St.prp. nr. 70 (2008-2009)

Om investeringar i Forsvaret

Til innhaldsliste

2 Nye prosjekt for godkjenning (kapittel 1710)

2.1 Oppbygging av High Readiness Force (HRF) i Rena leir

Hæren si lokalisering i framtida vil vere sentrert rundt Indre Troms og Østerdalen garnison, jf. Stortinget sitt vedtak og føringar i Innst. S. nr. 318 (2007-2008), jf. St.prp. nr. 48 (2007-2008). High Readiness Force (HRF)-avdelingane i Hæren er lokaliserte til Rena leir. Desse er Telemark bataljon og taktiske støtte- og logistikkavdelingar. Dei taktiske støtte- og logistikkavdelingane har til føremål, saman med Telemark bataljon, å gi Hæren evne til å møte både nasjonale krav og krav stilt av NATO til reaksjon og uthaldenheit. Avdelingane er under oppbygging og har behov for nye bygg- og anleggsfasilitetar for å sikre høveleg trening, drift, samvirke og beredskap.

HRF-avdelingane er oppsette med eit bredt spekter av køyrety, utstyr og konteinarar. Dette fører med seg behov for ulike typar garasjar og plass for lagring for å ta vare på materiellet og utdanninga på materiellsystema. Prosjektet omfattar bygging av eit isolert garasjebygg, ein varmgarasje og ein ny kennel. I tillegg er det ei mindre ombygging frå undervisingsrom til kontor i Rena tekniske verkstad.

Prosjekt for oppbygging av HRF er føreslege gjennomført innanfor ei kostnadsramme på 126 mill. kroner.

2.2 Oppgradering av bygning 39 på Akershus festning

Bygning 39 på Akershus festning er eitt av bygga i Myntgata 1-kvartalet. Før flyttinga til det nye leiingsbygget i desember 2006, hadde Forsvarsdepartementet sine kontor mellom anna i bygning 39. I arbeidet med å avdekkje status i eksisterande konstruksjonar i bygget, er det funne omfattande sopp- og råteskadar. For å utbetre desse skadane, må det gjennomførast store bygningsarbeid. I tillegg må grunnmur, utvendige vegger, tak og vindauge utbetrast. Vidare må dei tekniske anlegga i bygget gjennomgå full oppgradering.

Prosjektet omfattar utvendig og innvendig rehabilitering av bygning 39 på Akershus festning. Forsvaret har eit stort behov for kontorareal, og areala er tilpassa Forsvaret sitt behov for eit generelt kontorbygg. Det vert lagt opp til ei delt løysing mellom kontorlandskap og kontor. Bygning 39 er eit verna bygg, og antikvariske interesser vil bli ivaretatt i gjennomføringa av prosjektet.

Prosjekt for oppgradering av bygning 39 på Akershus festning er føreslege gjennomført innanfor ei kostnadsramme på 121 mill. kroner.

2.3 Kommandoplass for Forsvarets operative hovudkvarter på Reitan

Ved handsaminga av Innst. S. nr. 318 (2007-2008), jf. St.prp. nr. 48 (2007-2008), vart det vedteke å leggje ned det noverande hovudkvarteret på Jåtta og opprette eit nytt Forsvarets operative hovudkvarter (FOH) på Reitan. Hovudkvarteret skal vere i drift seinast 1. august 2009.

Det er behov for å gjere einskilde tiltak i det eksisterande fjellanlegget for å tilpasse anlegget til den nye verksemda. Dei viktigaste tiltaka som skal gjennomførast, i tillegg til ei generell modernisering, er ombygging av det eksisterande analyse-, leiings- og kontrollrommet, utvide kjøkkenet, matsalen og pauseareala og tilpassing til nye og fleksible kontorarbeidsplassar samt gruppe- og møterom. Tiltaka vil bli gjennomførde i dei eksisterande areala i fjellanlegget.

Prosjekt for kommandoplass på Reitan er føreslege gjennomført innanfor ei kostnadsramme på 209 mill. kroner.

2.4 Fleirbrukshall Skjold fase 2

Skjold leir i Indre Troms er ein av leirane som er sentrale for oppbygging og utvikling av Hæren, som skjer med tyngde i nord. I Skjold leir trengst det eigedom og bygg og anlegg for å styrkje Ingeniørbataljonen og 2. bataljon. For å dekkje meir av behova for kontor, lager, garasje og undervisningsrom, vert det føreslege å byggje ein ny fleirbrukshall av same type som tidlegare er bygd på Skjold. Fleirbrukshall fase 1 på Skjold vart behandla av Stortinget ved handsaminga av Budsjett-innst. S. nr. 7 (2007-2008), jf. St.prp. nr. 1 (2007-2008). Brukar er godt nøgd med denne hallen, men fleirbrukshall fase 1 dekte berre ein del av det som trengst.

Prosjektet for fleirbrukshall fase 2 er føreslege gjennomført innanfor ei kostnadsramme på 121 mill. kroner.