke gåvedelen av IDA-hjelpa. Trass i omfattande gjeldslettetiltak dei seinare åra slit mange fattige land framleis med monalege gjeldsproblem.

  • Berekraftig økonomisk vekst og utvikling av privat sektor. Dette er svært viktige element i utviklingsprosessen, som har vorte vigd urimeleg lita merksemd dei seinare åra.

  • IDAs rolle i utviklingssamarbeidet, særleg på landnivå. Eit heilt sentralt tema i dagens debatt om utviklingshjelp er trongen for at alle gjevarar tilpassar seg mottakarlanda sine eigne utviklingsstrategiar og harmoniserer verksemda si.

Med utgangspunkt i trongen for ekstern finansiering av FNs tusenårsmål og IDAs klare fattigdomsorientering vart det frå Verdsbankens side lagt opp til eit påfyllingsnivå som ville sikre at IDAs del av den samla hjelpa vart halde ved lag, når det vert teke omsyn til auken i hjelp som gjevarsamfunnet har bunde seg til etter den FN-leidde konferansen om finansiering for utvikling i Mexico i 2002. Verdsbanken tok på dette grunnlaget til orde for ein auke i påfyllinga på 30 pst. samanlikna med IDA 13. Noreg, med støtte frå særleg Storbritannia og Sverige, gjekk likevel inn for at påfyllinga skulle aukast med 40 pst. fordi ein til skilnad frå tidlegare påfyllingar også måtte mobilisere gjevartilskot til å dekkje IDAs gjeldslettekostnader under HIPC-initiativet. Heilt sidan HIPC-initiativet vart sett i verk i 1996 har det vore ein føresetnad at gjeldsletta skal kome i tillegg til anna hjelp. Frå norsk side peika ein difor på at dekning av IDAs HIPC-kostnader ikkje burde inkluderast når ein rekna ut IDA sin del av den samla hjelpa. Sjølv om det var generell oppslutnad om at IDAs del av den samla hjelpa burde haldast ved lag, viste forhandlingane at det var ulik vilje og evne til å medverke til at målet lét seg oppfylle.

Noreg tok òg opp andre tema under forhandlingane. Dette gjaldt mellom anna spørsmålet om korleis Verdsbanken kan medverke betre til gjevar­samordning på landnivå og styrking av samarbeidet med FN.

Eit anna spørsmål som vart drøfta, var ytterlegare styrking av IDAs system for fordeling av ressursar mellom land basert på reforminnsatsen og måloppnåinga til låntakarlanda.

Til forsida