St.prp. nr. 70 (2008-2009)

Om investeringar i Forsvaret

Til innhaldsliste

3 Nye prosjekt for godkjenning (kapittel 1760)

3.1 Nytt logistikk- og støttefarty

3.1.1 Innleiing

Gjennom St.prp. nr. 48 (2007-2008) vart Stortinget orientert om ei planlagt styrking av sjøbasert logistikkstøtte og evne til deployering av integrerte maritime styrkeforband både heime og ute gjennom innfasing av eit nytt logistikk- og støttefarty.

Eit logistikk- og støttefarty utgjer ein vesentleg kapasitet i langvarige maritime operasjonar, både nasjonalt og internasjonalt. Med Noreg si langstrekte kystline og omfattande ansvarsområde og interesser til havs, har Sjøforsvaret ei heilt sentral rolle i handtering av utfordringane i våre nærområde.

3.1.2 Kapasiteten

Forsvaret driv i dag døgnkontinuerlege operasjonar knytte til mellom anna overvaking og suverenitetshevding i norsk sjøterritorium og havområde under norsk jurisdiksjon. Sjøforsvaret sitt mest sentrale bidrag til løysing av oppgåvene nasjonalt ligg i evna til å vere tilstade med relevante maritime kapasitetar over tid, spesielt i nordområda. Dei maritime kapasitetane er i hovudsak nye fregattar, nye missiltorpedobåtar og ei modernisert kystvakt. Eit havgåande logistikk- og støttefarty vil styrkje den operative evna i langvarige operasjonar og evna til å vere tilstade i dei nordlege havområda.

For at maritime einingar skal kunne framstå som ein tilgjengelig, etterspurd og truverdig maritim kapasitet, må dei mellom anna kunne operere over tid på havet utan behov for ei landbase i direkte nærleik.

Eit nytt logistikk- og støttefarty vil i tillegg kunne utføre transport- og logistikkstøtte, som til dømes transport av personell, drivstoff, proviant og reservedelar til Hæren, Luftforsvaret, Heimevernet og til sivile styresmakter.

3.1.3 Ekstern kvalitetssikring

Ekstern kvalitetssikring av prosjektet er gjennomførd i samsvar med retningslinene frå Finansdepartementet. Resultata frå kvalitetssikringa ligg til grunn for den tilrådde kostnadsramma.

Forsvarsdepartementet vil i sitt gjennomføringsoppdrag til Forsvaret følgje opp dei usikkerheitsreduserande tiltaka som ekstern kvalitetssikrar har tilrådd. Forsvarsdepartementet vil mellom anna følgje opp moglegheitene for internasjonalt samarbeid.

3.1.4 Kostnader

Den tilrådde kostnadsramma (post 45) for prosjektet er 1 550 mill. kroner medrekna ei avsetting for usikkerheit. Gjennomføringskostnadene (post 01) for prosjektet er estimert til 80 mill. kroner.

Forsvarsdepartementet vil vurdere behova for ei eventuell utbetring av kaifasilitetane ved Haakonsvern orlogsstasjon.

3.2 Landbasert, indirekte eldstøtte (artilleri)

3.2.1 Innleiing

Gjennom St.prp. nr. 1 (2007-2008) og St.prp. nr. 1 (2008-2009) vart Stortinget informert om fire prosjekt for modernisering av Hæren. Eitt av desse prosjekta er nyskaffing av artilleri.

Dei noverande artillerikanonane av typen M109 er frå slutten av 1960-talet. Kanonane vart moderniserte i 1989-1990 med nye tårn for å få lengre rekkjevidde, og nokre er seinare oppdaterte. Likevel krev desse artillerikanonane mykje vedlikehald og er lite fleksible for moderne bruk.

3.2.2 Føremålet med prosjektet

Føremålet med prosjektet er å tilpasse Hæren sitt artilleri til framtida. Artilleriet må moderniserast med ein fleksibel og effektiv type skyts som òg kan bruke nye ammunisjonstypar. Moderne ammunisjon har mellom anna lågare risiko for utilsikta skade som følgje av at dei er meir nøyaktige. Difor vil nytt skyts ha høgare presisjon i tillegg til lengre rekkjevidde enn det noverande artilleriet.

3.2.3 Samarbeid med Sverige

Noreg inngjekk våren 2007 ein samarbeidsavtale med Sverige for å effektivisere utviklinga og produksjonen av eit nytt artillerisystem til hærstyrkane både i Sverige og Noreg. Dette er venta å gje innsparingar, særleg i drift, i tillegg til større operativ effekt og uthaldenheit. Som eit ledd i samarbeidet er det forhandla fram ein felles avtale om dette med leverandøren ( BAE Systems Bofors) om utvikling av, og opsjon for nyskaffing av, artilleri av typen Archer.

Regjeringa er oppteken av å sikre at eit utvida nordisk forsvarssamarbeid også skal kome norsk industri til gode. Ei balansert industrideltaking mellom landa er eit vesentleg element i samarbeidsavtalen mellom Sverige og Noreg. Det er ein føresetnad at ei norsk nyskaffing hjå svensk industri skal balanserast med ei svensk nyskaffing hjå norsk forsvarsindustri av tilsvarande verdi og kvalitet i same tidsrom. Departementet vil nøye følgje opp for å sikre at denne balansen vert etablert.

3.2.4 Nærare om prosjektet

Archer er eit hjulgåande og sjølvdrive artilleriskyts. Det vert planlagt ei nyskaffing av inntil 24 skyts og system for handtering av ammunisjon, system for eldleiing, ein del logistikk og ei viss mengd moderne ammunisjon. Dei nye skytsa kan opererast innanfrå ein pansra kabin.

Regjeringa har lagt vekt på at samarbeidsavtalen med Sverige ikkje skal vere til hinder for at ein tilbakefallsposisjon som alternativ vert gjort gjeldande. Dersom samarbeidet med Sverige ikkje kan gjennomførast tilfredsstillande og kontrakten om nyskaffing av artilleri ikkje vert signert, vil Noreg starta ein eigen nyskaffingsprosess gjennom ein open anbodskonkurranse. Dette er gjort kjent for Sverige.

3.2.5 Ekstern kvalitetssikring

Ekstern kvalitetssikring av prosjektet er gjennomført i samsvar med retningslinene frå Finansdepartementet. Resultata frå kvalitetssikringa ligg til grunn for den tilrådde kostnadsramma.

Forsvarsdepartementet vil følgje opp dei usikkerheitsreduserande tiltaka som ekstern kvalitetssikrar har tilrådd.

3.2.6 Kostnader

Den tilrådde kostnadsramma (post 45) for prosjektet er 1 820 mill. kroner medrekna ei avsetting for usikkerheit. Gjennomføringskostnadene (post 01) for prosjektet er venta å bli 43 mill. kroner.