St.prp. nr. 71 (2003-2004)

Om endringar i statsbudsjettet for 2004 som følgje av takstoppgjera for psykologar og fysioterapeutar

Til innhaldsliste

3 Avtale om basistilskot, driftstilskot og takstar for legar

Forhandlingane mellom Den norske lægeforening, Kommunenes Sentralforbund, staten og dei regionale helseføretaka om basistilskot, driftstilskot og takstar for tidsrommet 1. juli 2003 - 30. juni 2004 tok til i midten av mai 2004. Forhandlingane er førebels ikkje avslutta. Partane held fram forhandlingane med sikte på å nå fram til ein avtale.

Før forhandlingane om rammeauken starta, blei partane samde om eit opplegg for å fjerne eigendelen på telefonkonsultasjon som blei innførd i samband med eigendelsauken per 1. januar 2004. Det er avtala endringar i takstsystemet innanfor ei nullsumramme.

Spørsmålet om eventuelle meirutgifter for folketrygda som følgje av ein ny avtale frå 1. juli 2004 vil ikkje kunne leggjast fram for Stortinget til handsaming i vårsesjonen. Departementet bed difor om fullmakt til å gjere endringar i trygderefusjonane som følgje av den avtalen partane eventuelt kjem fram til. Den endelege løyvingssaka vil bli lagt fram for Stortinget seinare.