St.prp. nr. 71 (1998-99)

Om samtykke til ratifikasjon av ein mellombels frihandelsavtale av 30. november 1998 med tilhøyrande vedlegg og protokollar mellom EFTA-statane og PLO på vegne av Den palestinske sjølvstyresmakta (PA) og erklæring i samsvar med protokoll E

Til innhaldsliste

2 Frihandelstingingane med PLO på vegne av Den palestinske sjølvstyresmakta (PA). Bakgrunn og gjennomføring

2.1 Samkvemmet mellom EFTA og PLO/PA

Som europeisk frihandelsorganisasjon har EFTA interesse i å vere med på å byggje opp nye samarbeidsmønster med Middelhavsregionen. Hovudformålet er å sikre parallellitet med EU for å oppnå same handelsvilkår i Middelhavsregionen som EU. Ved å medverke til utviklinga av eit frihandelssystem som òg omfattar middelhavsland, kan EFTA-statane medverke til å sikre økonomisk framgang og politisk stabilitet i Middelhavsregionen.

Dette låg m.a. til grunn for EFTA-ministrane si erklæring frå Bergen i juni 1995, der samkvemmet mellom EFTA og tredjeland vart utvida til å gjelde land og regionar utanfor Europa. Erklæringa vart følgd opp med forhandlingar om samarbeidserklæringar med fleire statar i Middelhavsregionen, mellom anna med PLO/PA. Under ministermøtet i Genève i desember 1996 underskreiv EFTA-statane ei samarbeidserklæring med PLO/PA. Samarbeidserklæringa la grunnlaget for eit økonomisk samarbeid mellom EFTA-statane og PLO/PA, først og fremst på tekniske og handelsrelaterte felt. Erklæringa forplikta partane til å drøfte ei gradvis etablering av frihandel mellom partane.

Sidan underskrivinga av samarbeidserklæringa mellom EFTA-statane og PLO/PA har det vore eit ønske både frå EFTA-statane og PLO/PA si side å få i stand eit enda vidare samarbeid ved å inngå ein frihandelsavtale. Første runde av forhandlingane om ein frihandelsavtale starta i januar 1998, og ein mellombels frihandelsavtale vart underskriven 30. november 1998. I tråd med parallellitetsprinsippet, som ligg til grunn for EFTA sine relasjonar med tredjeland, er hovudformålet med frihandelsavtalen mellom EFTA-statane og PLO/PA å sikre same handelsvilkår som i den mellombelse assosieringsavtalen mellom EU og PLO/PA. Dette inneber at frihandelsavtalen medverkar til å sikre EU og EFTA eit tilnærma likt handelsregime i høve til PLO/PA.

Samstundes ønskjer EFTA-statane gjennom frihandelsavtalen å støtte opp om det breiare samarbeidet mellom EU og middelhavslanda for å sikre politisk stabilitet og økonomisk utvikling i regionen, den såkalla Barcelona-prosessen. Ut frå dette omsynet har Middelhavsregionen på norsk side hatt høgare prioritet enn handelsvolumet skulle tilseie.

2.2 Samkvemmet mellom EU og PLO/PA

EU har inngått assosiasjonsavtalar med ei rekkje statar i Middelhavsregionen, samt ei mellombels assosieringsavtale med PLO/PA. Assosiasjonsavtalane er omfattande avtalar og dekkjer m.a. handelssamarbeid, i tillegg til politisk, økonomisk og kulturelt samarbeid. Frihandelsdelen i avtalen omfattar industrivarer og til ein viss grad landbruksvarer, fisk og andre marine produkter. Avtalen inneheld føresegner om opphavsreglar, konkurransereglar, offentlege innkjøp, immaterialrettsleg vern, tvisteløysingsmekanismar, tryggingsklausular, tenester, investeringar og etableringar.

Assosieringsavtalane er ein viktig del av euro-middelhavssamarbeidet, som omfattar 27 partnarar. Eit hovudmål med det økonomiske samarbeidet i Barcelona-prosessen er å skape eit frihandelsområde mellom EU og middelhavslanda innan år 2010.

2.3 Forhandlingsprosessen

Forhandlingane med PLO/PA har gått føre seg på embetsnivå i Genève i perioden 22. januar 1998 til 23. oktober 1998. EFTA-statane har opptredd som ei samla gruppe i forhandlingane på grunnlag av felles forhandlingsposisjonar som er oppnådde på førehand gjennom interne EFTA-møte.

Første runden av forhandlingane fann stad i Genève 22. januar 1998, andre forhandlingsrunden 23.-24. juni 1998 og siste forhandlingsrunden, saman med parafering av den mellombelse frihandelsavtalen, fann stad 22.-23. oktober 1998. Den bilaterale landbruksprotokollen mellom Noreg og PLO/PA vart òg parafert i Genève 23. oktober 1998.

Den norske forhandlingsdelegasjonen har vore leidd av Utanriksdepartementet. Representantar for andre departement har delteke i forhandlingane etter behov. På norsk side har hovudspørsmåla under forhandlingane vorte avklara etter kvart i ei eiga interdepartemental referansegruppe for EFTA- og tredjelandsspørsmål. I tillegg til representantar frå Utanriksdepartementet har referansegruppa vore samansett av deltakarar frå Finansdepartementet, Nærings- og handelsdepartementet, Fiskeridepartementet, Landbruksdepartementet, Toll- og avgiftsdirektoratet, Konkurransetilsynet og Patentstyret.

EFTA sin leiar for forhandlingane har halde Europakommisjonen informert om framgangen i forhandlingane og har hatt drøftingar med israelske styresmakter om problemstillingar knytte til avgrensingar, særleg spørsmålet om kumulasjon, i forhold til frihandelsavtalen mellom EFTA og Israel.

Landbruksdepartementet har leidd forhandlingane om den bilaterale landbruksprotokollen mellom Noreg og PLO/PA, og desse forhandlingane har gått parallelt med forhandlingane om ein frihandelsavtale.

Til forsida