St.prp. nr. 74 (2002-2003)

Om endringar i statsbudsjettet for 2003 som følgje av takstoppgjera for legar, psykologar og fysioterapeutar mv.

Til innhaldsliste

1 Bakgrunn

Avtaletidspunktet for dei einskilde avtalane om basistilskot, driftstilskot og takstar for legar, psykologar og fysioterapeutar er 1. juli.

Ved oppgjeret per 1. juli 2002 blei det gjeve tillegg med ei økonomisk ramme svarande til 6,4 prosent for legane, 6,2 prosent for fysioterapeutane og 5,5 prosent for psykologane. Reguleringane fekk verknad frå same dato.

Dei respektive organisasjonane og staten, Kommunenes Sentralforbund og dei regionale helseføretaka har no ført forhandlingar om avtalar for tidsrommet 1. juli 2003 - 30. juni 2004. Avtaleframlegga har noko ulik utforming. For legane inneber avtalen ein samla auke i takstar, fondsavsetningar og basistilskot/driftstilskot med 1,0 prosent, for fysioterapeutane ein auke med 1,2 prosent og for psykologane ein auke med 2,0 prosent. Rammejusteringane er rekna per 1. juli 2003. Skilnaden i rammeauke for dei einskilde gruppene har samanheng med ulike overheng i takstar og driftstilskot inn i 2003, ulik utvikling i kostnader og ulike inntektsnivå.

Ved handsaminga av budsjettet for 2003 fatta Stortinget vedtak om at eigendelane for legehjelp, fysioterapi og psykologhjelp skal auke med 4,0 prosent frå 1. juli 2003. I tillegg blei det vedteke ei ekstra auke i eigendelane for laboratorieprøver på 12,5 mill. kroner for 2003 (halvårsverknad). Det er teke omsyn til dette i løyvingane til refusjonar for 2003.

I St.prp. nr. 65 (2002-2003) har regjeringa gjort framlegg om at eigendelane skal aukast med 10 prosent i staden for 4 prosent frå 1. juli 2003. For røntgenundersøkingar er det gjort framlegg om 20 prosent auke i eigendelen. Som følgje av dette er det gjort framlegg om nedsetjing av refusjonsløyvingane i proposisjonen.

Auken i honorartakstane som følgje av dei nye avtalane får difor full verknad i refusjonsutgiftene.

Da ordninga med driftstilskot for legar, fysioterapeutar og psykologar blei innførd i 1984, var føresetnaden at driftstilskotet skulle utgjere om lag 40 prosent av gjennomsnittleg omsetnad for dei ulike gruppene. For legespesialistar og psykologar utgjer driftstilskotet no 20 til 25 prosent. For å auke desse prosentdelane noko, er det avtala ei omfordeling frå takstar til driftstilskot for desse to gruppene. Som følgje av dette blir det gjort framlegg om å auke overføringane til dei regionale helseforetaka med 48 mill. kroner, mot tilsvarande reduksjon i refusjonsløyvingane. Medrekna påslaga som følgje av takstoppgjera blir refusjonsløyvingane difor samla sette ned med 5,5 mill. kroner.