St.prp. nr. 70 (2003-2004)

Om samtykke til ratifikasjon av konvensjon av 14. november 1970 om tiltak for å forby og hindre ulovleg import og eksport av kulturgjenstandar og ulovleg overføring av eigedomsrett til kulturgjenstandar

Til innhaldsliste

4 Økonomiske og administrative konsekvensar

Kultur- og kyrkjedepartementet legg til grunn at ein ratifikasjon av konvensjonen ikkje vil ha nemneverdige økonomiske konsekvensar. Ein ratifikasjon av konvensjonen vil i stor grad vere ei systematisering av reglar som allereie gjeld, saman med ei internasjonal plikt til å gjennomføre dei. Administrativt vil konvensjonen bli forvalta blant anna av ABM-utvikling - Statens senter for arkiv, bibliotek og museum og Riksantikvaren innanfor fagområda sine, i tillegg til at det er tollstyresmaktene som vil følgje opp importforbodet. Kontroll av forbodet mot import av kulturgjenstandar vil vere ei ny oppgåve som Tollvesenet vil få pålagt. Vareaspektet i høve til kva som blir rekna som kulturgjenstandar vil likevel vere likt både ved utførsels- og innførselsforbodet. Kontrollen av import av kulturgjenstandar vil derfor bli ein del av den målretta kontrollen som Tollvesenet gjennomfører på kulturgjenstandar generelt.