St.prp. nr. 71 (2003-2004)

Om endringar i statsbudsjettet for 2004 som følgje av takstoppgjera for psykologar og fysioterapeutar

Til innhaldsliste

2 Bakgrunn

Avtaletidspunktet for dei einskilde avtalane om basistilskot, driftstilskot og takstar for legar, psykologar og fysioterapeutar er 1. juli.

Ved oppgjera per 1. juli 2003 blei det gjeve tillegg med ei økonomisk ramme svarande til 1,0 prosent for legane, 1,2 prosent for fysioterapeutane og 2,0 prosent for psykologane. Reguleringane fekk verknad frå same dato.

Dei respektive organisasjonane og staten, Kommunenes Sentralforbund og dei regionale helseføretaka har no ført forhandlingar om avtalar for tidsrommet 1. juli 2004 - 30. juni 2005. Forhandlingane for legane er ikkje avslutta. Avtaleframlegga for fysioterapeutane og psykologane har noko ulik utforming. For fysioterapeutane inneber avtalen i utgangspunktet ein samla auke i takstar, driftstilskot og fondsavsetningar med 4,5 prosent og for psykologane ein auke med 3,4 prosent. På bakgrunn av utviklinga i honorarinntekter for gruppene dei siste åra, er takstana justert noko mindre enn dette. Rammejusteringane er rekna per 1. juli 2004. Skilnaden i rammeauke heng saman med ulike overheng i takstar og driftstilskot inn i 2004, ulik utvikling i kostnader og ulike inntektsnivå.

I St.prp. nr. 63 (2003-2004) har regjeringa gjort framlegg om at eigendelane skal aukast med 5 prosent frå 1. juli 2004 og refusjonsløyvingane setjast ned tilsvarande. Endringane i honorartakstane som følgje av dei nye avtalane får difor full verknad i refusjonsutgiftene.

Da ordninga med driftstilskot for legar, fysioterapeutar og psykologar blei innførd i 1984, var føresetnaden at driftstilskotet skulle utgjere om lag 40 prosent av gjennomsnittleg omsetnad for dei ulike gruppene. For legespesialistar og psykologar har driftstilskotsdelen av finansieringa over tid blitt vesentleg lågare, og ved takstoppgjera i 2003 blei det avtala ei omfordeling frå takstar til driftstilskot for å auke prosentdelen noko. Ved handsaminga av St.meld. nr. 5 (2003-2004), jf. Innst. S. nr. 82 (2003-2004), har Stortinget slutta seg til at driftstilskotsdelen skal aukast til opp mot 40 prosent for dei to gruppene, og ved dette oppgjeret er det avtala ei ny omfordeling frå takstar til driftstilskot for psykologane. Som følgje av dette blir det gjort framlegg om å auke overføringane til dei regionale helseforetaka med 8,5 mill. kroner.

Medrekna den nemnde omfordelinga blir den samla auken i løyvingane til trygderefusjonar 9,5 mill. kroner.