St.prp. nr. 73 (2002-2003)

Om trygdeoppgjeret 2003

Til innhaldsliste

5 Skattereglane for pensjonistar i 2003

Dei særlege skattereglane for pensjonistar i 2003 er i hovudsak ei vidareføring av skattereglane frå 1992.

Alderspensjonistar

Frå og med den månaden skattytaren fyller 70 år, får han kvar månad eit særfrådrag i inntekta på 1 530 kroner. I 2003 utgjer fullt særfrådrag for heile året 1 530 kroner x 12 = 18 360 kroner. Har skattytaren etter fylte 67 år teke ut alderspensjon etter § 19-4 i folketrygdlova, har han òg rett til slikt særfrådrag (eventuelt avkorta om vedkomande ikkje har teke ut full alderspensjon). Særfrådraget vert gitt i allmenn inntekt, dvs. inntekta som ligg til grunn for utrekning av felles-, kommune- og fylkesskatt. Pensjonistar med avtalefesta pensjon (AFP) har ikkje rett til særfrådrag.

Uførepensjonistar

Skattytarar som får førebels uførestønad eller pensjon av di arbeidsevna er varig nedsett med minst to tredelar, skal i 2003 ha eit særfrådrag i inntekta på 1 530 kroner pr. månad, tilsvarande 18 360 kroner for heile året. Viss arbeidsevna er nedsett med mellom halvdelen og to tredelar, skal vedkomande ha eit halvt særfrådrag. Særfrådraget vert gitt i allmenn inntekt.

Særskild skatteavgrensingsregel

For skattytarar som har rett til fullt særfrådrag etter dei reglane som er nemnde ovanfor, skal det ikkje reknast ut skatt når den allmenne inntekta til skattytaren før særfrådrag er under 85 200 kroner for einslege og 138 300 kroner for ektepar. Ved utrekning av inntekta skal ein leggja til 2 pst. av skattepliktig formue over 200 000 kroner.

Dersom inntekta ligg over dei fastsette skattefrie grensene, skal ein i utgangspunktet rekna skatt av heile inntekta etter dei ordinære reglane for pensjonistar. Skatten skal likevel ikkje overstige 55 pst. av den allmenne inntekta (før særfrådrag) over den skattefrie beløpsgrensa. Skatten vert på denne måten avgrensatil maksimalt 55 pst. av den allmenne inntekta som ligg høgare enn beløpsgrensene.

Denne regelen gjeld òg for skattytarar som tek i mot overgangsstønad, etterlatnepensjon eller avtalefesta pensjon (AFP). Den særskilde skatteavgrensingsregelen vert brukt ved utrekning av trygdeavgift, felles-, kommune- og fylkesskatt. Regelen vert ikkje nytta ved fastsetjing av toppskatt eller skatt på formue.

Trygdeavgift

Satsen for trygdeavgift på pensjonsinntekt mv. i 2003 er 3 pst.