St.prp. nr. 71 (2003-2004)

Om endringar i statsbudsjettet for 2004 som følgje av takstoppgjera for psykologar og fysioterapeutar

Til innhaldsliste

5 Avtale om driftstilskot og takstar for psykologar

I forhandlingsmøte 25. mai 2004 blei Norsk Psykologforening, staten og dei regionale helseføretaka samde om eit tilrådd framlegg til revidert avtale om driftstilskot og takstar for spesialistar i klinisk psykologi. Avtalen skal gjelde for tidsrommet 1. juli 2004 - 30. juni 2005.

Avtalen føreset i utgangspunktet ei regulering av driftstilskot og avsetning til fondet for vidare- og etterutdanning med 3,4 prosent og om lag uendra takstnivå frå 1. juli 2004. I tillegg er det avtala ei omfordeling frå takstar til driftstilskot på 17 mill. kroner for avtaletidsrommet. Samla inneber dette at driftstilskotet blir auka med vel 18 prosent, eller om lag 21 mill. kroner på årsbasis. Departementet tilrår at kap 2711 post 71 Refusjon psykologhjelp blir sett ned med 8,5 mill kroner. Til inndekking av meirutgiftene for dei regionale helseforetaka som følgje av den ekstraordinære auken i driftstilskota, tilrår departementet at kap. 732 postane 71-75 blir auka med 8,5 mill. kroner for 2004.